Registrer stats

mandag 30. mars 2015

Overnattingsbesøk

Ein av hovudgrunnane til at me ville bu her som me bur no, er at søstra mi bur rett borti vegen. Me har i vaksen alder blitt veldig nære kvarandre, og me var begge innstilt på å stifte familie ila få år då me kjøpte huset vårt. Difor frista det ekstra å verte naboar. Tenk så koselig og lettvint! Det var berre snakk om ein liten halvtime å gå før òg, men dette er noko heilt anna. No er det under to minutter bort, og det gjer at eg stikk innom nett som det er.

Det gjer det òg lettare å vere sosial etter leggetid. Når Eirik var veldig liten syntes eg det var veldig skummelt å gå nokon plass og la han vere aleine med Mr. O. Ikkje fordi eg ikkje stolar på Mr. O, men sånn er det berre å vere nybakt mamma. Sidan me budde så nære kunne eg likevel gå bort ein tur og sy og mase litt, for dersom Eirik vakna og eg måtte komma heim, så var eg der på null komma svisj!



Viktigst av alt så betyr det at me er naboar at Jenny vert godt kjent med oss, og Eirik med dei, og ikkje minst at Eirik og Jenny vert skikkelig trygge på kvarandre, og glade i kvarandre. Jenny som er ca. 10 månadar eldre enn Eirik viser med heile seg at ho er glad i å vere med Eirik. Ho hoppar og vinkar når me kjem, og grin litt når me går. Når Lisa seier at me skal komme, eller at me skal vere med på tur så hyler ho av fryd! Det er så kjekt! Dei er allereie bestevener :)


I helga var me der på overnatting. Eirik er godt kjent der borte, og finn seg godt til rette på gjesterommet. Det er veldig kjekt å overnatte, for då et Jenny og Eirik felles kvelds, og felles frukost, og så leikar dei fint saman på gulvet. I tillegg betyr det at mamma og pappa kan vere sosial begge to etter at dei er lagt. Det er jo alltid kjekt!


Eg er så glad for at det gjekk seg til slik at me ender opp med å bu her alle saman! Eg gledar meg til mange fine år saman med verdas beste naboar

søndag 29. mars 2015

Eit skritt nærare!

HIPP HURRA!!

På fredag fekk me veldig gode nyheiter;
Byggesøknaden vår vart levert, noko som betyr at dersom alt vert godkjent på første forsøk (satsar på det), så kan me begynne planeringsarbeidet allereie om 4 veker!


Me fekk òg gode nyheieter om den nye bilen til Mr. O, som avkrefta at turboen var øydelagt! =) 
Ein flott inngang til påsken for oss med andre ord!  
Gemoji image for :yellow_heart


onsdag 25. mars 2015

Drøymer meg vekk

Me er invitert i bryllaup til eit vennepar i september. Dei skal ha eit vintage-inspirert bryllaup, og det høyres så utruleg fantastisk ut. Bryllaupet skal vere i Romania, og når bruda fortel om detaljane får eg heilt frysningar.


Me fekk invitasjonane for ei stund sidan, og dei er så fine! Eg set å gledar meg til å reisa, samstundes som eg mimrar tilbake til mitt eige bryllaup. Det er så kjekt å planlegge bryllaup, og ikkje minst å gifte seg! Årh - eg vil gjere det ein gang til!! Med same mannen vel og merke! ♥


Bruda er ei fantastisk jente, med ein enorm stilsans! Ho har eit godt auge for detaljar, så eg er heilt sikker på at dette vert eit heilt nydeleg bryllaup!

 
 
Billettane er i boks, og eg ser verkeleg fram til dette! Ååå - det vert så kjekt! 
 
 

mandag 23. mars 2015

Avokadokrem

er som poteta - det passar til det meste. Kjempegodt som dipp til taco og tapas, og ypperlig til svinekjøtt, fjærkre og laks. Kun fantasien set grenser :)


Ingredienser:
  • Avokado
  • creme fresh
  • lime
  • salt og pepar
  • koriander eller persille

Framgangsmåte:
Til ein avokado trenger du 3 ss creme fresh, nokre dråpar limesaft og litt ferske urter, salt og pepar.


Bland alt saman og miks det godt med ein stavmiksar.

