Registrer stats

tirsdag 22. mars 2016

Et mysterium

Eg kan ikkje fatte og begripe korleis folk i fullt arbeid, med barn, klarer å bygge hus! Det er jo så mange møter, synfaringer, avgjøresler som skal taes og ting som må gjerast heile tida. Eg syns me til stadighet er på møter, enter det er kjøkkenplanlegging, gjennomgang med elektrikker, eller med malere. Flaks for oss at eg jobber 50 % natt - i teorien. No har det vore galskap på jobb, så eg har vel strengt talt jobba 150 % i februar, men likevel. Eg har i allefall litt tid innimellom på dagtid til å gjere slike ting, for det er jo ikkje slik at dei har åpent til Mr. O er ferdig på jobb for eksempel.


Jaja, no begynner detaljene å falle på plass, så eg rekner med at det minkar på møter og styr framover. Eg trur me har tatt alle avgjørelsane som skal takast, så no gjennstår det berre å vente på at malarane skal verte ferdig, slik at me får lagt gulv. Når det er gjort er det berre listing, montering av kjøkken/baderom/garderobe, og utvask som gjennstår! Helledussen! :)

2 veldig slitne folk etter ein heil dag med farting og bestemmelser, og ein litt mindre sliten som velger ut farge til rommet sitt heilt sjølv =)






onsdag 16. mars 2016

Endelig planløsning

Tidligere har eg lagt ut plantegningane våre, der eg viser endringer frå dei orginale tegningane.
Etter kvart i byggeprosessen har me møtt på nokre utfordringar, som har resultert i at me har endra litt på andre etasjen sidan den gangen. Me har valgt å fortsette trappa opp på loftet. I utgangspunktet var det luke i taket, og stige opp, men sidan det er 190 cm under taket, og store areal der oppe, konkluderte me med at me ville ha skikkelig trapp heilt opp. Det var ikkje så lett som me, og utbyggar først tenkte, så ja, undervegs vart det litt utfordringar.

Slik såg det ut oppe før.

Ei stund såg det ut til at me omtrent måtte krype opp trappa, og snike oss inn ei dør på 90 cm. Dårlig løsning når ein først bruker mykje pengar på å komme seg opp..

Då vart det bestemt at det skulle velux-vindu i taket, for å øke takhøyden maks i trappa. I tillegg måtte trappa opp til loftet forskyvast i forhold til trappa under. Det resulterte i at det måtte opp ein støttevegg attmed trappa, som trappa kan monterast i. Då blei det "kontoret" oppe mykje smalare og meir innestengt, så me droppa egentlig det, og fant ut at at me like godt trekte veggen på kjøkkenet 60 cm mot trappa, slik at me fekk større kjøkken. 



 

Til slutt vart det ein vinn-vinn-situasjon med meir kjøkken, trap heilt opp, og eit kjempekoselig bibliotek med bokhyller på heile veggen mot kjøkkenet, plass til ein liten godstol, og peis. Det blir jo magisk. Her har me mange planer for korleis me skal få det riktig så bra, så eg gledar meg allerede til å sitte her og lese!





tirsdag 8. mars 2016

Innmat

Etter at huset vart tett til jul, har det skjedd mykje inne. Det har komt opp vegger, ventilasjon og isolasjon. I tillegg har båd elektrikker og rørlegger vore her og gjort sitt (vertfall mykje av sitt).



Av og til blir Eirik med bort for å sjå kva som foregår, og det er alltid stor stas. Det er jo så mykje å plukke på. Skruar og plankebitar overalt! I tillegg var Onki sine høreklokker med radio ofte ein slagar! På bildene er Tante Lisa og Jenny med og kikkar også.


Då alt var på plass var det tid for plating av vegger og installering av spotter. Dei er ferdig oppe, og i første etasje skal dei gjere seg ferdig denne veka. Skal sei det går unna!


Det blir så bra!! No har flisaren begynt på badene, så i løpet av helga er det forhåentlgvis ferdig!:)