Registrer stats

mandag 27. april 2015

Takkekort navnefest

navnefesten sin burkte Eirik ein matrosdress som han fekk av Mommora si. Han var så skjønn i den! Eg og Mr. O matcha han med marineblå kjole, og marineblått slips.

Ellers brukte han dåpskjole som "høyrer til" "Mommor sin del av familien" - den er så fin!


 På takkekortet tok me utgangspunkt i desse bileta:

  

 Takkekortet endte opp slik:




onsdag 22. april 2015

Long time, no see :)



Det har gått i ett her sidan sist! Me har vore på shopping i Åsane og handla inn til barnerom til Eirik, så har me flytta garderoben min opp på loftet (veldig tungvint, men..) og begynt å lage rom til han nede i "garderoben". Det kjem seg for kvar dag, og eg trur det blir ganske bra til slutt! Me fekk òg med oss heim UV-drakt og solhatt til Eirik, så no er me klar for Spania om ei veke! Wii!




Ellers har me berre nytt finværet og gått masse på tur og kost oss! Å det er så kjekt med skikkelig vår!







 
 
Håpar alle nyt dagane lika mykje som me gjer! 
 
 

mandag 13. april 2015

Pasta med laks og avokadokrem

Pasta og laks kan jo varierast i det uendelige,og eg pleier egentlig å berre ta det eg har i kjøleskapet. Dersom eg har att noko av dippen etter helga brukar eg ofte den i sausen for å få god smak på den. Dersom du er lei av din laksevariant, kan du jo prøve denne vrien neste gang :)

Til 2 personar treng du:
Framgangsmåte:

Kok tagliatelle etter anvisning på pakken og steik laksen. Steik laksen nesten heilt gjennom på skinnsida, før du snur den med andre sida ned. Du ser på høgsida når du nærmar deg gjennomsteikt laks. Etter at du har snudd laksen er det snakk om eit par minutt før den er ferdig, hold varmen høg slik at du får ei sprø og god steikeskorpe på "oppsida" av laksen.


Medan tagliatellen koker og laksen steiker, lagar du sausen. Hell dippen i panna og varm opp. Tilsett melk og/eller fløte og kok opp. Smak deg fram på kor mykje dipp du ønsker. La det koke i nokre minuttar før du tilsetter osten.


La sausen småkoke medan du lagar avokadokremen.



Vend pastaen inn i sausen, fjern skinnet på laksen og server! :)

 


torsdag 9. april 2015

Sportsvogn

Eg har tidligare skrevet om vogna vår her. Eg har vore kjempenøgd med bag-delen som me brukte det første halve året. Bagen er stor, så eg har hatt god plass til vognpose, samt ekstra plass nede med føtene hans til å oppbevare ting (ekstra klær, babycall, lommebok, leikar osb.). Me brukar framleis bagen til seng når me er på overnatting rundt om, men eg trur me må slutte med det no, for no begynner Eirik å strekke seg etter kanten og prøver å sette seg opp...


I heile mars har me brukt sportsdelen på vogna og Eirik elskar det! Han syns det er så kjekt å få sitte skikkelig oppreist og sjå seg rundt. Det er veldig lett å ta ryggen opp, og å legge den ned igjen. Han søv like godt i sportsdelen som i bagen. Det eineste minuset er at eg har mista den plassen nederst i bagen til oppbevaring. Det er jo på ingen måte eit problem eigentleg, for eg har jo stort sett med meg stelleveska, men eg har no likevel tatt meg i å savne det eit par gongar..

Eg er i alle fall ekstremt nøgd med vogna, både bag- og sportsdelen! Veldig glad for at me gjekk for den! :)



mandag 6. april 2015

Gul kake

... eller suksesskake som det eigentlig heiter, vart prøvd her i påsken for fyrste gong. Oppskrifta fekk eg av bestemora mi, som igjen har den etter si mor. Veldig kjekt med slike gamle oppskrifter!


Eg syntes kaka vart god, men for min del så er den litt for søt. Neste gang tenker eg difor å ha litt maldonsalt i fyllet. Då trur eg den vert heilt fantastisk! :)


Sidan det er påske passa det jo ekstra godt å bake gul kake! Eg la òg oppå nokre marsipan- og sjokoladebitar for å få den enda meir "påskete". Det viser seg forøvrig at marsipan smakar veldig godt saman med gul krem, så det kan anbefalast! :)


Då har me allereie komt til siste dagen av denne påsken. Det vert rart i morgon når Mr. O skal på jobb igjen.. Me hadde så mange ting me skulle gjere i påsken, som ikkje har blitt gjort, så i dag prøver me desperat å få i havn nokre av planane slik at me slepp å ha dårleg samvittighet for å ha slappa av, vert sosial og berre kost oss resten av påsken... :)


søndag 5. april 2015

Det fyrste påskeegget

I går var det påskeafta og i den anledning fekk Eirik sitt fyrste påskeegg! Eg hadde eigentleg bestemt meg for å vente til neste år, men så var eg for å handle inn dei siste tinga før påskestengt, og då datt eg over eit veldig skjønt lite påskeegg...

       

Det meste av innholdet kjøpte eg samstundes. Det er to gule smokkar, eit gult minibestikk, ei gul babyskje, samt ein gul smoothie. Eg datt òg over den superskjønne sjiraffen. Det er ein tannkostholdar med sugekopp på, så no har tannkosten til Eirik fått ein fin oppbevaringsplass! :) Den eineste tingen i egget som ikkje er frå Rema er ein bambusbitering med eit bomulltøystykke hengande på. Passande nok er tøyet kvitt med gule prikkar. Denne biteringen fekk me i Goboken i forrige pakke.


Eirik vart først litt paff over at det kom så mykje greier utav egget...! Deretter byrja han å utforske :)
 

Til slutt var han tilsynelatande kjempefornøyd med både egget og innhaldet, og han gliste frå øyra til øyra!

        
 
God påske!  
 

 

torsdag 2. april 2015

Eirik 7 månader!

I går var det 7 heile månader sidan Eirik kom til verda. Det er heilt absurd å tenke på! Det er rart at noko kan gå så fort og så seint å same tid. På ein måte verkar det som om at tida har flydd, og at han berre plutselig var så stor og ferdig med babystadiet. På ei anna side føles det som om at han alltid har vore her. Eg har liksom gløymt litt korleis livet var før. Eg kan ikkje sjå for meg ein kvardag utan han, og eg klarar ikkje heilt å forstå kva eg brukte dagane mine på før...

 

Det har skjedd mykje i det siste med Eirik! Han et meir og meir fast føde, og me brukar både sjølvstyrt mattilvenning og mating. Det vil seie at me matar han med graut/most-mat med skje til nokre måltid, medan han et sjølv til andre måltid. Då gjer me han bitar av ymse mat - kjøtt, grønsaker, frukt, brød osb. I starten fekk han ikkje i seg noko av bitane, då berre saug han på dei og fekk kjenne smak og konsistens. No dei siste dagane merkar eg stor framgang. Det verkar som om at han begynner å knekke "etekoden". Det er jo ikkje så lett for dei, sidan tunga rullar seg slik som den gjer (tilpassa melkedrikking). Maten vert liksom automatisk dytta utav munnen fram til dei lærer seg å styre dette sjølv.


Han har òg fått to tenn! Den fyrste kom igjennom natt til søndag den 29. mars, og den andre kom igjennom natt til tirsdag. No pussar me difor tannebissar både morgon og kveld.


Mobiliteten har også forbedra seg mykje i det siste - han har lært å krype!! Han kryp ved å legge heile underarmen framfor seg og drar seg fram med den samtidig som han skubber med beina. Han bruker ikkje begge håndflatane slik som mange andre gjer. Han dyttar rumpa opp og spenner i frå. Han kraup slik fyrste gong onsdag 26. mars, og har sidan det fått meir og meir teken på det.
På bilete ovanfor prøvar eg å ha ein slags fotoshoot, men han var meir interressert i å fange kameraet...


Han har òg fått dreisen på sitting, men vil eigentlig aller helst stå. Han grip etter nevane mine, og når eg strekker dei ut til han, tar han tak i meg og spenner beina og trykker magen framover på eit vis. På denne måten får han strakt seg ut og reist seg opp. Då gliser han, og hoppar liksom opp og ned. Han viser med heile seg at det avr det han ville oppnå! Katten er framleis ein slagar, og når ho kjem inn i rommet vert han aldeles oppøst og kryp mot ho så fort han kan! :)

Så ja, det har skjedd utruleg mykje den siste månaden, og det er så kjekt å sjå kor flott han utviklar seg. Det einaste som er likt enda er humøret hans. For ein smilande og blid gut! Det er verkeleg ein fryd å få lov å vere Mammaen hans :)