Smak til med meir krydder om nødvendig, og det er klart til servering :)



fredag 20. mars 2015

Byttekveld

Eg rydda litt i garderoben min for ei tid tilbake, og konkluderte då med at no var det på høg tid med ein byttekveld. Me har snakka om det fleire gangar i jentegjengen, men aldri komt så langt at me har gjennomført. Eg inviterte på relativt kort varsel, så det passa ikkje for så mange, men det vart veldig kjekt likevel!


Me trykte i oss litt frukt, makroner, grønsaker med dipp og te, medan me fekk mast ein heil del. Deretter var det tid for byttefest.


Ingen av oss hadde vore på det før, så me visste ikkje heilt korleis me skulle angripe det. Eit alternativ var å kaste alt i ein haug, men me fant ut at det var greit å gå gjennom ein og ein person sin haug. Det gjekk veldig bra, og det var berre eit par gangar det var fleire som var interressert, og også då løyste det seg veldig fint.


Det var både klær, sko, smykker o.l., væsker, sjal, hårprodukter og sminke o.l. å velje mellom, så her var det noko for alle!



Alle fekk seg eit par ting dei var svært nøgd med, så eg konkluderer med at kvelden var ein suksess! Me fant ut at dette var lurt å arrangere ein gang kvart år - så det er planen no :) Lenge leve gjennbruk! :)



tirsdag 17. mars 2015

Gina-Gullhår

... er eit slags kallenamn eg har fått av mora til bestevenninna mi. Ho meiner eg har så mykje flaks, og at eg er veldig heldig. Til ein viss grad er eg jo einig. Ting har ein tendens til å ordne seg for meg, det er sant det, men samstundes så kjenner eg litt på følelsen av at eg ønsker å forsvare meg når ho seier det. Eg veit at ho ikkje meiner noko som helst negativt med det, men inni hovudet mitt er det ein liten stemme som ropar "eg har jobba for å komme her eg er i dag"! Eg trur ho veit det, og ho seier det med venligheit og humor, men det får ein jo til å fundere litt. Er det slik det verkar? Trur utanforståande at eg er så flaksen at eg har ramla over det livet eg har no?

Det er ingen hemmeligheit at eg får hjelp av mine foreldre når eg treng det, og ja, til tider når eg ikkje har trengt det. Det betyr ikkje at eg har brukt pengane mine på fyll og fanteri. Til dømes så fekk eg hjelp av dei med pengar til husleige då eg studerte i Bergen. Då sparte eg av stipendet mitt. På denne måten kunne eg kjøpe min første bil utan å ta opp lån, og eg hadde mykje eigenkapital då me skulle kjøpe hus. kvart år har eg hatt full BSU, og sjølv om eg reiser og shoppar ein del, så er det som oftast gjennomtenkt. Eg set vekk ein forholdsvis stor sum kvar einaste månad - det har eg alltid gjort. Så betaler eg alt som skal betalast, og dersom det då er noko att på kontoen, så kan eg bruke det som eg ønsker.

Dette er visst det einaste bilete eg har av min første bil. Går det an?
Sparekontoen min er of limit. Eg latar som eg ikkje har dei pengane. Spør nokon om eg vil vere med på noko, og eg ikkje har pengar på budsjettkontoen, eller på brukskontoen, så er svaret nei. Eg har ikkje lov å ta av høgrentekontoen til noko "gøy". Dersom vaksemaskina plutselig ryk derimot, då er det lov å ta derfra - visst eg MÅ. Sånn har det alltid vore. Eg treng å ha ein buffer tilfelle noko skjer. Eg hatar å ikkje ha det. Eg får heilt åndenød. Det har skjedd to gangar at eg har vore HEILT tom for penger. Det var då eg kjøpte min første bil, og då eg kjøpte mitt første hus.

Det er heller ingen hemmeligheit at eg har gjort det greit på skulen. Her har eg vore veldig heldig, ja. Eg har ein slags midlertidig klisterhjerne, og eg huskar det eg puggar. Men ja, eg må pugge det. Det er på ingen måte sånn at eg høyrer noko, eller les ting ein gang, og så kan det. Eg må lese det, skrive det i heile setninngar og så skrive det i stikkordform, så lese stikkorda, så pugge kva dei representerer, så kan eg skrive det ut, eller fortelje det i heile setningar igjen. Det tar lang tid. Eg har brukt utallige timar på å pugge, og eg har perm etter perm med håndskrevne notatar frå studietida mi.


Ellers har eg vunnet seks ting i heile mitt liv (som eg kan huske i alle fall. Om eg vant mykje som barn huskar eg ikkje), med unntak av eit par 20-kronere på flaxlodd:
  1. Ringenes brorskap, extended edition (!) på DVD i 2001 - dette var stort. DVD var nytt, og filmen var HEILT ny, og hadde ikkje komt for salg ein gang! Me hadde ikkje DVD-spelar, så eg gav den til min dåverande kjærast (angrar så klart på det i dag). Eg vant den etter å ha sendt inn eit sjølvdikta slagord til ein reklamekampanje for Pepsi Max. Slagordet huskar eg forøvrig ikkje...
  2. Ein novellekonkurranse i 9. klasse. Huskar ikkje heilt kva eg vant, men lurar på om det var nokre utgaver av bladet novella vart sendt inn til.. Det var ikkje eg som sendte den inn, så huskar ikkje heilt kva det gjekk ut på..
  3. Gratis bilvask på den lokale bensinstasjonen i 2013. Huskar ikkje heilt korleis det gjekk føre seg, men det var noko med å kommentere på ein status til riktig tid, eller med riktig svar...
  4.  Salatbolle på basar i 2014. Det var litt vittig, for det var på andre åresalg, og me hadde ikkje vunnet noko så langt, men det hadde ikkje vore noko eg ville vinne heller, så det gjorde ingenting. Då dei holdt opp salatbollen sa eg "Å, den vil eg vinne", så gjorde eg det!
  5. Lysestake med lys, i ikkje heilt min stil, på same basaren..
  6. To billettar til MML sin festkonsert som var no i helga, også vunnet på den lokale bensinstasjonen. Her skulle me kommentere under eit bilete at me ønska billettar og dermed vere med i trekninga. Det er tydelegvis YX manger som er ei av hovudkildene til min vinnarflaks (arrangøren av basaren var forresten ho som driv stasjonen - tilfeldig?).


 På konserten møtte eg den flotte mammaen som seier at eg har gullhår, og ho sa: "Ja, eg såg du vant - og eg tenkte selvfølgelig var det ho som vant, Gina-Gullhår". Vel, eg tippar det er mange som har vunnet meir enn det eg har gjort dei siste åra, så kanksje ikkje ein kjempeselvfølge, men... :) Konserten var som sagt heilt fantastisk, så til no trur eg det er dei billettane eg er mest nøgd med å ha vunnet!







søndag 15. mars 2015

For ei veke

.. det har vore! Til tross for at veka har vore prega av Baby`O sine magesmerter, vil eg påstå at det har vore ei veke fylt av oppturar! Stakkars lille goingen vår balar med å fordøye så mykje fast føde, og våknar difor mykje. Eller, han våknar ikkje heller, men grin i søvne. Det er forferdelig for mamma- og pappahjarta å høyre, og me trøstar så godt me kan. Han får òg svisker og laktulose, så no begynnar det heldigvis å komme seg! :)


Vel, tilbake til oppturane. På besøk hjå Oldisane vart me servert deilige lappar med friske bær, fredag var me på nydelig middag hjå Mommor, me har vore på lang trilletur i solsteiken, i kjempegodt selskap, og me har vore på babysvømming - dukka under mange gangar, sprella og storkost oss! 


Me har òg fått veldig gode nyheiter i forbindelse med planeringsarbeidet på tomten vår- HURRA! Våren er i full anmarsj, og krokusane sprett fram overalt i hagen! Eirik har dissa og leika på leikeplassen for første gang, og Mr. O har fått seg ny (gammal) bil - ei stasjonsvogn, type Audi A6! Så no har me ein bil som kan køyrast lengre enn 2 timar - HURRA, HURRA!


Sist men ikkje minst har eg og Mr. O fått lufta oss på festaften! MML arrangerte ein heilaften med fantastisk storbandmusikk. Dei hadde med seg vokalsolistar og stilte med open bar. Me snakkar storslått musikk! Her var det noko for alle. Frank Sinatra, Rihanna og Beyoncè i 1920-talls stil, jazzete utgave av Grieg, Frøken Svift sin shake it off, og Månemannen er eksempel på låtar me fekk høyre. Eg er nok ein bandgeek, og eg er stolt over det, men dette hadde nok dei aller, aller, fleste likt! Eg elska det i alle fall. Eg fekk gåsehud og frysningar opp til fleire gangar, og kjente at det bobla på innsida. Det er så kjekt med live musikk, det er påfyll til sjelen. Eg ladar opp når eg er på kosert, sjølv om det vert mindre søvn og ein kanskje burde verte meir sliten enn vanlig? Det er i alle fall ikkje tilfelle med meg. Det er rein energipåfyll! Det vàr altså så kjekt! Eg håpar dei arrangerer festaften neste år òg - eg er klar! :)

Håpar fleire har nytt veka, og starten på våren! Eg gledar meg til veka som kjem, og skal prøve å halde fast på denne gode, positive følelsen! #våryr



fredag 13. mars 2015

Halvtårskontroll og rutinesnakk

Denne veka har eg vore på litt forsinka kontroll med Baby`O. og alt stod bra til. Han har no vorte 68 cm og 9120 g. Sidan sist har han begynt å ete fast føde, og han elskar det! Han er så nysgjerrig og entusiastisk - strekker seg etter maten og gapar høgt. Han har alltid lyst å smake på alt me et, og vert til tider furten om han mister maten han har i handa si. Han ristar og spreller av glede når me legg mat framfor han på bordet og treff som oftast ikkje munnen i begynnelsen, fordi han er så gira :) Etterkvart går det betre, og han får i seg meir og meir for kvar dag. Det er så kjekt å ha han i stolen sin med bordet. Me kosar oss lenge med bordet til kvart måltid - heilt til vasken kjem. Det er fryktelig det. Då må Eirik grina litt på trass, men med ein gang kluten forsvinn er alt heilt topp igjen!


Ellers har me fått ein ny rutine, med to kvilar om dagen. Me står opp i 8-tida, så les me litt på senga, steller oss og et frukost. Etterpå leikar me på stuegulvet fram til han begynner å gni seg i augene og viser at han er trøtt. Då er klokka halv 11-11. Det er då duka for amming og kvil. Han søv til halv 12-12, og då er det bleieskift og meir lek på gulvet. Me les bøk, kryp i ring, rullar rundt og øver på å sitte. Eg prøver å trene litt styrke samstundes, men det er ikkje så ofte eg gidd :/
Halv 2 er det tid for lunsj, då ammar eg først, så er det som regel smoothie på menyen. Etterpå leikar me litt meir på gulvet før han igjen vert trøtt i halv 3-3-tida. Då er det ny lur i ein time-halvanna. Når han våknar er det bleieskift. Dersom me gjekk tur på første luren, søv han no i vogga medan eg gjer klart til middag. Dersom me ikkje gjekk tur på første kvilen går me tur no. Då lagar eg middag når han våknar medan han balar på kjøkkengulvet. Halv 5 ammar eg igjen, før eg fullfører middagen. Mr. O kjem som regel heim 5, og då et me middagen. Eirik får då smake på det me et - kokte grønsaker, litt nøytralt kjøtt, spagetthi osv.


Etterpå kosar Eirik og Pappen seg medan Mamma ryddar opp og styrer litt. Det går som regel ikkje lange tida før eg ender opp på gulvet saman med dei :) Når klokka nærmar seg halv 7 er det tid for kveldsmat, før han badar dei dagane han skal det, og så er det natt. Då er det amming igjen og Mr. O les eventyr før Mamma syng Trollmors vuggevise til han sovnar.

Enkelte dagar er me på vift òg, men me prøver å holde på sovetidene så godt det lar seg gjere. Det er tydelig at Eirik likar rutinene sine, og det er jo mykje lettere å huske ting og planlegge når ein har rutiner. Dei dagane det sklir ut kan eg plutselig komme på i 5-tida at eg har gløymt å skifte bleie på ei heil stund til dømes.. Så - HEIA RUTINER! =)


tirsdag 10. mars 2015

Takkekort etter bryllaupet

Då eg skulle lage takkekort leita eg ganske mykje rundt på nett før eg valgte leverandør. Eg hadde ikkje sett for meg noko på førehand, men etterkvart som eg søkte og leita innsåg eg kva eg ikkje ønska. Eg ville ha noko enkelt, men fint, som representerte oss. Eg ville ha noko som fekk fram gleden og sommarstemninga me opplevde den dagen. Valget falt til slutt på optimalprint, fordi her kunne eg lage korta akkurat som eg ville. Dei hadde mange malar eg kunne velge mellom, og det var lett å laste opp og flytte rundt på bileter. Prisen var heller ikkje stiv. Dei leverte raskt og takkekorta er i god kvalitet.
 

Som nevnt tidligere hadde me enromt mange fine bileter etter bryllaupet vårt! Det var så vanskelig å velge ut berre eit fåtal å bruke i takkekorta, så til slutt endte me faktisk opp med å bestille to takkekort!!

Det som me bestilte flest av -125 stykk for å vere nøyaktig, var meir romantisk og "fint" enn det andre. Der takka me for gåva me fekk og det vart, naturleg nok, levert til alle me hadde fått gåve av.
 
 

Det andre takkekortet bestilte me 30 eksemplar av. Her valgte me litt meir "spøkefulle" bilete, og i teksten takka me for hjelpa me fekk i anledning vårt bryllaup.


Begge takkekorta hadde det øvste bilete, der me set på brua, på framsida. Eg er kjempefornøyd med takkekorta, og kan absolutt anbefale optimalprint vidare til andre. Me betalte forresten 2200,- for 155 takkekort, med konvoluttar og frakt, noko som tilsvarar omlag 15 kr per takkekort. Heilt OK pris, spør du meg :)

torsdag 5. mars 2015

Eit heilt halvt år

... er tittelen på ei veldig god bok, som du kan kjøpe her til dømes.
I fare for å plagiere noko voldsomt velger eg å låne tittelen til mitt eige blogginnlegg. Det har nemleg gått eit heilt halvt år sidan eg vart Mamma.

Søstra mi skreiv:
"... snart kan du smykke deg med enda ein tittel, kanskje den gjevaste av dei alle - Mamma"
i kortet eg fekk til babyshoweren min.
 
Fyrste gongen du klemte fingeren min. Sukk.

Det rår ingen tvil om at det er den gjevaste tittelen eg kan få. Eg trivs godt som Gina, og liker å vere sukepleiar. Eg elskar å vere kone - Mrs. O, og det er så kjekt å vere Tante. Eg set òg uendelig stor pris på at eg har folk rundt meg som refererer til meg som "bestevenn". Alt dette kjem likevel til kort mot min nyaste tittel - Mamma.

Dette halve året har gått fort. Raskare enn eg trudde var mulig. Eg prøver å verdsette kvar dag, og å virkelig suge til meg minner og gode opplevelsar. Eg trur eg kan Eirik utenatt. Eg veit akkurat korleis virvelen i håret ser ut, korleis augene hans bryt i ulike blåfargar, korleis knokane lagar dei skjønnaste "smilehol", korleis han lukker augene og vrir seg vekk når eg prøver å fjerne graut frå nasa hans, korleis det raude skjæret kjem fram i augnebryna hans i sola, korleis han gnikkar seg i augene når han er trøtt, korleis han suttar meg på haka, og korleis han kosar med øyra sitt når han slappar av. Dette er berre ei kort liste av mange hundre detaljar eg desperat ønsker å huske. Eg veit at mange kjem til å forsvinne med tida, og det syns eg er trist, men sånn er det. 



Eg har stort sett alltid vore nøgd med livet mitt. Eg har hatt ei kjempeflott oppvekst, og eg har mange gode vener og ein heilt fantastisk familie. Likevel har eg fleire gangar stilt spørsmål ved valg eg har tatt. Burde eg ha reist på den og den turen? Skulle eg ha studert noko anna en sjukepleie? Burde me ha kjøpt det gamle huset usett? Vil eg angre på ditt og datt om 30 år? Dette gjer nok dei aller fleste.

Valga eg har tatt har ført meg dit eg er i dag. Det er ikkje eit veldig lukseriøst liv, kanskje. Me har heilt gjennomsnittlig inntekt, me er i passelig dårlig form, me er under snittet glad i å rydde og vaske- og det viser litt etter, og det regnar inn i ymse delar av huset. Alle valg eg har tatt, er eg likevel sjeleglad for at eg tok. Eg veit at sjølv dei minste valg kan påverke kva ein føler ein dag, kva ein seier, kven ein møter, og dermed kvar ein ender opp. No har eg det som plomma i egget med Mr. O, og svaret på spørsmålet "kjem eg til å angre på vala eg tok" vil for alltid vere nei, for dei gav meg Eirik.

Alle foreldre kjenner nok på det samme. Denne uendelige kjærleiken. Den kan ikkje forklarast, men for ein opplevelse. Det er heilt ubeskrivelig fint å vere Mamma.