Registrer stats

mandag 18. august 2014

Fødebag

Den evinnelige fødebagen nærmar seg klar. Eg synes det var veldig vanskelig å pakke den, eg. Nokon plassar les eg at du skal ikkje ta heilt av - det er dårleg plass på sjukehusrom, og så vidare. Andre stader er det meir "bedre føre var". Eg bur jo eit stykke frå sjukehuset, og ein veit jo aldri kor lenge ein vert, men Mr. O kan jo såklart komme med påfyll.. Resultatet her ser uansett ut til å verte ein GEDIGEN bag!


For å byrje med bagen då, så er den kjøpt på Ellos. Eg har lenge tenkt på at eg trengte ein weekend bag, og no var det endeleg ein grunn for å slå til. Den var på 70% salg forrige veke, og den verkar å vere av god kvalitet, men skal sei den er svær! Når eg no har pakka ting ned i den, ser eg jo likevel at den vert full. Det bringer meg tilbake til at dette var vanskelig. Kva treng ein eigentleg på sjukehuset? Sikkert nesten ingenting, men ein vil jo gjerne føle seg vell og då..

Desse mappene er kjøpt på ebay, og skal seinere oppi stellebagen. Dei er merka med extras, clean & dirty. Eg har no brukt dei for å sortere litt av det eg skal ha med meg.

Her kjem ei liste over det som har havna i min bag, pluss ei liste over det som skal pakkast "i sistse liten":
  • Nøtter og proteinbarer
  • Te til barseltida, som skal fremme melkeproduksjon.
  • Ammeinnlegg i ull, samt  fleire eingangsinnlegg.
  • 2 ammebher i ulike størrelser
  • Store bomullstruser og ein boksar.
  • Sokker, inkludert eit par ullsokker (fordi det står skrevet overalt at ein plutselig kan bli veldig kald på beina etter ein fødsel...?)
  •  Pysj - med knapper i overdelen
  • 2 joggebukser
  • 3 singletter/topper som er vide og behagelige, samt lette å amme i.
  • Ein ammegenser - kjøpt her
  • To trøyer
  • To bluser, som er litt finare, men også ammevenleg.
  • Ei dungeribukse (som passar no og)
  • Ein kjole frå ebay. Den er lett å amme i, vid og behagelig, samt fin. Tanken er å reise heim i den. (Anbefales forøvrig til dei som ikkje er gravid/ammar og - billig og fin kjole! :) )
  • To sjal. Dette anbefalte søstra mi. Tanken er at eg kan gøyme meg litt bak dei, enten det er magen som føles slapp, eller melkespreng som viser på singletten..
  • Slippers
  • Mjukt toalettpapir
  • Eit skift til Mr. O
  • Helsekortet 
  • Høretelefoner - musikk for å slappe av under fødsel, eventuelt også på barselavdelinga.
  • Paracet (tips frå andre, då dei ofte syntes det tok lang tid å vente på smertestillande etter fødsel)
  • Litt lesestoff: Spedbarnsboka, ei ammebok, samt "boka om deg" som skal fyllast ut til Knøttet.


  • Dette skal pakkast "rett før avgang":
  • Toalettsaker
  • Lader til mobil
  • Kamera 
  • Lommebok

Endå eg har pakka så mykje er det plass att i den gedigne baggen. Der skal då dei siste tinga pakkast når fødselen faktisk er i gang. Lurar på når eg pakkar den heilt ferdig...! SPANANDE!


Håpar eg har alt eg treng, og at det vertfall ikkje er HEILT ufornuftig pakka. Kunne sikkert spart meg for dei blussane, men det er jo litt kjekt å slenge dei utpå ein singlett når familien er på besøk. Som sagt, så vil ein jo sikkert føle seg litt vell, sjølv om det skal vere praktisk and all...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar