Registrer stats

onsdag 20. mai 2015

Boble

Eg begynner endelig å nærme meg heilt frisk, men no er Eirik ikkje i form. Han balar med magen sin, så det er dårlig med søvn om dagane. Han er henvist for å få meir hjelp no, så håpar dei finn ut av det snart! :)

Ellers er eg i ei boble for tida. Ei neongrøn, positiv, veldig sosial, men travel og altoppslukande boble. Eg har begynt som distributør for noko som heiter It Works. Det er ein hudpleieserie som er 100 % naturlig. Altså består den berre av urter - ingen parabener, kjemikalier o.l. Produktene er virkelig gode. Eg har ikkje brukt dei så lenge, men merkar allereie at hudormane mine har blitt bedre :) I tillegg har eg sett dei i bruk på så mange no at eg ikkje lengre er i tvil. Dette fungerer. Det må vere dei beste antiage-produkta nokon sinne!
I love it!

www.ghs.myitworks.com

I tillegg er det ein kroppswrap i serien, den hjelper kroppen å kvitte seg med avfall ( i tillegg til å stramme opp hud, redusere strekkmerker/cellulitter osv. men det er ein bonus). Visste du at eit voksent menneske kan ha opp til 10 kg(!) med slagg og elendighet i tarmene sine. Det er ganske brutalt det.. Ugg.

www.ghs.myitworks.com

Uansett, så går mykje av den ledige tida mi om dagane med på dette. Skaffe kunder, lage reklameflyers, stå på stand, arrangere demoer, lage annonser til avisa, skaffe distributører osv. Travelt, men gøy! Det kjekkaste er at det viser etter veldig raskt! Då eg holdt på med Tupperware var eg månedens beste selger omtrent kvar måned (sjølvskryt!), men eg vart på ingen måte rik av det likevel. Pluss at eg måtte ha eit gedigent lager av ting heime (som eg fremdeles har på loftet), og eg måtte ned på lageret for å hente bestillingen kvar måned, påkke den opp og fordele den i posar til kundene, og så levere til kundene. Det tok mykje tid det! No bestiller kunden i min nettbutikk, så kjem det i posten heim til dei. Så lett! Eg har lagt ut ganske mykje penger på dette, på utstyr, stand, printing osv, og likevel ser det ut til at eg skal gå i ein solid pluss denne måneden! Veldig gøy når hardt arbeid lønner seg!

Eg er evig optimist, og tenker at dersom eg står på no, jobbar beinhardt, så kan dette bli ein flott biinntekt for meg på sikt! =)

Snakkast når bobla mistar litt luft :)


torsdag 14. mai 2015

Sjukling i feriemodus

Me har hatt det heilt fantastisk i Spania! Familie, barnelatter, varmt, sol, avslapping, kos, is, sangaria, strand og Kepler er oppsummeringa over minnene eg har danna meg desse vekene! ❤ Det er alltid tungt å komme heim til kalde Norge etter ein slik fantastisk tur. Ekstra tungt blir det når ein kjem heim til eit kjemperotete hus (sjølvforskyldt), ei dobbelseng dynka i inntørka katteurin (den døra vil vere lukka fra no av..), og ei sjuka i full anmarsj (maks hat)!

 

I dag er formen endelig litt bedre. Eg kan ikkje huske å ha vore sjuk på denne måten nokon sinne. Det har vore dritvondt å bevege augene - det kjentes ut som om senene bak auga var alt for korte, og det reiv i dei ved den minste bevegelse! Hjernen min kjentes ut som den var dobbel så stor som vanlig, og den pressa brutalt på kraniet. Det gjorde vondt i hårfestet og kvar ein muskel i kroppen skreik om nåde når eg bevegde meg. Uff, eg får heilt ildt berre eg tenker tilbake på det! Som sagt er eg mykje bedre i dag, så eg satsar på å vere omtrent frisk i morgon! Hurra! :)


Huset er framleis heilt på halv 8, til tross for at Mr. O har prøvd å få litt orden her på kveldstid. Det er ikkje så lett når eg ikkje gjer noko i løpet av dagen, og utgangspunktet var total havari. Håpar me får gjort ein skikkelig innsats i helga. Oi, shit, no kjem eg på at det er 17. mail allereie på søndag. Tida går så fort! 


Apropos at tida flyr, så har Eirik runda 2/3 år! Eg har ein plan om å skrive "Eirik 8 månader!", men som de kanskje skjønna er ikkje fokuset heilt på blogging om dagane - men plutselig! Det gledar eg meg forresten til å skrive! Det har skjedd så utrulig mykje i det siste! Me reiste til syden med ein stor baby, og kom heim med ein liten gut!