Registrer stats

tirsdag 23. desember 2014

Prosjekt kobberspray


Eg har vore på Fretex og shoppa heim to skåler og ein vase til ein lliten penge. Eg kjøpte òg ein kobberspray på panduro, så då var det berre å spraye, fylle ogg og pynte heimen!

 
 
Den største skåla har blomsterverkstaden laga ein plantesamansetting i, medan den andre blir brukt til ymse oppbevaring.
 

Vasen har flytta saman med tre nesten identiske vasar som eg hadde frå før. Også desse er styla med blomar og pynt frå blomsterverkstaden.

 

No er Knøttet for lengst sovna, juletreet er pynta og juleplata til Kurt`n står på repeat. Ahh - her kjem julestemninga krypande! God jul =)


søndag 21. desember 2014

Konfekt - salt karamell

Så var det førjulstid, og i den anledning har eg dei siste åra laga konfekt. I år er intet unntak, og eg vil dele favorittoppskrifta her. Denne oppskrifta er på konfekt fylt med salt karamell - mmm.

Smelt 150 g mørk kokesjokolade over vannbad, og tilsett 1 ss cocosa (eventuelt delfiafett). Dette gjer eg for å få ein meir flytande konsistens, som igjen gjer at sjokoladen er lettare å jobba med. I tillegg gjer det ein litt blankare sjokolade, slik at finishen på konfekten vert ekstra bra.



Fordel sjokoladen i konfektformer. Denne gangen brukte eg former fra Tupperwear, men eg har også fra panduro og ebay, så det skal ikkje vere noko sak å få fat i.

Sett så formane i frysen, slik at sjokoladen stivnar. Samstundes lagar du karamellen.

Salt karamell:
– 1 dl fløte
– 75 g sukker
– 1 ts vaniljesukker
– 25 g smør
– flaksalt


Kok opp fløte og vaniljesukker i ein kjele, mens du smeltar sukker i ein anna kjele over middels temperatur. Vent til sukkeret blir brunt (får karamellfarge), og hell fløten forsiktig i mens du rører. Rør godt slik at alle eventulle klumper løyser seg opp. Kok blandinga vidare i ca. 10min.

Avkjøl karamellen, og pisk inn smøret med ein visp. Pisk godt, før du smakar til med salt. Knus saltet litt mellom fingrane.Obs at dersom du finknuser saltet forsvinn den karakteristiske saltsmaken i den søte karamellsmaken. Dette er ein smakssak, men eg syns det trengs ein del salt (minst 1/2 ts) for å balansere den ellers så søte sjokoladen og karamellen.

 
 
Fyll så karamellen ned i formane med den stivna sjokoladen. Sett det tilbake i fryseren, medan du smeltar 50 g kokesjokolade over vannbad. Hell denne sjokoladen over de ferdigfyltefylte formene og frys igjen. Oppbevares i kjøleskap etter at dei er ferdig stivna.
 
Enjoy! 
 
 

mandag 15. desember 2014

Kake til ettårsdag

Den skjønnaste, godaste, snillaste og herligste niesa i verda vart ett år 27. november. I den anledning skulle eg bake ei kake, og L sa at det var ikkje eigentlig noko tema, men at det gjekk i pastellfargar og dyrefigurar. Ganske frie tøyler med andre ord.


Sidan både eg og L har lagt vår elsk på Hummingbird si gulrotkake, var det også denne gangen den som var innunder lokket av marshmallowfundant.

Eg valgte å lage ein fugl av sukkerpasta, sidan det var eit slags dyretema i besøket. Fuglen forma eg for hand. Sukkerpastaen har eg farga med Wilton pastafarge.



Forøvrig var det ein kjempeflott feiring av ei kjempeflott jente! ❤ 




onsdag 10. desember 2014

Dei første hundre

  
❤ Først var eg usikker, ja heilt uviten,
og du vesle ven, var så pitteliten!
Etterkvart som tida gjekk vart me kjente,
og uant kjærleik i meg du tente ❤ 


 ❤ Du er alltid god, skjønn og snill,
men lar meg vete kva du vil!
Eg elskar å holde deg - sjå på deg sove,
klemme, lukte, og susse deg på håve ❤ 

 

 ❤ Definitivt B-menneske, som far og mor,
men når du først våknar - blidaste guten på jord! 
Du gjer meg den beste starten på dagen,
og avsluttar endå, stundom på magen ❤ 
  

  ❤ Tenk at hundre dagar alt har gått,
kvar av dei så lukkeleg - for at me akkurat deg har fått! 
Eg elsker deg av heile mitt hjarta,
og gler meg så til fortsettelsen, på det livet me har starta ❤