Registrer stats

torsdag 14. august 2014

Omelett

I dag har eg vore i Bergen by for 3. (!!) gang denne veka. Skal sei eg fartar rundt, gitt. Eg har vore innom stoff og stil og plukka med meg litt knask, så no står smokkholder og smokkesnor oppført som neste syprosjekt. Eg fekk og plukka med meg litt klær til Knøttet på konkursutsalg. Veldig kjekt med så reduserte prisar! Det eg eigentleg skulle til byn for, var middag med studievenninnene. Det er så kjekt å møtast, og eg synes me er ganske så flinke å få til jevnlege treff :) Spesielt med tanke på at det er ekstra vanskeleg å planlegge når alle jobbar turnus.

Dette endte med at Mr. O blei heimealeine, og droppa middag. Eg lagde difor omelett til kvelds, slik at han fekk noko mat i seg :) Egga er kortreist, frå ein hønsefarm (?) på Dale. Det er jo òg litt kjekt.


5 egg * 1/2 hakka rødløk * Litt vårløk * Litt chilli * Litt paprika * 1/2 dl melk/fløte * salt&pepar

Bland alle ingrediensene som er lista ovanfor, og få omeletten i steikepanna. Hold lav varme.

1/2 avokado * 1/2 tomat * spekeskinke *ost

Legg så over de resterande ingrediensene. Dekk steikepanna med lokk, og la det stå på lav varme til omeletten er gjennomsteikt og osten smelta.


 

Server aleine, med litt steikt spinat, eller med brød :)







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar