Registrer stats

tirsdag 5. august 2014

Ovnsbakt fiskepakke med ris og dillsaus

Her er det fritt spelerom. Det aller meste av fisk er godt å bake i folie. Videre er det smak og behag som avgjer kva grønsaker du ønsker å blande saman med fisken (og ikkje minst kva du har i kjøleskapet). Som sagt har eg planlagt vekesmeny, og dermed handla inn grønsaker som passar til fleire rettar. Dermed er jo denne retten genial. Då tilpassar du grønsakene til dei andre rettane du skal lage i løpet av veka, og brukar litt av alt i denne!

Denne veka blei det dermed desse ingrediensane som blei ovnsbakt (til to personar):
  •  
  •  400 g torskefilet
  • 1 gulrot
  • 1/2 raud paprika
  • 2-3 stilkar vårløk
  • 1/2 gulløk
  • 1/2 fenikkel
  • 50 g spinat
  • 8 cherrytomatar
  • Sitronsaft
  • Olivenolje
  • Dill
  •  


Gjer klar 4 kvadratiske bitar aluminiumsfolie. Skjær opp alle grønsakene i omlag like store bitar. Skjær fisken i terningar og fordel den utover folibitane, eg hadde fire fileter, så det var lett å fordele likt. Krydre med salt og pepper. Legg så over grønsakene, og skvis over litt sitronsaft. Fordel så over ca 1 ss olivenolje.


Avslutt med å strø litt dill over. Pakk så aluminiumsfolien saman, som ein konvolutt, og steik det heile i omlag 15 minutt på 200 grader.


Medan fiskepakken er i ovnen lagar du dillsausen, og ryddar kjøkkenet :)

 
Dillsaus:
1 dl crème fraîche
sitronsaft
salt og pepper
finhakka dill

Eg serverte det i dag med ris, men også her er jo muligheitane mange!


Smakte godt gjorde det i alle fall, og så er det jo veldig kjapt å lage, og serdeles lite oppvask.

Vinn, vinn og vinn :)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar