Registrer stats

fredag 28. november 2014

Navnefest

16. november 2011 fridde Mr. O til meg på toppen av Kilimanjaro, og 16. november 2014 hadde me Navnefest for Eirik. Det var heilt tilfeldig, men litt ekstra gøy at det havna på same dato. Tenk kor vanvittig ansleis livet vårt var den dagen vs no. Det er heilt vilt å tenke på kor mykje som har skjedd på dei 3 åra.


Navnefesten vart arrangert av Humanetisk forbund. Det var ein flott seremoni i Grieghallen, med sanginnslag, tale og utdeling av navnetavler. Me var veldig spent på forhånd, sidan me aldri hadde vore på noko lignande før, og me vart veldig fornøyde! Kan absolutt anbefale dette videre. Tidligare har det vore vanskeleg å få plass til mange gjestar, forstod eg, men no som det er flytta til Grieghallen var ikkje dette noko problem. Dei satt av 22 plassar til kvar familie, og ein kunne ønske seg enda fleire ved behov.


Samtidig som sermonien var veldig fin, var den effektiv. Det var veldig greitt at det ikkje var noko ekstra mas og tjas, for babyar (og foreldre) kan jo fort verte utålmodige dersom ting drar ut i det vide og det breie.


Etterpå reiste me "heim", på Smiths møte- og selskapslokale, for middag og kaffi. Det vart servert ei deilig hjortegryte med nybakt brød, og medbrakte kaker fra ymse familiemedlemmar.


Eirik sov seg gjennom heile sermonien i Grieghallen, bilturen heim, middagen og kaffien! Me måtte vekke han litt før klokka 18. på kvelden, for å få tatt nokre bileter med han før me skulle gå heim. Alt i alt var dagen ein kjempesuksess med andre ord!


Tusen takk til alle som hjalp til, deltok og ikkje minst - takk for så mange flotte presangar! :) Eirik er veldig, veldig heldig! :)


torsdag 27. november 2014

Jula nærmar seg med stormskritt

... så her kjem ei lita ønskeliste frå familien Hella Skiftesvik, for dei som måtte sjå nytte i det :)

Eirik ønsker seg for det meste leikar. Dersom nokon ønsker å kjøpe klær til han så er det frå størrelse 68 som er aktuelt. Me trur dette byggetårnet kan vere artig å ha om nokre månader, og dette lekedyret såg jo veldig kjekt ut!

Zolo Boa Ringleke med lyd 6M+
Kushies.no
Zolo Fuzzi Lovebug sansestimuli lekedyr med lyd 0M+
Kushies.no
    

Eirik på bading :)



No har me jo gått på bading med Eirik nokre gongar, og det ser ut som han synes det er veldig kjekt! Difor tenkte me at ei permanent babebleie kunne vere noko også :) Då er det av typen 6-11 Kg som er aktuelt.







Ellers ønsker mor og far seg litt praktiske ting i år. Det meste er plukka ut av meg, men er trur Mr. O kan få glede av nokre av tinga også!

Me samlar på Kosta Boda glas av typen "Chateau". Me har fått ein god del vinglas, men me manglar mykje enda. Mellom anna treng me desse whiskeyglasa, og desse vannglasa.

Eg har alltid lyst på nye kokebøker, og no står desse høgast på ønskelista:

Latterlig enkelt, latterlig godt
Bilete er henta her, og der kan du og kjøpe boka :)
90 retter til Ingrid Espelid Hovig
Bilete er henta her, og der kan du og kjøpe boka :)




















Med nye oppskrifter kjem ofte behovet for nytt kjøkkenutstyr, og det som er mest savna i heimen no for tida er pastamaskin og iskrembolle til Kitchen-aiden.

Eg har kjøpt eit par julepakkar, men det gjenstår mange enda! Eg tenker å hyve meg rundt ein dag neste veke, så forhåpentligvis kjem eg eit stykke lengre på veg då. Det viser seg at det er ikkje like effektivt med julehandling med baby. Misforstå meg rett, for til no har Eirik sovet fint i vogna på alle shoppingturane, men det frister liksom ikkje å gå rundt i mange timer med han - det er mykje kjekkare å vere heime og leke og kose! Difor vert det litt sånn kjapt og gale når me er innover på shopping, men me skal nok få handla ferdig julepakkane til slutt likevel :)




mandag 24. november 2014

Dagen Eirik kom til verda

I starten av svangerskapet mitt bekymra eg meg mykje for fødselen. Søstra mi hadde nyleg født, og det var litt i overkant dramatisk. Alt gjekk heilt fint, men det var overhodet ikkje som ho hadde tenkt, og ho kunne fortelje at det var forferdeleg vondt!! Mamma hang seg på og "forsikra" meg om at jo, det er heilt ubeskrivelig vondt. Ein kan berre ikkje forklare det. "Eg huskar eg låg der og tenkte at om dei no hadde kløpt av meg ein og ein finger og kasta dei ut vindauga, så hadde det liksom vore litt sånn, jaja - what ever" - sitat mamma.. Ho avslutta med noko som dette: ein fødsel varar i gjennomsnitt 8 timar. Det er jo ein vanleg arbeidsdag. Ein arbeidsdag med mykje smerter. Det går jo over. Det må ein jo klare. Det skulle sikkert berolige meg, men det gjorde det ikkje..

Etter ei stund berre slutta eg å tenke på fødselen, og jo nærare den kom, dess rolegare vart eg egentleg. Det fekk gå som det ville. Eg tenkte som så at dette er eg jo bygd for å klare. Alle mulige folk har jo gjort dette før meg, så det var klart eg skulle få det til også! vondt ville det såklart verte, men eg var heilt innstilt på at dette skulle eg få til.

Eg har tidligare skrevet om den siste helga som gravid her, og som eg skriv der hadde eg gått med maserier både lørdag og søndag. Då eg våkna mandag var det derimot heilt noko anna. Eg våkna av meg sjølv litt over ni, og kjente at riene var av anna karakter. Det var ikkje veldig vondt, men rimelig ubehagelig. Eg skjønte raskt at no var det i gang på ordentlig, og at eg innan ganske kort tid ville ha Eirik ute hjå meg. Det var heilt spesielt å ligge våken og berre tenke på det. Berre eg i heile verda visste at no kom han. Eg låg ei stund og funderte på korleis dagen ville utvikle seg, og eg var fremdeles heilt roleg. Eg kvidde meg ikkje til  fødselen som venta, eg berre gleda meg til å helse på Eirik.

Eg vekte Mr. O og fortalte at no var det virkelig i gang. Han stod opp og steikte rundstykker og kokte egg, medan eg gjekk i dusjen. Riene kom ofte, men var av lav intensitet, og eg hadde ingen smerter i mellom riene. Eg prøvde å ete frukost, men fekk liksom ikkje ned noko, så eg endte opp med å berre spasere rundt i ring i stua. Mr. O forsikra seg om at eg hadde det bra, før han gjekk opp på kontoret for å få unna det siste han hadde hengende over seg før fødselspermisjonen. Eg blei gåande i stua. Klokka nærma seg no kvart over ti, og eg valgte å ringe inn på KK. Eg hadde lasta ned ein app på telefonen, som fortalte meg at riene kom med ca. 3,5 min mellomrom, men det gjekk framleis bra. Eg var så innstilt på at dette her skulle verte tusen gangar verre. Dama på KK var av utenlansk opprinnelse og strevde fælt med å forstå etternavnet mitt. Eg måtte stave det, og det viste seg å vera vanskelig med fødehjerne, så eg endte opp med å måtte stave det pinlig mange gangar! Det var heilt merkelig å prøve å få hjernen til å fokusere på å stave det nye etternavnet mitt, for hjernen var liksom ein heilt annan plass. Eg huskar at eg byrja å le, fordi det var så surrealistisk at eg overhode ikkje fekk det til!

Til slutt fekk eg formidla til dama i telefonen at eg hadde det bra, men at riene kom ganske hyppig. Ho spurte kvar eg budde, og då ho forstod det var ein time å kjøre til sjukehuset, spurte ho om eg klarte å gå heime lengre. "Det er så langt for deg å verte sendt heim igjen", sa ho. Eg er av typen som pressar meg til eg spyr på trening dersom instruktøren utfordrar meg, så det er kanskje ikkje heilt uventa at eg forsikra ho om at det var ikkje det det stod på. Klarar å gå heime, du liksom. I ettertid kan eg jo angre på at eg ikkje berre reiste inn då..

Det endte altså opp med at eg fortsatte å gå i ring i stua mi ein god time til. Intensiteten på rien auka sakte men sikkert. Eg fant fram ein varmepose, og holdt den mot korsryggen. Dette holdt smertene i sjakk, men eg begynte å verte ganske nysgjerrig. Eg ante jo ikkje kor i forløpet eg var. Eg tenkte tilbake på då eg sprang halvmaraton i Tanzania, og ikkje ante kor langt det var igjen. Eg såg for meg løypa og prøvde å huske alle detaljane langs vegen. Slik gjekk tida, og før eg visste ordet av det nærma klokka seg halv tolv. Eg var no så lei av å ikkje vete kor landet låg, at eg ropte på Mr. O, og me vart einige om at klokka tolv reiste me inn - uansett.

Eg hadde vore på do sikkert 20 gangar allereie den morgonen, og eg gjekk ein gang til før eg skulle begynne å gjere meg klar til å reise. Eg snakka heile tida med meg sjølv i hovudet, og forberedte meg på at dette kom til å ta tid. Eg gjekk framleis å venta på at vatnet skulle gå, for eg hadde jo lest at når ein kom eit stykke ut i forløpet gjekk som regel alltid vatnet. I og med at det ikkje hadde gått forestilte eg meg at eg kanskje hadde 5-6 cm åpning. Medan eg var på toalettet denne siste gangen, auka igjen intensiteten på riene. Det gjekk frå litt vondt til veldig vondt på den eine ria, og eg fekk ikkje lenger pause i mellom riene etter dette. Det var kontinuerlig ubehagelig, og eg huskar at eg tenkte at så vondt kan eg ikkje ha i så veldig mange timar. Eg begynte difor å forberede meg på at han i allefall kom i løpet av samme dagen.

Klokka var no ti over halv tolv, og eg sa til Mr. O at no var det så pass vondt at eg ville kjøre med ein gang.  Eg var ikkje lenger like rolig, og tårene stod i augene mine. Eg var sint, og sa til Mr. O at det var jo ikkje sånn det skulle vere! "Eg skulle jo få pause i mellom riene!" Me pakka saman siste tinga, tok på oss ytterklær og gjekk ut døra. På trappa fekk eg ei ny ri. Den var igjen heilt ulik riene eg hadde hatt til no. Det var heilt hinsides vondt. Eg snudde på helane og gjekk inn igjen. Eg lente meg over kjøkkenbordet og tårene trilla. Stakkar Mr. O visste ikkje kva han skulle gjere. Han meinte jo at dersom det var så vondt, måtte eg jo forte meg i bilen, ikkje stå her å kaste vekk tid. Han hadde så klart rett i det, men berre tanken på å gå ut og sette seg i bilen var heilt avskrekkande. Eg tenkte tilbake på bilturen heim lørdagskvelden, då var det berre maserier på gang og det var ubegahelig. Eg skjønte at det kom til å verte ein utrivelig tur til byn. Eg var òg skikkelig sulten, og raska med meg nokre plommer før me endelig kom oss i bilen. Klokka var no 11.46.

Vegen til sjukehuset vart overhode ikkje som eg hadde forestilt meg på forhånd. Eg klarte ikkje lenger å kontrollere smertene, og skreik til på kvar ri. Det var framleis vondt i mellom riene også, og eg huskar eg slo rundt meg i bilen med varmeposen min, samtidig som eg desperat prøvde å få i meg den evinnelige plomma. Kvar gang det kom ei ny ri tok eg tak i den bøylen over bildøra, kneip og drog i den av alle krefter. Det kom nokre banneord, smertehyl og mange stille forsiktige "au-au-au-au-au-au-au".
Mr. O begynte å verte ganske uroleg. Då me kom til alversundsbrua, altså litt under halvvegs til sjukehuset, måtte me stoppe på rødt lys. Han spurte om me hadde tid til det. Eg var forberedt meg på ein lang fødsel, og eg hadde mota meg opp til å ha min livs utfordring. Dette skulle verte mange gangar verre, og pågå ei heil stund, det var eg overbevist om. Eg sa til Mr. O at me hadde nok det, men at han kunne godt gje på likevel, for det var ikkje akkurat behagelig å sitte i bilen.

Han slo difor på nødblinken og sneik seg fremst i køen. Han fortsatte å kjøre litt fortare enn vanlig og tida gjekk utrulig fort! Plutselig var me ved IKEA, og sjukehuset nærma seg med stormskritt. Problemet var at no hadde eg så vondt at eg holdt nesten ikkje ut. Eg fekk Mr. O til å ringe inn til KK, for å sei at eg hadde ombestemt meg med tanken på Storken - eg ville ha smertestillande likevel! Ikkje tale om at eg skulle ligge å ha så fryktelig vondt i mange timar der inne. Det var gløymesak. Han ringte og akkurat då fekk eg ei ny ri. Dama i telefonen hørte så klart det, og ville sende ambulanse. Me forklarte at no var det berre motorvei igjen, så det var like kjapt å kjøre sjølv.

Sjølv om det var utenkelig vondt på dette tidspunktet var det eg som minna Mr. O på autopass-brikka, og eg som ba han sakke ned for kamera i Fløyfjellstunnellen. "Det rekk me ikkje" svarte ein ganske stressa Mr. O - "er du klar over kor mange sekund me tapar på å bremse fra 120 km til 80 km i timen?!" Eg var fremleis innstilt på at dette skulle ta tid, og forsikra han om at det gjekk bra. På Danmarksplass satt me igjen på nødblinken og sneik oss i feilt kjørefelt for å sleppe å stå i køen. Trur du folk tok hintet og lot oss sleppe inn i riktig felt igjen då? - Nei! Er ikkje det litt rart å ikkje respondere når ein bil kjører med nødblink i krysset opp til sjukehuset? Jaja..

Me svingte av til KK og tok parkeringsbillett i bommen kl. 12.36. Mr. O kjørte heilt til døra, og eg innsåg at eg fremdeles satt og klomholdt på ei skvist plomme. Eg blei berre sittande i bilen, litt paralysert. Det var så vondt no at eg visste ikkje kor eg skulle begynne med å røre på meg ein gang. Mens eg satt å vurderte alternativa mine, kom det ei kvitkledd dame ut og spurte om eg var Gina. Ja, svarte eg, og plutselig var dei ein heil gjeng der med båre og heile pakken. Dei fekk meg utav bilen og opp på båra på eit eller anna vis, og vips så var me på veg inn på KK. Dei trilla meg inn i ein heis, og det var forferdelig vondt over "dørstokken". Eg gispa, og damene såg på kvarandre. Dei var veldig forsiktig utav heisen, så trilla me litt til. Dei stoppa opp, og den eine dama sa til meg at no kom det ein ny hump i det me skulle inn på Storken. Eg slo ut med armane for å stoppe båra og ropte "NEI!" Dei blei litt satt ut av at båra stoppa opp, og spurte kva som var problemet. Eg prøvde å forholda meg rolig, og sa at me hadde jo ringt og gitt beskjed om at skulle ikkje på Storken likevel. Eg skulle ha smertestillande - NO. Dei slo saman hendene mine, og sa at dei skulle ta ein kontroll på korleis me låg an først. Eg innsåg at eg trengte hjelp til å overtale dei, og begynte å leite etter Mr. O med blikket. Eg fant han ikkje, og før eg visste ordet av det var me komt inn på ei fødestue, og eg var lempa over i ei dobbelseng.

Jordmora fekk av meg bukse og truse og spurte om vatnet hadde gått. Eg var opptatt med å vere sint for at eg ikkje fekk smertestillande, og brydde meg ikkje med å svare ho. Er det mulig? Makan til frekkhet, men der og då føltes det heilt naturleg å berre fryse ho ut. Endelig kom Mr. O. Dei gjer meg ingenting, klagde eg fortvila til han. Han kom bort til senga og tok meg i handa. "Har du ikkje fått noko?!" spurte han litt forskrekka. Jordmora braut inn no og spurte om det var EDA eg tenkte på. Eg kunne fortelle ho at det var ikkje nøya KVA eg fekk, så lenge eg FEKK noko! Ho kom no heilt bort til meg, og sa heilt rolig at det var altfor seint for smertestillande, og at gutten som kom forøvrig hadde mykje hår!! Eg innsåg no at det var aller siste innspurt. Eirik var så godt som ute allereie. Dette hadde dei tydeligvis anntatt allereie då Mr. O ringte fra bilen. Kunne dei ikkje informert meg om det litt før då? Eg trudde jo oppriktig at eg skulle ligge der med så hinsides vondt i mange timar enda.

No som eg visste det var sluttspurten, gjekk eg med på å forholde meg til jordmora, til ein viss grad. Ho innsisterte på å kle av meg på overkroppen, noko som var veldig godt meint. Babyen skulle komme på brystet mitt umiddelbart etter fødsel, for å kickstarte båndingen, og melkeproduksjonen. Eg var imidlertid ikkje særlig innstilt på å kle av meg midt oppi alt. Det var så umenneskelig vondt, og i mellom riene, var det berre så vidt levelig dersom eg låg heilt i ro. Eg fekk med meg at nokon sa "der gjekk vatnet", og det kjente eg jo.. Mr. O meiner dei tok det ved å stikke hol, og det kan godt hende. Eg fekk berre med meg følelsen.. Jordmora drog i trøya og gjenntok at babyen kom NO, så den måtte av. "Nei, nei, nei, au, au au" var responsen... Stakkars jordmor. Det er mange detaljar rundt heile opplevelsen som er vekke, men eg huskar godt kor godt det var å ha Mr. O i ryggen. Eg endte tydeligvis opp på tvers i senga, med hovudet ut på langsida. Mr. O satt i ein stol bak meg, og eg holdt han i hendene bak hovudet mitt. På kvar ri drog eg han i hendene, og drog meg sjølv lengre utav senga og over i fanget hans. Dette merka eg ikkje undervegs, men eg huskar at dei masa om ein hodepute. "Du ligg så dårlig, vil du ikkje flytte deg bedre inn i senga". "NEI!". Ny ri, og meg lengre utav senga. "Eg forstår at du har veldig vondt no, men det er viktig at du får babyen rett på brystet ditt, så no må trøya av". "NEI!". Ny ri og meg enda lenger over i Mr. O sitt fang. "Ta i alle fall denne puta under deg, så du ikkje dett i mellom". "NEI!". Uff, stakkars folk.. Til slutt fekk dei Mr. O med på laget, og dei pressa igjennom at etter neste ri, SKULLE trøya og toppen av. Samtidig som alt dette maset pågjekk var det ei jordmor til der, som til stadighet drog meg i beina. "Hold føttene høyt!", "kom igjen, ikkje slepp føttene ned!" Igjen, så forstår eg jo at dette er viktig for riktig fødestilling, og for å få mest styrke i riene, men gud så irriterende.

For meg vart det veldig overveldande med så mykje mas og beordring. Det blei for mykje å ta inn. Smerten var altoppslukande, og dei få sekunda eg fekk pause mellom riene ville eg berre slappe av, og ikkje høre på tusen beskjedar om kva eg "gjorde feil" og burde gjere bedre under neste ri. Med Mr. O med på laget fekk dei til slutt overtalt meg til å sammarbeide om å kle av meg, og jaggu hadde dei rett, for på neste ri kom Eirik.. Eg skjønte ikkje heilt kva som hadde skjedd, eg. Eirik låg plutselig på brystet mitt, og han var heilt blå. Eg fekk ikkje den akkutte morsfølelsen, men fokuserte på at det låg ein baby på meg, og at den var blå. Eg eller Mr. O må ha kommentert det, eller kanskje dei såg det sjølv, men jordmora sa i allefall at alt var heilt i orden, og at det ikkje gjorde noko. Eirik grein, og eg innsåg sakte men sikkert at dette var MIN baby. Eg var ferdig. Eg var fremdeles litt i sjokk over at det hadde gått så fort, men ja, det begynte å gå opp for meg at eg var blitt mamma. Eg snudde meg mot Mr. O, og han smilte med tårer i augene. Eg klemte Eirik inntil meg, og alt rundt oss vart gløymt.

Endelig mat, og ikkje minst - salami!!!
Det skjedde mykje på kort tid. Jordmora fortalte meg i ettertid at eg hadde hatt 5 pressrier på fødestua, 5!. Det var det, så var Eirik ute klokka 13.09. 33 minutter tok det fra me trakk parkeringsbillett i bommen, til han låg på brystet mitt. Det føltes lengre. Samtidig som det føltes kortare. Det var nok følelsar og tankar til å fylle eit halvt liv, samtidig som tida berre flaug avgårde i ein slags blur. Nokon ting er heilt klare, og eg kjem aldri til å gløyme dei, medan andre ting er heilt uklare. Det at eg låg utav senga er det for eksempel Mr. O som har fortalt meg. Eg huskar berre noko mas om ein evinnelig pute.. Alt i alt er eg veldig fornøyd med egen innsats, Mr. O sin innsats og Jordmødrene sin innsats. Dei gjorde jo berre jobben sin, og sjølv om det var litt (veldig) irriterande der og då, så var det jo verdt det etterpå! Eg er så evig glad for at eg slapp unna den lange fødselen eg hadde forberedt meg på, og til tross for at det var heilt ubeskrivelig og umenneskelig vondt når det stod på som verst, så var eg faktisk innstilt på at det skulle vere verre, og hadde det vore verre, så hadde det uansett vore heilt verdt det, for no er eg Mamma til verdens beste, skjønnaste, snillaste, nydeligste, vittigste og mest perfekte Eirik! <3




tirsdag 18. november 2014

LUN - plantegninger

 For kvar dag som går får eg meir og meir lyst å komma i gang med nya huset. Eg gledar meg sånn til å flytta inn! Eg innser jo at det er lenge til enda, men helledussen kor utålmodig eg er likevel!

Me har gjort ein del endringar i frå dei orginale tegningene til Nordbohus. Eg vil benytta muligheten til å skryta av Villanger, som er forhandlaren me handlar hjå. Me har tegna om i fleire omgangar og ombestemt oss litt i hytt og pine. Plutselig har me angra oss og endra plasseringen av ein vegg eller ei dør, og meir en ein gang har me sendt mail seint på kvelden med små endringar som å bytte ut eit vindu med ei dør og lignade. Dei ordnar endringar omtrent på dagen, og klagar aldri på at me er vinglete. Heller tvert i mot - dei er veldig forsåelsesfulle for at dette er huset me skal bu i for alltid, og at skal det vere akkurat som me ønsker. Dei skal til og med ordne det sånn at me får gå på visitt i to tilsvarande hus dei har bygd, slik at me får eit enda bedre bilde av korleis det vert til slutt. Fantastisk service med andre ord, men nok om det!

Plantegningane i dette innlegget er henta frå roomscetcher. Denne linken er til Lun-huset, og er funnet på Nordbohus sine sider. Der kan du og finne tilsvarande tegninger til dei andre husa dei leverer.

Her kjem dei orginale plantegningene:

1. etage
2. etage
Våre tegninger endte opp som dette:

1. etage
2. etage
Me har altså bytta om på første og andre etagen, for å utnytte utsikten maksimalt. Som de ser har me større terrasse på vår utgave av huset, i tillegg til at me har flytta den over på andre sida av kanappen.

Ellers har me ofra eit soverom for å få større vaskerom og bod i første-etagen vår. Me har valgt å bygge ein walk-in-garderobe med skyvedører fra soverommet vårt i andre-etage, samt å ofre ein liten bod for å få stort og romslig bad oppe. Bodplass er forsåvidt veldig kjekt å ha, men det vert stort loft over halve andre-etagen vår med 190 cm under taket, så då vart den boden ganske lett å ofre.

Det er eg som har tegna i roomscetcher, så det at mål og størrelserer feil i forhold til kvarandre er min feil. Det er det som er så supert med dette programmet, at du sjølv kan flytte på alt og bygge opp huset som du vil. Deretter leverer du tegningene til til dei som kan det, og så får du skikkelige tegninger med riktige mål som vert levert i byggesøknaden.

Dersom du skal bygge hus, og velger å bruke roomscetcher, vil eg anbefale å lage mange variantar. Eg lagde 5 første-etager og 4 andre-etager, så printa me ut alle variantane og studerte dei fleire gangar, med fleire vekers mellomrom. Ein etter ein vart luka ut, til me satt igjen med dei variantane som er vist her. Eg er veldig glad for at me har hatt så god tid til å bestemme oss, for no er me så innmari fornøyde! Berre synd me ikkje kan flytte inn med ein gang!


tirsdag 11. november 2014

Forberedelsar

På søndag skal me ha navnefest for Eirik. Eg er veldig spent på sermonien, då eg aldri har vore på human-etisk navnefest før, men satsar på det vert bra! Sermonien skal vere i Grieghallen, så skal me ha middag og kaffi meir lokalt etterpå.


Tidlegare har eg og søstra mi laga invitasjonar og bordkort, og denne veka er det baking som står i fokus. Eg skal lage makroner, muffins og sjølve "dåps"kaka. Det betyr at eg har litt på meg, men det burde gå bra :)


Heldigvis har me gjort det meste så enkelt som mulig, i tillegg til at me har hanka inn hjelp hjå mange rundt oss, så eg trur det skal verte ein flott dag! 

søndag 9. november 2014

Første farsdag i hus :)

I dag feirar me farsdag for første gang! Det vil seie at pappen i huset fekk sove lenge, og stod opp til speilegg, kaffi og pakke :)

Deretter har pappen og Eirik lekt og kost i heile dag, medan mammen har rydda og vaska hus. Skal sei eg gledar meg til morsdag :)


Ha ein fin søndag :)


fredag 7. november 2014

Paprika- og rødløksdipp

Chipsen eg inntar lørdagskvelden smakar ofte ekstra godt med dipp til, men posane med dipp frå butikken er unødig mykje sukker og andre greier i. Så kvifor ikkje lage dippen sjølv?

Ingredienser:
  • Crème frâishe
  • Spisspaprika
  • Rødløk
  • Kvitløk
  • Salt og pepper

Framgangsmåte:

Eg brukar quick chefen til Tupperware når eg lager dippen.  Hell begeret med Crème frâishe i bollen. Ha oppi ein-to spisspaprika (avhengig av størrelse), ein halv rødløk og eit kvitløksfedd.


Bland alt saman. Smak på dippen  undervegs for å finne ut kor mykje paprika og rødløk du ønsker, og smak til slutt til med salt og pepper.


Tips: Dippen har godt av å stå nokre timar i kjøleskapet før servering, då den er litt rennande når den er nylaga.

tirsdag 4. november 2014

Offisielt i gang!

No er det over 2 år sidan me kjøpte huset me bur i. Me kjøpte det usett, tre dagar etter at me oppdaga at det var for salg. Huset er fra tidlig 1900-talet, og var gamaldags innvendig, og ikkje i tipp topp stand akkurat.. Gulrota var at tomten var på 3,5 mål, og at med på kjøpet fekk me eit eldgamalt nøst og garnhus, samt kai og båtplasser - berre nokre minutter frå huset! Dette var me VELDIG interresert i, og me bestemte oss kjapt for å satse, og krysse fingrar og bein for å få mulighet til å bygge draumehuset vårt på tomten på sikt.

Bilete er henta her.
Draumehuset heiter forøvrig LUN, og vert levert av Nordbohus, og dei som ønsker å sjå fleire bileter, og lese meir om huset kan gjere det her.

Som overskrifta tilseier er me no i gang! Me har gjort nokre endringar på huset og tegningane er no klare. Me har tegna kontrakt i dag, og draumen er no eit skritt nærare! Det er framleis mykje som skal klaffe for at dette skal gå smertefritt, og me må spare så mykje me berre klarar framover. Det betyr shoppestopp (igjen) for min del, og eg har difor (med tungt hjarta) sletta ebay-appen og H&M-appen min, og meldt meg utav alle ebay-grupper på facebook.

Det vil nok ta nokre år enda før me faktisk er i hus - men den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjeves!