Registrer stats

onsdag 13. august 2014

Kremet pasta med laks og asparges

Denne oppskrifta er opprinnelig fra Trines Matblogg, men eg har gjort eit par endringar for å få litt meir smak på den.

Det er ein veldig kjapp og god middag, som mettar lenge - altså ein sikker vinnar! Eg føler ofte at pasta og laks kan verte litt bløtt og kjedelig, men kjører ein på med asparges, slik som her, så vert den knasande god :)

Til to personar treng du:

*400 g laks *olivenolje og litt limesaft * 1/2 rødløk, i tynne båtar *1 bunt asparges, i bitar * 1 dl kremfløte (kan delvis, eller heilt, erstattes av crème frâiche) *10-12 solrørka tomatar, i bitar *2 kvitløksdfedd, finhakka  *ein neve frisk basilikum, grovt hakka *maldonsalt og pepar *båndpasta


Kok båndpasta. Steik laksen i ei ildfast form på 200 grader i 10-15 minutt. Avhengig av størrelsen på filetene, og på ovnen. Fisken er ferdig når den begynnar å "flake" seg. La laksen kvile nokre minutt før servering. 
Fres løk og asparges i litt olje, til løken er blan og mjuk, tilsett fløten og la det stå og putre på svak varme til aspargesen er passe mør. Tilsett de soltørka tomatane mot slutten av koketida. Smak til med salt og pepar. Bland pastaen, grønsaksblandinga og basilikumen og vend det forsiktig saman. Del laksen opp i passande bitar og fordel over pastaen. Server umiddelbart.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar