Registrer stats

fredag 1. august 2014

Gravid veke 36

For akkurat ein månad sidan skreiv eg at det var siste innspurt. Då skreiv eg om jobbinnspurt. Eg var så innsilt på å gå tida ut, og skreiv at akkurat no, om 4 veker, set eg kanskje og skriv blogginnlegg etter min siste dag på jobb. Vel, eg set her og skriv, men ikkje etter min siste dag på jobb. Det gjekk ikkje heilt, og eg blei sjukemeldt fra mine siste 7 vakter på jobb. No er det imidlertid ein ny innspurt som startar. Siste innspurt av svangerskapet. Eg er inni den niande, og siste, månaden som gravid - i teorien. I praksis kan eg jo føde i september, men eg kryssar fingrar, armar, bein og alt anna, for at Knøttet kjem i august!


Det er med skrekkblanda fryd at eg no må bla heilt til enden på babyverden for å finne veka mi! Dei skriv denne veka at Knøttet er 2700 gram og 44 cm lang! Vidare skriv dei at fordøyelsessystemet framleis ikkje er modent, men at det heller ikkje er fult ut modna før barnet er 3-4 år gamalt! Dei beskriv òg alle plagar mor kan ha, og ber far vere tolmodig med redebygginga. Gjer som du får beskjed om er vel budskapet. Hører du det, Mr. O? :)


Denne veka har eg vorte betraktelig mykje større. Det kjennes i alle fall slik ut. Eg begynnar å merke at det å ta på seg sokkar og sko kjem til å verte ein utfordring om nokre veker. Knøttet presser til tider lungene mine i hjel, og eg har tidvis bein på størrelse med tømmerstokkar. Gledar meg til han synk lengre ned, sjølv om eg forsåvidt har forstått at det medfører andre plagar. Misforstå meg rett, for eg har det veldig bra. Formen er fin, og eg kvilar meg mykje. Eg putlar på i huset, og no nærmar me oss heilt klare. Eg har skrive ei "todo" list, og me hakar oss sakte men sikkert gjennom den :)


Sjukehusbagen er nesten klar, bøkene eg har fått er lest, utstyret til Knøttet er på plass, og eg tar no ferie med god samvittighet. Eg er offisielt ferdig med sjukemeldinga mi, og tar no ei veke ferie før permisjonen startar om ei veke! Atter ein gang tar eg meg i å måpe over kor raskt tida går!! Knøttet kan komme KORTID som helst. Eg prøvar å innstille meg på at det kan faktisk vere heile 6 (!!) veker att, men det håpar eg verkeleg ikkje at det er! No gledar eg meg så uendelig mykje til å treffe han, at det er heilt villt! 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar