Registrer stats

lørdag 9. august 2014

Suppe med linser og kylling

Denne suppa er kjapp og enkel og lage, og full av gode smakar! Anbefales på travle dagar. Eg har tatt utgangspunkt i denne suppa, på Trines matblogg, men gjort nokre endringar. Denne suppa kan jo varieres i det uendelige ut i fra kva grønsaker du har tilgjengelig. Slike matrettar likar eg!

Denne gangen blei det mykje suppe til oss to, men sånn er det. Eg er alltid så redd for at Mr. O ikkje skal verte mett når eg serverer suppe til middag. Trur ikkje han har gått sulten frå bordet nokon gang, så veit ikkje kvar frykten kjem i fra, men..

Eg brukte dette i suppa denne gangen:
  • 2-3 kyllingfileter i biter
  • 3 små gulrøtter i terningar
  • 1/2 gulløk i terningar
  • 1 fedd kvitløk, finhakka
  • 1 liten raud chilli, finhakka
  • 6 soltørka tomatar, grovt hakka
  • 1/2 ts raspa ingefær
  • 1 boks hermetiske tomatar
  • 1 boks ferdigkokte linser
  • 4 dl hønsekraft/buljong


Fres løk og gulrøtter i litt olivenolje til løken er blank og blaut. Tilsett så kvitløk og chilli. La det surre litt i nokre minuttar. Tilsett så buljong og hermetiske tomater. Gje det heile eit oppkok og la det så putre i 5-10 minutter. Tilsett soltørka tomat og linser mot slutten av koketida. Smak til med ingefær, salt og pepar til slutt. For ein ekstra spenst kan du tilsette litt spiskummin. Medan suppa kokar, krydrer du kyllingbitane med salt og pepar, og steikar dei i litt olje.Ha dei oppi suppa når dei er gjennomsteikt. Server umiddelbart, gjerne med foccacia, eller anna godt brød til.

 
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar