Registrer stats

Viser innlegg med etiketten Ukesmeny. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ukesmeny. Vis alle innlegg

søndag 24. august 2014

Vekesmeny 4

Nok ei veke står for tur, og me skal prøve å holde fast på fersk-fisk-prosjektet. Det vil seie at me skal til Bø for å handle laks og torsk i morgon. Dersom dei har det då... Visst ikkje får eg endre vekesmenyen i morgon.. Per no ser den i alle fall slik ut:

Mandag 
Tirsdag
Onsdag
Torsdag
Fredag
Laurdag
  • Risengrysngraut
Sundag
  • Kvit pizza med kylling


 

søndag 17. august 2014

Vekesmeny 3

Då er det allereie søndag igjen, og dermed duka for ny vekesmeny. I går stod det jo kylling og béarnaisesaus på menyen, og det hadde eg gleda meg til! Eg brukte lang tid på å lage ein perfekt béarnaise. røring og røring over vannbad, sakte tilsetting av smør og nøye kontroll på at temperaturen ikkje vart for høg. For å sei det så beskjedent som eg kan, så vart den knallbra. Eg satte den til sides på konfyren for å ta ut potetbåtane og anrette maten på tallerknene. Eg satt den såklart i frå meg på ei knallvarm steikepanne. #gravidhjerne
Béarnaisesausen skilte seg såklart. Den som var så fyldig og nydelig fin. Den rauk rett i bosset, og oppskrift på den retten får me ta att ein anna dag, for å seie det slik. Det var såvidt eg klarte holde tårene tilbake. Gledar meg til desse hormonane forsvinn, altså.


Jaja, man lærer av sine feil. Her er i alle fall menyen for veka som kjem:


Mandag 
Tirsdag
Onsdag
Torsdag
Fredag
  • Skal på klubb, så tenker nachos til mannen :)
Laurdag
Sundag

søndag 10. august 2014

Vekesmeny 2

Det har vore utrulig deilig med vekesmeny denne veka! Så sutalaust å alltid veta kva ein skal ha, og å sleppe å handle. Me har kun handla ein ekstra gang denne veka. Då nærma det seg helg, og det var berre ny melk, leverpostei, smågodt og brus som stod på lista. Så greit!

I tillegg til å sette opp middagsmeny for heile veka, har eg og bakt brød denne veka. Det vil seie at me ikkje har trengt å handle det heller. Oppskrifta klaffa bra på første forsøk, så eg trur eg kjem til å holde meg til den, men variere litt ulike frø/korntypar undervegs. Oppskrift kjem.



Eg håpar at det å legge vekesmenyane ut her på bloggen, kan hjelpe meg til å holde fast på denne rutinen. Planen er å ha ei suppe og to fiskerettar kvar veke. I tillegg skal tilbehøret variere, litt ris, litt pasta, litt poteter. Tanken er at når eg har laga eit par menyar, vil det vere lett å plukke frå dei seinere og sette saman nye menyar kjapt og greitt. Eg har og merka handlelista med "veke 1" og dato for publikasjon på bloggen, og tatt vare på den, slik at eg kan bruke både lista og menyen oppigjen når det har gått tilstrekkelig med tid. Smart, ikkje sant?!?

No har eg sett over kva grønsaker som er igjen i kjøleskapet, og hatt det i bakhovudet når eg satt opp menyen for neste veke. Her kjem den:



 Mandag
Tirsdag
Onsdag
Torsdag
Fredag
Laurdag
  • Kylling med potetbåter, Béarnaisesaus og kremet spinat
Sundag


Som de kanskje ser, dukkar den forrige vekers torsdag denne veka opp på onsdag. Det er rett og slett fordi eg syntes den var litt tam, så eg har tenkt å gjere litt endringar og sjå om eg kan få den litt bedre før eg postar oppskrift. I tillegg er sundag den same, det er fordi den utgår, sidan ho mor har innvitert på rasper i dag! Gledar meg! :)

Trykk på retten for å bli frakta til oppskriftssida :)

mandag 4. august 2014

Vekesmeny 1

I dag har eg satt opp ein middagsmeny for heile veka. Eg har leita rundt etter inspirasjon i kokebøker, satt saman retter som inneheldt fleire av dei same ingrediensene og handla inn alle ingredienser. Det tok ikkje eigentlig så lang tid heller. Planen er jo at dette skal bli min nye rutine - eg skal planlegge slik kvar einaste veke, og dermed unngå ørten turar på butikken, ete sunnare, samt spare pengar. Bra plan! For motivasjon tenker eg å legge ut menyane her på bloggen. Kanskje eg kan motivere nokon av deke andre til å gjere det same..? :)


Denne veka er det dette som står på menyen:

Mandag
Tirsdag
Onsdag
Torsdag
Fredag
Laurdag
Sundag

Dersom de ønsker oppskrift på desse rettane, er det berre å trykke på dei, så kjem de direkte til sida. :)