Registrer stats

lørdag 23. august 2014

Klassisk pizza

Pizzabunn:
  • 1 pk pizzagjær
  • 500 g mjøl
  • 3 dl vatn
  • 1/2 dl olje
  • 1/2 ts salt
Bland alle ingrediensene og sett deigen til heving i minimum 30 minutter.




Pizzafyll:
  • 200 g kjøttdeig
  • 400 g hakka tomater
  • 1 dl vatn
  • 1 ss tomatpurè
  • 1/2 løk, finhakka
  • Litt hakka oregano og basilikum
  • salt og pepar
 Bland alle ingrediensene og la det putre medan deigen hevar.

Kvitløksdressing på 1-2-3:
  • 1 dl crème frâiche/rømme
  • 1-2 kvitløksfedd
  • salt og pepar
  • Litt lime/sitron 
  • Evt. litt frisk grasløk om du har!
Bland alle ingrediensene og sett den i kjøleskapet medan fyllet putrar og deigen hevar, då får smakane satt seg litt.



Topping:
  • 50 g bacon
  • 50 g salami
  • 50 g chèvre
  • 50 g parmesan
  • 200 g norvegia

Skjær baconet i store bitar og rasp osten. Lag gjerne ein frisk salat også medan du ventar på at deigen hevar ferdig.

Kjevl så ut deigen, og ha fyllet utover. Fordel så dei ulike ostane utover og avslutt med å spre bacon og salami på toppen. Dryss over havsalt og steik på 225 grader til deigen er gjennomsteik og osten er gyllen.





Server umiddelbart :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar