Registrer stats

fredag 8. august 2014

Gravid veke 37

I dag er ein tung dag i min gravidverden. Heilt sidan eg blei gravid har eg vore redd for dei evinnelige strekkmerka. Den siste tida har eg likevel roa meg litt, og ikkje bekymra meg for det. Eg tenkte dei kom snikande, og at eg liksom hadde merka det no om eg kom til å verte hardt ramma. Der tok eg visst feil, gitt.

Eg veit det ikkje egentlig er verdens undergang, men det føles litt sånn akkurat no. Kanskje blir det heilt greit på sikt. Kanskje vil eg sjå på magen min, med strekkmerker og det heile, og tenke tilbake på når Knøttet kom til verden og smile? Akkurat no verkar det utenkelig, men ein kan jo håpe. No ser eg på magen min og grin. Eg klarar liksom ikkje å ta meg i det, endå eg veit det ikkje er anna enn overfladisk. For eit skikkelig i-landsproblem. Eg er litt flau for at det går så hardt inn på meg, men akkurat no kan eg ikkje styre det. Eg føler meg elendig. Eg fryktar at det skal verte verre og verre. Eg føler at eg aldri meir kan gå i bikini, og samtidig føle meg bra. Eg føler at Mr. O aldri vil synes eg er like fin under klæra igjen. Eg føler at ungdomskroppen er tapt. Eg er rett og slett virkelig, virkelig lei meg. Sjølv om det kanskje høyres heilt sprøtt ut, ville eg ha bytta det mot kva som helst anna. Bekkenløsning i 9 måneder. Kvalme i 9 måneder. Hemorider. Fødsel over 4 døgn. Kva som helst. Det er midlertidig. Dette er for alltid.

Som de skjønnar har eg fått strekkmerker. I dag. Heilt utav det blå. Eg stod opp og alt var fint. Eg gjek tur med søstra mi, kom heim og gjekk i dusjen. Alt var fint. Eg kom utav dusjen, tørka meg og tok på med undertøy. Alt var fint. Eg trykte ut fuktighetskrem fra flaska, bøyde meg ned og smurte leggane. Då eg reiste meg att og såg meg i speilet hadde det skjedd. Min største graviditesfrykt, med unntak av at noko skulle skje med Knøttet såklart. Magen min sprakk opp medan eg stod og såg det i speilet. Det er det raraste. Ingen sniking her i gården. Ingen tid til å bli vant til det og takle det over tid. Berre POFF - strekkmerker. Bildet er forferdelig nok snilt..

Babyverden skriv i veke 37 at no er fosteret klar for å møte verden. Barnet blir ikkje rekna som prematurt om det kjem no. Kunne ikkje knøttet berre ha komt i går då... Jaja. Sånn er livet. Det går over. Det blir bra igjen. Eg er kjempeheldig med alt i livet mitt. Eg har omtrent aldri møtt motgang. Eg lever livet eg alltid har drømt om. Eg veit det er ein bra ting at dette er det verste som har skjedd meg. Likevel er det akkurat det. Det verste som har skjedd meg. Igjen, for eit i-landsproblem. At eg ikkje er meir flau. Eg blir litt ekstra flau no, når eg skriv det sånn. Samtidig så føler eg at eg skal få lov å føle alt dett akkurat no. Ikkje dvele over det i lang tid. Aldri angre, for eg ville såklart aldri ha vore han foruten, men ja, berre få føle det uten dårlig samvittighet. Få sørge litt over magen som var, så blir det bra igjen. Eg kjem raskt over det. Eg skal lære meg å drite i det, og vere stolt over mammakroppen min. Eg skal lære meg å gå i bikini med hovudet heva. Eg skal lære meg å stole på Mr. O når han seier eg er nydelig uansett. Berre ikkje akkurat i dag.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar