Registrer stats

fredag 26. september 2014

Urtehage

I sommar fekk eg meg ein mini-urtehage! Det er stor stas å ha! Eg kjøpte ei komodeskuff på IKEA i billigkroken, til under 100-lappen. Deretter laga me hol i bunn for drenering, la over nokre aviser og kjørte på med jord. Så planta eg 9 sortar urter; Peppermynte, Basilikum, Oregano, Kviløk, Salvie, Sitronmynte, Sitronmelisse, Grasløk og Timian.


Dette gjekk strålande heilt til dette evinnelige regnet kom tilbake til oss. Skuffa er jo ei inneskuff, og ikkje akkurat lagd for vestlandsterrassar. Resultater er at skuffa har ramla i fra kvarandre, men at urtene har det bra! Så no må eg finne ein ny plan for dei..


Det kan i alefall varmt anbefalast å ha ein urtehage. No som eg har tatt tak på kjøkkenet og berre lagar mat heilt i frå grunnen av, kjem dei jaggu godt med. Eg er dagleg ute på terrassen og plukkar med meg friske, godtluktande, gode urter! Gøy!



Urtene er sjølvsagt handla hjå Blomsterverkstaden.

 

Tips: Dersom du plantar heile kvitløksfedd, så veks det opp kvitløksgras, akkurat som grasløk. Du kan hakke det opp og ha det i supper/salater/gryter osv. 








 

fredag 19. september 2014

Dagane flyr

Tenk at me har vore heime med lille Eirik i 16 dagar allereie! Det er heilt sprøtt kor fort tida går. Alle dagane sklir litt saman, og eg skjønnar ikkje heilt at det er mulig for timar å forsvinne så raskt. Me har ingen rutine enda, og det tenker eg at er greitt. Eirik er tross alt ikkje 3 veker ein gang, så det er vel litt tidlig å begynne å stresse med det. Han et når han vil, søv når han vil - og kor han vil, og grin litt innimellom. Han er ikkje veldig feien med å sove aleine enda, men det tenker eg at sikkert går seg til etterkvart. Nokon gongar går det heilt fint å legge han ned i redet sitt, og han har fleire gongar sovet 4 timar samangengende i det, i si eiga seng, medan andre gongar vaknar han umiddelbart når ein legg han ned. Då får han lov å sove på mamma eller pappa sitt bryst. Det er berre koselig! :) Me vekslar med andre ord på å bruke eiga seng og samsoving. Dei første 14 dagane sov han i saman med oss kvar natt, men sidan mandag har eg prøvd å legge han i eiga seng først. Det føltes heilt unaturlig å legge han der i starten, men det blir så varmt når han søv saman med oss, så eg trur eigentlig det er betre for han å sove aleine. Likevel klarar eg ikkje å vere streng på det på nokon som helst måte. Dersom han grin og/eller gjer uttrykk for at han ikkje trivs oppi der aleine, så er han meget kjapt tilbake i mammaen sine armar.

Ellers så et han ganske ofte, men det gjer heller ingenting. Det er stort sett berre koselig og sitte med han i fanget, synge til han og stryke på den mjuke huden. Så luktar han jo sååå godt òg! Av og til på kveldstid kan det likevel bli litt voldsomt mykje amming, så me har så smått begynt med smokk. Han har i følge tanta mi, som er helsesøster, eit stor sugebehov, og eg skulle ikkje ha dårlig samvittighet for å begynne med smokk så tidlig. Eg hadde tenkt å avvente, sidan eg las på ammehjelpen at "Bruk av smokk de første 4 leveukene var assosiert med en signifikant lavere forekomst av eksklusiv amming ved 1 mnd." I følge helsesøster er dette individuelt, og eg kunne sjå vekk i frå det, sidan Eirik åt så godt, hadde så bra sugetak ved amming og hadde lagt på seg så mykje sidan fødselen. Eg kryssar fingrane for at det stemmer! :)

No ligg Eirik ute i vogna si og søv. Det er første gang han verkeleg har funnet roen i vogna, og han har stått ute lenge no! Eg har babycallen på plass i vogna, samt rundt halsen, men det hjelper ikkje så mykje. Eg har vore ute og sett til han minst 10 gongar sidan eg kom heim frå tur. Mr. O sa så fint at eg trengte ikkje babycall dersom eg uansett skulle stå rett attmed vogna.. Lurar på kortid eg blir litt mindre bekymra? Satsar på at det også går seg til av seg sjølv. Dette er jo faktisk første gongen eg har vore "vekke" frå han, med unntak av doing og dusjing, så då er det vel lov å vere litt hysterisk, eller? Nei, no må eg visst ut å sjå til han igjen. Me snakkast!

 God helg frå ei litt overnervøs mamma :)


torsdag 18. september 2014

Eye-Fi

... er noko nytt og spanande som eg fekk til bursdagen av Mr. O. Eg hadde snakka om å kjøpe smart camera, evt ønske meg det til bursdagen, men eg konkluderte med at eg ikkje ville det. Eit smart camera er forresten eit kamera som har WiFi, og som dermed kan laste bileter direkte på nett.  Enkel og kjapp tilgang til Facebook og blogg med andre ord - veldig praktisk og gøy :) Grunnen til at eg bestemte meg for å droppe det er at mobilen min, HTC one, tar veldig gode bilder, så eg klarer meg med det til vanlig. I tillegg har eg eit speilreflekskamera, Nikon D3000, som eg er veldig fornøyd med! Det brukar eg alltid dersom eg skal ta litt planlagte/finare bilete, og slik hadde det nok framleis blitt dersom eg hadde kjøpt eit smart camera. Du får såklart smart camera som tar mykje bedre bilete enn mobilen, men då kostar det plutselig veldig mykje meir!

      
 
Mr. O likar gadgets, og fant ut at det fantes noko gøy, som kanskje passa midt i blinken til meg - eit WiFi-minnekort til speilreflekskamera mitt! Eye-Fi-kortet settes rett i PC-en, så kan du innstallere programvara som ligg lagra på minnekortet. Dersom du treng meir hjelp, finn du det her. På baksida av plastbeholderen minnekortet kjem i, står det ein kode. Den brukar du til å altivere kortet på mobilen din (og padden, og så videre). Eye-Fi har ein eigen App som du kan laste ned i Play-butikken. Du skriv så inn koden og er i gang. Når du setter minnekortet i kamerat og tar bilder etter at du har installert EYE-FI på PC og mobil, vil bildene automatisk bli lasta opp på PC/mobil. FANTASTISK, i alle fall i teorien..

          
 
Som du ser frå mine screenshot, har eg fått ein app som heiter Eye-Fi på menyen min, samt eit orange WiFi-tegn oppe i venstre hjørne. Bildene eg tok med kamera lasta seg kjapt inn på mobilen, og eg fekk tilgang til dei frå det vanlige galleriet umiddelbart. Eg var kjempefornøyd!
Dessverre var fortsettelsen litt dårlegare. Bildene hadde ikkje lasta seg opp på PC-en. Når eg les testar på Eye-Fi, ser eg at kamera må stå på i lang tid, helst i nærheten av PC-en for at bileta skal laste seg opp der. Den fantastiske teknologien treng med andre ord litt meir arbeid for å få opp farten litt! 

Alt i alt er eg uansett veldig fornøyd. Det virkar superbra på mobilen, og det er faktisk det viktigste. Så vanskelig er det ikkje å sette minnekortet i PC-en og overføre bileta!

Tusen takk Mr. O :)


 

mandag 15. september 2014

Mammaen til Eirik

For 2 veker sidan kom verdens skjønnaste gutt til oss! Han blei født 01.09.2014, kl. 13.09. Han vog 3835 g og var 52 cm lang. Han fekk navnet Eirik, og stjal hjerta til mammen sin umiddelbart. Han hadde mykje mørkt hår og eit våkent blikk fra første stund. Han var rett og slett heilt perfekt og mammen blei so stolt! Han løfta hovudet, kasta seg over på sida og spente i fra med utenkelige krefter. Barnelegane skraut over han og sa han var ein kraftplugg, så mammen blei stolt - igjen.

Sidan då har me hatt mange oppturar, og nokre nedturar, og mammahjerta har blitt stolt mange gangar til, men det har også verka og vridd seg. Det er heilt utruleg å kjenne på så mange følelsar. Ein har jo vore glad og lei seg før, og ein har vore stolt over eigne prestasjoner og over andres prestasjonar. Ein har og elska andre og vore redd for å miste dei. Likevel kan ingenting av dette målast, eller samanlignast, med det å verte mamma. Ikkje for meg i alle fall. Det er så ubeskrivelig intenst. Eit lite klynk, eller ein liten grimase frå det vesle vidunderet er alt som skal til før mammahjerta knyt seg. Det strammar seg heilt over brystet, tårene presser på bak augelokka og det verker i brystene. Heile kroppen alarmerer om at eg må passe på denne vesle tassen. Kroppen min fortel meg at det er min jobb - mitt ansvar. For ein skrekkblanda fryd det er. Du er min. Min baby, min sønn, mitt vidunder og mitt ansvar. Så overveldande, men likevel så fint. Kjærligheten til denne vesle skapningen fyller kroppen min fra topp til tå, og det vert nesten for mykje, for hånd i hånd med denne kjærligheten går frykt og bekymring. Plutselig har eg så alt for mykje å miste.


Desse 14 dagane har vore heilt magiske. Me kosar oss og prøver å berre nyte tida. Eg gledar meg sånn til fortsettelsen!