Registrer stats

søndag 10. august 2014

Vekesmeny 2

Det har vore utrulig deilig med vekesmeny denne veka! Så sutalaust å alltid veta kva ein skal ha, og å sleppe å handle. Me har kun handla ein ekstra gang denne veka. Då nærma det seg helg, og det var berre ny melk, leverpostei, smågodt og brus som stod på lista. Så greit!

I tillegg til å sette opp middagsmeny for heile veka, har eg og bakt brød denne veka. Det vil seie at me ikkje har trengt å handle det heller. Oppskrifta klaffa bra på første forsøk, så eg trur eg kjem til å holde meg til den, men variere litt ulike frø/korntypar undervegs. Oppskrift kjem.



Eg håpar at det å legge vekesmenyane ut her på bloggen, kan hjelpe meg til å holde fast på denne rutinen. Planen er å ha ei suppe og to fiskerettar kvar veke. I tillegg skal tilbehøret variere, litt ris, litt pasta, litt poteter. Tanken er at når eg har laga eit par menyar, vil det vere lett å plukke frå dei seinere og sette saman nye menyar kjapt og greitt. Eg har og merka handlelista med "veke 1" og dato for publikasjon på bloggen, og tatt vare på den, slik at eg kan bruke både lista og menyen oppigjen når det har gått tilstrekkelig med tid. Smart, ikkje sant?!?

No har eg sett over kva grønsaker som er igjen i kjøleskapet, og hatt det i bakhovudet når eg satt opp menyen for neste veke. Her kjem den:



 Mandag
Tirsdag
Onsdag
Torsdag
Fredag
Laurdag
  • Kylling med potetbåter, Béarnaisesaus og kremet spinat
Sundag


Som de kanskje ser, dukkar den forrige vekers torsdag denne veka opp på onsdag. Det er rett og slett fordi eg syntes den var litt tam, så eg har tenkt å gjere litt endringar og sjå om eg kan få den litt bedre før eg postar oppskrift. I tillegg er sundag den same, det er fordi den utgår, sidan ho mor har innvitert på rasper i dag! Gledar meg! :)

Trykk på retten for å bli frakta til oppskriftssida :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar