Registrer stats

tirsdag 12. august 2014

Eg lurar på..

.. om Mr. O er redd for at eg skal få eit nytt samanbrudd.. Neida, egentlig gjer eg ikkje det, men han er så veldig hyggelig og hjelpsom for tida! Fredag raste jo verden min litt saman for eit lite øyeblikk, då eg hjelpeslaus stod og såg på medan magen min sprakk opp i strekkmerker. Veldig merkelig følelse. Eg trykte nevane i mot, og liksom håpte at eg kunne stoppe utviklinga! Eg ringte til Mr. O, som sikkert trudde at nokon hadde mista livet slik som eg hulka. Stakkars mann. Det tok litt tid før eg fekk formidla kva som faktisk hadde skjedd. Heldigvis sa han ikkje "var det alt" eller noko. Han berre var der i andre enden og høyrte på hulkinga mi ei heil stund, før han sa "eg kjem heim!". Klokka var 15 på ein fredagsettermiddag, så han meinte det sikkert ikkje skjedde noko meir fornuftig på kontoret uansett. Han kom heim og fant meg i senga, godt innpakka i dyna, med store hovne auge og heilt tett nase. Han la seg ned og holdt rundt meg, og slik låg me til eg fekk henta meg innatt. Takk, Mr. O, for at du handla akkurat slik eg trengte.


Me lagde middag saman, og koste oss med den og litt seriesjåing. Eg konkluderte med at livet kunne ikkje stoppe opp, og at eg skulle gå til søstra mi på besøk, og at han skulle gå til ein kamerat, som me hadde avtalt. Han kom heim ein gang etter kl. 6 på lørdagsmorgon, og me skulle liskom på IKEA til det opna. Hmm.

Mr. O hatar shopping, forresten. Verkeleg HATAR det! Eg har difor tatt meg av alt slikt aleine fram til no, men etter siste tur på IKEA der eg baksla heise med å få med meg ein svær parasoll, konkluderte eg med at eg er for gravid. Eg treng ein sterk mann med meg. Eg valgte faren til barnet mitt, og eg angrar. Det var ein skikkelig utrivelig tur. Eg var i dårleg humør fordi han var så sein heime, sjølv om han visste me skulle avgårde, samtidig som eg var uendelig trist etter hendelsen dagen før fremdeles. Eg hadde sovet kjempedårlig, og han hadde omtrent ikkje sovet i det heile. Pluss på då det nevnte faktum at han hatar shopping, og du har utgangspunktet for ein flott dag.

For å gjere ein lang historie kort, så endte det med krangling på IKEA og ei gravid kone som grein heile vegen heim. Ikkje berre, berre med alle desse hormonane. Eg syns synd på oss begge i ettertid. Begge kunne ha gjort det til ein bedre dag, men ingen av oss ville, fordi me var sure på kvarandre. Lenge leve stahet. Uansett, så snakka me godt ut om det i ettertid, og eg fekk satt litt ord på ting. Det hjalp nok han å forstå kvifor eg aldeles havarerte på IKEA.


Sannheten er at eg har følt meg litt aleine i dette svangerskapet. Eg hadde sett for meg at me skulle kose oss mykje meir saman. At me skulle skru møblar og snakke om framtida. Fantasere om kva Knøttet skulle få som hobbiar og kven han ville ligne på. Dykk tar tegninga. Det har jo ikkje skjedd. Mr. O har vore ekstremt opptatt dei siste månadane med rydding i løa som skal rivast, og ikkje minst med å prøve å få i stand båten. Eg er forsåvidt einig med prioriteringen, men på ein dårleg dag så drit eg loddrett i båten, og ville heller hatt han her med meg. På ein god dag derimot masar eg, og vil at han skal jobbe fortare, så eg skjønnar jo at det ikkje er så lett for han å forstå kva han liskom skal velge, heller. Uansett, så trur eg han har skjønt at det skrantar litt på formen min. Eg okkar meg meir enn normalt, og balar med å sitte i sofaen pga plassmangel til lungene. Alt er tyngre enn for ei veke sidan, og er trur ikkje det tempoet eg kjører no kjem til å holde så veldig mykje lengre. Difor vil eg få ting gjort no, og det trur eg Mr. O har insett at er lurt. I tillegg er han som sagt så hyggelig!

Eg har malt litt til rommet til Knøttet, me snakkar enkle og barnslige dyr. Det ser litt ut som eit mellomstort barn har mala dei, synes eg då.. Mr. O skryt og skryt. "Den elefanten blei jo skikkelig bra då!" "Det vart jo faktisk supert!" Hm, tenker eg.. I går fekk eg òg ein kommentar på fiskesuppa mi; "Du har virkelig stålkontroll på fiskesuppa altså! Det blir dritgodt kvar gang du lagar det. M-m-m". Hm, tenker eg igjen..


I tillegg har han skrudd opp krokar, flytta ymse gjenstander, monter babycallen, støvsugd under sofaen og rydda på loftet! Alt etter lørdag.. Uansett om han gjer det for å avverge eit nytt samanbrudd, eller om han berre fekk redebygging-ånden over seg han òg, så er eg feien! Det er så godt å krysse av ting på lista mi! :)

Takk til deg Mr. O - eg veit du gjer så godt du kan, og at det ikkje er så lett med meg alltid. Takk for at du har fiksa båten òg! Det kjem me til å ha mykje glede av seinere! Du er flink! <3


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar