Registrer stats

torsdag 28. august 2014

Heimelaga fiskepinner

Til å lage fiskepinner brukte eg Lange fra Bøturen på mandag, men ein kan bruke det meste av kvit fisk. Etter å ha filetert den svære fisken, endte eg opp med ca. 1,5 kg rein fisk, så eg delte det i 2 og lagde fiskeboller av den eine halvparten og fiskepinner av den andre.


 Visst du vil prøve deg, treng du:
  • 700 g fisk
  • 2 piskede egg
  • 1 dl kveitemjøl
  • 2 dl raspa brød
  • Solsikkeolje til fritering
  • Maldonsalt
Del fisken i like stykker. Mine blei ca. 2*6 cm. Gjer så klar vispa egg i ei skål, kveitemjøl i ei, og brødsmular i ei siste skål.



Kok opp solsikkeolje til 170 grader. Dersom du ikkje har termometer, kan du stikke enden på ei tresleiv nedi olja. Dersom det boblar godt rundt skaftet er olja varm nok. 

Vend fiskestykka først i mjøl, så i egg og sist i brødsmular. Legg dei i olja, og friter dei i ca 3 min. Ta dei ut fra olja og legg dei på tørkepapir slik at dei får renne av seg. Dryss umiddelbart maldonsalt over, slik at det festar seg i olja.



Dei vart faktisk knallgode, så eg gledar meg allereie til neste gang!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar