Registrer stats

fredag 15. august 2014

Gravid veke 38

Då har nok ei veke gått, og eg har komt igang med veke 38 av svangerskapet. Det vil seie at eg er innanfor termin. Ein reknar termin til 2 veker før, og 2 veker etter termindato. Kjem han no, er han altså heilt innanfor, og han skal vere klar for å møte verda :)

Formen er framleis veldig fin, men eg føler meg stor som eit hus. Eg prøver å trimme meg litt kvar dag, og å ete sunt, men det er ikkje alltid like lett. Det blir liksom litt og litt tyngre å gå tur, og det føles liksom så "bortkasta" å vere sunn når ein uansett har lagt på seg så mykje og er så svær! Eg blir litt sånn: ein bolle frå eller til kan vel ikkje bety noko? Problemet er jo at det vert ein del bollar samanlagt...


Babyverden skriv denne veka at Knøttet er 3200 g og 48 cm! Han er no lubben og fin, og har eit fast håndgrep. Skjelettet hardnar meir og meir, men ikkje alle bein i kroppen blir solide før etter fødselen. Det er fordi at kroppen lettare skal kunne tilpasse seg fødselskanalen. Dei skriv og at ein skal prøve å ikkje henge seg opp i termindatoen. Det er lite ein kan kontrollere igjenom svangerskapet, og når fødselen skal skje, er vel ein av tinga ein har minst kontroll over. Uansett om det blir overtid, så er det no MAKS fire veker til han er her. Det er jo godt å vete! Eg gledar meg sånn til å sjå han!


Eg tenkte eg skulle kjøre på med ein statusoppdatering i dag, så her kjem den:

På veg: 38+1
Neste kontroll:  Legekontroll 19. august
Kjønn: Gutt
Utålmodig: Litt, kanskje. Veldig klar etterkvart :)
Navn: Er bestemt :)
Innkjøp: Absolutt alt.
Vektauke: 17 kg (holy shit)
Melk i brystene: Ja, av typen "den første blanke melka"
Strekkmerker: Oh yeah, men det har heldigvis ikkje komt nokon fleire. Det betyr at så langt er dei berre i eit område under navlen. Kryssar alt eg har for at det ikkje kjem nokon fleire!
Hevelser og vatn i kroppen: Ja, ein del. Spesielt på kveldstid.
Hovudet ned: Ja, i føge jordmor har han lagt seg til.
Aktivitet: Ja, mange gangar for dagen. Bevegelsane er imidlertid heilt ansleis no en tidligare. Før var det meir sånn "vill turbo", no er det litt rolig knuffing. Rekner med det er fordi han har så dårleg plass.
Tungt: Tyngre vertfall. Det er ikkje slik at eg ikkje får gjort noko, men alt er jo tyngre en vanleg.
Kynnere: Ikkje noko særleg.
Hovudet festa: Trur ikkje det


Barnerom: Nei, men stellegangen er klar, og me har vugge i stua, samt sprinkelseng og ymse på vårt soverom. Alt er klart :)
Svolten: Ikkje slik som eg var ein periode. No er det meir som normalt.
Matkick: Bollar. Mmm...
Plagar: Litt kjedelig med dette vatnet i beina. Det er svært få sko som passar. Ellers klør magen litt. Strekkmerkene er så klart pyton. Generelt kan eg ikkje klage, altså. Eg synes mektig synd på dei med problemsvangerskap! Eg har jo hatt det fint fra dag ein eigentleg - likevel er det tungt no, og eg kjenner eg har fått nok. Tenk på alle dei som har de kjipt omtrent frå dag ein. All respekt til dei for at dei ikkje klagar seg ihjel!
Humør: Stort sett godt humør, men som eg har skrevet litt om denne veka, så har det vore nokre "samanbrudd" siste tida. Alt er liksom litt ekstra intenst, og det er svært vanskeleg å ta seg saman. Når eg først blir trist for eksempel, så blir eg så veldig trist..
Sykehusbag: Er så godt som klar. Den skal fullførast NO :)
Høygravid: Ja, og vel så det!




 
 Ha ein fin dag! Nyt sola, og goood helg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar