Registrer stats

søndag 17. august 2014

Lammebog med smørsjy, rotfruktgrateng og smørsteikte kantareller

Det var ikkje lett å oppdrive ferskt lam på denne årstida, tydeligvis. Lammefilèt var difor for vanskeleg, og eg gjekk for lammebog. Eg er ikkje nokon stor fan av lam i utgangspunktet, og ein kan trygt sei at denne middagen ikkje endra det. Forøvrig er eg svært nøgd med tilbehøret, og kan anbefale det sterkt!

 Til meg og Mr. O brukte eg:
  • 500 g lammebog
  • fersk timian, salt og pepar
  • 1 stor potet
  • 1 stor søtpotet
  • 1/3 kålrabi
  • 1/2 sellerirot
  • 2 gulrøtter
  • 150 g ost
  • 1 dl fløte
  • 2 dl melk
  • 1,5 dl lammekraft
  • 125 g smør
  • 2 ss honning


Begynn med rotfruktgratengen, då den treng 1 time i ovnen. Sett ovnen på 200 grader, og del alle grønsakene i tynne skiver. Fordel dei så lagvis i ei ildfast form, med salt, pepar, timian og litt ost i mellom. Hell over 1 dl fløte og 1 dl melk. Topp det heile med resten av osten og sett gratengen midt i ovnen i 50 minutt.


Når omlag 45 minutt har gått er det på tide å brune kjøtet. Ha godt med smør i ei steikepanne og snu kjøtet rundt på alle sider, slik at det får ei fin steikeskorpe. Min lammebog kom ferdig krydra, men eg hadde på litt ekstra salt, pepar og timian likevel.

Skru ned temperaturen på ovnen til 125 grader, og putt eit steiketermometer i den tjukkaste delen av lammet. Bytt så ut gratengen med lammet og steik til det har fått ein kjernetemperatur på 67 grader.


Når temperaturen er nådd, tar du ut lammet og heller av all steikekrafta. Dekk så over lammet med aluminiumsfolie, og la det kvile i 15 minutt. Skru temperaturen på ovnen opp på 200 grader, og sett gratengen inn igjen. 


Dersom du har mindre enn 1,5 dl steikekraft tilsetter du vatn. Sil lammekrafta over i ei panne og tilsett 125 gram smør. Hold det på lav varme til smøret er smelta. Tilsett så honningen og gje sausen eit oppkok.
I mellomtida steiker du kantarellene i rikelig med smør. Krydre med salt og pepar.


Når kjøtet har kvilt i 15 minutt delar du det opp, tar ut gratengen og anretter det heile. Server umiddelbart.
Neste gang trur eg lammet vert bytta ut med noko anna godt. Tippar dette hadde smakt godt med både svin og okse...


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar