Registrer stats

mandag 11. august 2014

Bergensk fiskesuppe

Denne oppskrifta er henta i fiskekokeboka av Tom Victor Gausdal og Stian floer. Den kjøpte eg for ei tid tilbake, i anledning "prosjekt - et meir fisk"

Dette treng du til 2 personar:

  • 400 g sei/pale/breiflabb/torsk, fersk og delt i store bitar
  • 4 dl fiskekraft
  • 2 gulrøtter
  • 1/4 sellerirot
  • 15 g smør
  • 15 g mjøl
  • 1 ss finhakka grasløk og timian
  • 1,5 dl fløte
  • 1/2 ss eddik
  • 1/2 ss sukker
  • 1 eggeplomme 


Kok opp vatn og la fiskestykka trekke i det. Ta deretter ut fisken og rens fiskestykka for bein og skinn. Sil fiskekrafta. Lag ein jevning av smør og mjøl i ein kjele, og hell deretter på fiskekrafta litt etter litt medan du rører, slik at suppa ikkje klumpar seg. Skrell grønsakene og kutt dei i tynne skiver før du legg dei i suppa. La det heile putre til grønsakene er møre. Til slutt har du i sukker, eddik og urter, tilsetter fløten og smakar til med salt og pepar. Rett før servering vispar du inn eggeplomma, noko som gjer at suppa tjuknar og vert meir kremet. Legg deretter de kokte fiskebitane ned i suppa igjen.

Eventuelt kan du bruke tint "frossen-fisk" og fiskebuljong. Då blandar du buljongen i vatnet og trekker fisken i suppa etter at grønsakene er møre.

Server gjerne med godt brød attåt. For eksempel foccacia.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar