Registrer stats

søndag 10. august 2014

Svinefilet med chillirub og ovnsbakte grønsaker

Dette er enda ein rett som er lett å variere ved å bruke dei grønsakene ein har tilgjengelig. Det er stortsett slik eg lagar mat, sjølv om eg jo prøver å endre litt på nettopp det med vekesplanleggingen min. Det vil forhåpentligvis føre til at eg utvidar horisonten min litt, og prøver andre grønsaker, tilbehør og sauser enn det eg har gjort til no.

For å lage denne retten til 2 personar treng du: 
 
* 400 gram svinefilet * 1/2 raud chilli, finhakka * 1/2 ts paprikakrydder * 1/2 ts chillipulver * 1 ts olivenolje   * 1 stor raud paprika, i bitar * 1 stor gul paprika, i bitar * 1 stor grøn paprika, i bitar * 1/2 squash, i bitar * 1/2 raudløk, i båtar * 2-3 fedd kvitløk, finhakka * 33 ml soyasaus (eit shotteglas) * 1 liten sjalottløk, finhakka * 1/2 dl tørr kvitvin * 1,25 dl fløte  * 25 g smør i terningar * salt, pepar, sitron * Couscous  *


Bland saman finhakka chilli, chillipulver, paprikapulver og olivenolje i ei lita skål. Pensle svinefileten med marinaden. Del så de tre paprikaene på midten. Pakk halve den grønne, gule og raude paprikaen inn i folie og bak dei i ovnen på 200 grader. Skjær så den resterande paprikaen, og de andre grønsakene i bitar og fres dei i litt olje til løken er blaut. Legg så grønsakene i ein ildfast form og hell soyasausen over. Legg svinefileten over, og steik i ovnen saman med paprikaen i folie,  i 25-30 minutter (eller til kjernetemperatur på 150 grader).

                                                        Paprikasaus:


Når det er 5-10 minuttar igjen på steiketida til svinefileten tar du ut folien med den bakte paprikaen, og legg den i ein plastpose i fryseren. Sjalottløk og kvitvin kokes til løken er blank, og vinen så godt som heilt fordampa. Paprikaen tas utav frysen og skrelles medan den fremdeles er lun. Kjør dei til ein fin purè, og tilsett pureen til løken. (Her tar eg normalt ut svinet så det får kvile) Tilsett fløten og reduser til ønska konsistens. Normalt heldt det med 10 minuttet. Monter med smør, sil og smak til med salt, pepar og sitron.


     Server med couscous, og gjerne resten av vinflaska :)




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar