Registrer stats

fredag 15. august 2014

Tacofredag

Denne tacovarianten er litt sunnare enn den heilt vanlige fredagstacoen, fordi både tacokrydder og salsa er heimelaga. Eg har prøvd meg på å lage tacolefsene før òg, men dei får eg ikkje like bra til som butikken, og då er det faktisk ikkje verdt det. Tacokrydderet og salsaen derimot, det meiner eg blir minst like bra om ein lagar det sjølv.


Tacokrydder:
  • 3 ss chillipulver
  • 2,5 ts chiliflak (knuste)
  • 2,5 ts tørka oregano
  • 2,5 ss spisskummen
  • 2 ss paprikapulver
  • 2,5 ts kvitløkspulver
  • 1,5 ss havsalt
  • 1,5 ts cayennepepper.
Bland alle kryddera saman og oppbevar på eit tett glass, så har du til eit par tacofredagar framover. Lag gjerne meir òg når du først er i gang.

Tacofyll:
  • 400 g karbonadedeig
  • smør eller olje til steiking
  • 1/2 løk, finhakka
  • 1 kvitløksfedd, finhakka
  • 1/4 rød chilli, finhakka, visst du likar sterk mat
  • 1 ss heimelaga tacokrydder
  • 1-2 dl hermetiske tomater, hakka, avhengig av kva konsistens du ønsker på fyllet ditt
Fres lø, kvitløk, og eventuelt chilli, i smør eller olje til løken er blank og mjuk. Sett til side. Steik så karbonadedeigen og strø over tacokrydderet. Bland godt saman. Etter eit par minutt tilsetter du løkblandinga. La det stå og surre i nokre minutt. Tilsett så dei hermetiske tomatane, og la det småputre i 5 minutt på lav varme. Smak eventuelt til med meir tacokrydder.
Guacamole:
  • 1 avokado
  • 1 tmat
  • 1/4 rødløk
  • Jalapeno
  • Koriander
  • Sitron
  • Salt og pepar 


Ta ut "kjøtet" av avokadoen. Skvis det med ein gaffel. Det skal vere litt grov konsistens. Ta ut innmaten av tomaten. Finhakk tomat, rødløk og jalapen. Blad saman med avokadoen. Smak til med litt koriander, ein dæsj sitron, salt og pepar.

Tomatsalsa:
  •  1/4 rød paprika, i grove biter
  •  1/4 rød chili, i grove biter
  •  1/4 rødløk, i biter
  •  1/2 boks hermetiske tomater
  •  1 ts tomatpurè
  •  frisk koriander
  • 1/2 lime, presset
  • salt og pepar


Ha paprika, chili, løk, tomater og tomatpure i ein bolle og finhakk med ein stavmikser. Evt ha det i ein foodprosessor om du har det. Tilsett olivenolje til du får passelig/ønska konsistens, og smak til med limesaft, salt, pepar og koriander. La gjerne salsaen stå ei stund før servering, slik at de gode smakane får satt seg.


Server som "vanleg norsk taco" med skjell/lefser, salat, grønsaker, rømme og ost :)


 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar