Registrer stats

tirsdag 19. august 2014

Kremet kantarellpasta

Dette er eigentleg ein vegetar-rett henta fra Tara Smak, men eg har ein mann som er over snittet glad i kjøtt. Han er under den oppfatnning at dersom det ikkje vert servert kjøtt, då er det ikkje middag. Eg må seie meg litt einig, og har difor valgt å tilsette bacon til retten. Det er såklart heilt valgfritt, og orginalen er som sagt vegetar.

Du treng dette til 2 personar:
  • 150 g bacon
  • 250 g kantareller
  • 1 liten sjalottløk
  • 1 kvitløksfedd
  • litt hakka frisk timian
  • 200 g pasta
  • 100 g chèvre
  • 1 dl lett crème frâiche
  • 1 dl av pastavatnet
  • 0,5 dl grovhakka bladpersille 
  • salt og pepar

Slik gjer du:
  1.  Rens kantarellen. Del stor sopp i mindre bitar. Skrell og finhakk løk og kvitløk.
  2. Steik kantarellen i smør til mesteparten av væska har fordampa. Tilsett løk, kvitløk og timian mot slutten av steiketida. Krydre med salt og pepar.
  3. Steik bacon
  4. Kok pastaen i salta vatn etter anvisning på pakken og la den renne av seg.
  5. Smuldre osten i grove bitar over kantarellene. Tilsett crème frâiche og pastavatn og la det koke saman.
  6. Vend inn pastaen slik at den vert dekka med saus. Dryss over persille, og server.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar