Registrer stats

fredag 22. august 2014

Gravid veke 39



Eg drøymte at eg fekk rier i natt. Eg våkna med rier, og tok det heile med knusande ro. Eg stod opp og traska rundt i huset medan eg naut å vere den einaste i heile verda som visste at NO skulle eg verte mamma. Det heile var svært idyllisk, og eg storkoste meg. Eg konkluderte med å la Mr. O få sove, for ein fødsel tar jo tid, og det var best om han var utkvilt. Eg tok meg ein lang og god dusj, og så steikte eg rundstykker og lagde speilegg og bacon. Eg gjekk inn på soverommet og vekte Mr. O på morgonen, med ein kommentar som "No er det speilegg, og du skal bli pappa". Er det mulig. Me åt frukost medan me snakka om kor kjekt det skulle verte å endelig få møte Knøttet. Eg sendte ei melding til søstra mi og skreiv "Eg kan ikkje vere med på tur i dag, for eg er opptatt ;)", så satte me oss i bilen og kjørte til sjukehuset. Ein kan jo alltids håpe at det heile skulle skje så rolig og fint.. Eg fortalte om det til søstra mi på tur i dag, og ho sa at det var kanskje ikkje sååå lurt å begynne med egg og greier - "Plutselig så ligg du der på kjøkkengulvet og skrik etter Mr. O (Han våknar jo ikkje akkurat lett) og berre: ØØØystein! Egga svir seg!!" Eg trur jo på ingen måte at min fødsel kjem til å gå like rekordfort, men ein veit jo aldri. Kanskje like greitt å vekke Mr. O med ein gang, ja...

Som de skjønnar er det litt fokus på at fødselen nærmar seg, om ikkje heilt bevisst, så i alle fall i underbevisstheten. Etter legekontrollen har eg jo ingen tru på at fødselen egentlig nærmar seg. Eller, nærmar seg gjer den jo uansett, men eg vert oppriktig overraska om Knøttet kjem før termin, slik som ting ligg an no. Akkurat no kjenner eg at det går heilt fint, men det kan jo hende eg vert veeeldig utålmodig om eg faktisk bikkar termindatoen.. Det er fremdeles ting å ordne her heime, og eg putlar på med rydding og organisering. I tillegg har eg funnet igjen leselysten min, og det er så kjekt! Etter eg vart sjukemeldt har eg lest 6 bøker, og det har eg verkeleg savna! Det er så gøy og leve seg heilt inn i ein annan verden. Eg ler, grin og storkosar meg!

Eg er no i gang med den siste fulle veka før termin. I teorien. Det er jo litt sprøtt. Babyverden skriv denne veka at Knøttet er 3400 g og 49 cm. Ellers står det ikkje så mykje fornuftig. Dei skriv at babyen er ferdig utvikla, og at fødselen kan skje når som helst. Dei anbefalar å lade opp og samle krefter til den store dagen, og det føler eg at eg gjer. Eg putlar jo på, men det er verkeleg begrensa kva eg faktisk får gjort på ein dag. Eg søv stort sett lenge, litt avhengig av kor godt eg har sove på natta. I det siste har det vore mykje krampar i leggar og greier på nattestid, så den samanhengande djupe søvnen har det skranta litt på. Difor søv eg desto lengre. Deilig med permisjon! Eg et så frukost, og forbereder litt blogginnlegg, og middagsgreier, så er det dusjing og den daglege turen som står på tapeten. Når me kjem heim frå tur er klokka mellom 13 og 13.30 og det er etterkvart tid for å ete igjen. Då er det lunjs og litt nettsurfing eller lesing som står på planen. Deretter brukar eg nokre timar på rydding og orging, før eg lagar middag til Mr. O er heime kl. 17. Når me har ete blir det som regel ein middagskvil på 30-60 minutt, før me putlar på med rydding og orging igjen begge to fram til kvelds og litt seriesjåing (for tida Johan Falk på Tv2-sumo. ANBEFALAST). Som regel går kvelden slik. I går var eit unntak, og etter middag endte me opp med smågodt (!) og 3 episodar med idol i staden for rydding. Det får vere lov, me veit jo tross alt ikkje kortid me får slappe skikkelig av igjen. Plutselig er det kolikk og månader med frustrasjon i staden...

Alt er med andre ord fint, sjølv om eg byrjar å verte rimelig svær som de ser på bileta! No skal eg på klubb med jentegjengen, og det gledar eg meg til! Mr. O går på ferie i dag, så neste veke skal me få på plass alle dei siste detaljane, kvile og berre lade batteria til knøttet bestemmer seg for å komme :)

God helg!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar