Registrer stats

torsdag 14. august 2014

Knøttet sin sjukehusbag

For nokre dagar sidan kom den nye stelleveska mi i posten! Det skal komme eit eige innlegg på den når eg har brukt den litt som stelleveske. Den er forøvrig fra Storksak, og er av typen Elizabeth. Den er kjøpt for pengar eg fekk av foreldrene mine til 25 årsdagen, og eg tenker at den kan brukast som vanleg veske på sikt! Den er i lyst skinn, og er så fin!


I første omgang har den fått funksjon som Knøttet sin sjukehusbag. Eg har pakka ned alt eg trur Knøttet kan få bruk for, så får me sjå om det stemmer...


Eg har starta med å fylle dei kjekke smålommene som er langs kanten på veska.  Eg har pakka bleier, i den minste størrelsen, og stellematta som følger med veska, i eit siderom. I neste siderom har eg pakka gassklutar i ymse størrelsar. I dei mindre sidelommene på motsatt side har eg pakka håndsprit (utan parfyme/lukt o.l.), forebyggande fuktighetskrem for sår stump og ein smokk (ja, eg veit at ein skal vente med smokk til amminga er komt skikkelig i gang, så den blir nok ikkje brukt). I neste smålomme har eg pakka te som skal få fortgang i melkeproduksjon og ein proteinbar (det var visst til meg og ikkje til Knøttet, ja. Kanskje eg skal flytte det over i mi veske...) På bunnen av veska har eg lagt ein pakke med våtservietter.


På bunn av veska ligg også dette flotte strikkesettet som Knøttet har fått av mommor, altså mamma. Tanken er at han skal reise heim i det.


I tillegg har eg pakka to sparkebukser som heimreiseplagg. Den eine er i str 50, den andre i str 56, så då skal i teorien ei av dei passe bra!


Eg har pakka ei nattdrakt i str 50, og ei i str 56. Samt ein sparkedress til i str 50, og ei bukse i str 56. Eg har òg pakka nokre bodyar i begge størrelsane, ei smekke, ei hue, tynne vottar og ymse sokkar.


Eg lurte også oppi denne utruleg skjønne seleshortsen, tilfelle det er veldig varmt og fint ein dag. Kanskje han kan bruke den på bilete som avisa tar? Den er pitteliten, så det er ein viss fare for at den aldri kjem til å passe, men kanskje då dei første dagane på sjukehuset..

Eg synes eg har pakka ganske mykje, sikkert meir enn eg treng, men likevel blir det ein liten stabel, gitt. Skjønne,  koselige miniatyrklær :)


I tillegg til alt dette har eg pakka ein papp-E, samt ei lita veske med pappbitar, pensel og fingermaling. Kanskje får me tatt eit håndavtrykk og eit fortavtrykk medan me er der.. Dersom det vert aktuelt, håpar eg me får avtrykk på denne E-en òg... Til slutt fekk eg pressa nedi eit helseteppe, eit fleezeteppe og ein liten kosekanin :)


Då var bagen klar og stappfull, så håpar eg me har alt me treng, slik at Mr. O slepp å gå stressa heime og leite etter noko eg føler me skulle hatt inn til oss...


Legg gjerne igjen tips dersom du sitt og tenker at eg skulle hatt med noko anna lurt til Knøttet :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar