Registrer stats

mandag 25. august 2014

Laks med potet- og sellerirotmos

Det blei plutselig heilt kortreist middag i dag, sidan me på veg heim frå fiskehandling ramla over ein sideveg med skilta "poteter" og "gulrøtter" i eit tre. Perfekt! Me handla difor nokre kilo av dette i tillegg, og det blei ein riktig så god middag av det heile!



Eg kokte oppdelte poteter og sellerirot i ei panne. Når det var mørt blanda eg inn litt smør, fløte, salt og pepper og lade ein mos.



Medan potetene kokte, krydra eg fisken med salt og pepar, før eg steikte den i ildfast form på 200 grader i ca. 12 minutter.



Samtidig raspa eg gulrøtter, skar opp agurk (frå drivhuset til ei venninne), og lagde ein kvitløksdressing av rømme, kvitløk, grasløk, salt og pepar.


Fiks ferdig middag på under 30 minutt! :)





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar