Registrer stats

onsdag 20. august 2014

Oppdatering

I går var eg på standar svangerskapskontroll hjå legen min. Det pleier ofte å vere lang ventetid, men i går kom eg ikkje inn før nesten 3 timar etter avtalt tid! Eg går no berre heime og ventar, så for meg gorde det no forsåvidt ikkje noko å sitte der å vente.. Uansett, så kunne legen bekrefte det eg allereie visste; Knøttet vil ikkje ut. Han har om mogeleg kava seg enda høgare enn han var sist. Eg er sikker på han har surra føtene rundt lungene mine og liksom klatra oppover.. Jaja, eg har det egentlig ikkje travelt, eg gledar meg berre sånn til å sjå han, holde han og kjenne den deilige babylukten! Tenk når det i tillegg er din baby sin lukt! Sukk.

Alt var forøvrig bra med Knøttet, og UL bekrefta at hovudet faktisk ligg nedover. Eg var litt bekymra for dette sidan søstra mi fødte i seteleie utan at ho visste det, samt at dei fleste av mine fettere har komt i sete, og eit par andre slektningar har komt med ein arm og ein fot først.. Eg syntes difor det var best å forsikre meg om at Knøttet sikta riktig veg!

Symfysen var, naturleg nok, heilt ute å kjøre. Legen forsikra meg om at det var ikkje ein kjempebaby inni der, men at kurven tar utgangspunkt i at babyen har sunket ned i bekkenet på dette stadiet i svangerskapet. Når Knøttet då heller klatrar opp, vil naturlegvis symfysemålet vere høgare enn "normalt". Han gjentok at dette ikkje er farleg, berre eit tegn på at Knøttet nok vert verande ei stund til. #overtid :/


Formen er framleis fin, så eg kan jo ikkje klage om det vert overtid. Eg håpar berre dei slepp å sette fødselen i gang, men den tid den sorg. Det kan jo hende han bestemmer seg for å krype nedover, og plutselig kjem rundt termin likevel..? Det er jo tross alt lenge til enda :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar