Registrer stats

torsdag 21. august 2014

Betasuppe

Eg bruker litt ulike ingrediensar frå gang til gang når eg lagar betasuppe, alt ettersom kva som er i kjøleskapet, men grunnelementa er nokså like kvar gang.

Ingredienser:
Du treng buljong eller kjøttkraft til å koke suppa på. Så treng du ein form for kjøtt; salta svineknoke, vossakorv, middagspølse, spanske pølser... Også trenger du grønsaker; poteter, gulrot, sellerirot, vårlauk, squash, purre, lauk og kålrabi er nokre alternativ. Husk at det du har liggande som regel fungerer bra :)


Framgangsmåte:
Når eg lagar til to koker eg opp omlag 8 dl vatn med buljong. Eg varierer mellom grønsaks- og kjøttbuljong. Dersom eg brukar røykt svineknoke, kokar eg den kvelden før og lagar suppa av vatnet den er kokt i, då utan buljong.


Del opp ingrediensene og ha dei i det kokande vatnet. Husk å begynne med det som skal koke lengst; gulrøtter, poteter og kålrabi. Resten kan tilsettes seinere i  koketida. Kor lenge du koker ingrediensene er opp til deg, det spørs kor mykje tyggemotstand du ønsker. Eg pleier å koke poteter, gulrøtter og kålrabi aleine i omlag 15 minutter før eg tilsetter resten av grønsakene og kjøttet. Så lar eg alt stå og småputre i omlag 20 minutter til.




Smak til med salt og pepar før du serverer. Server gjerne med flatbrød eller foccacia.







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar