Registrer stats

tirsdag 12. august 2014

Kjøttkaker med gulrot og ertepurè

Mr. O fekk vere med å planlegge menyen denne veka, og då blei kjøttkaker ein sjølvskreven rett. Oppskrifta har eg henta på klikk.

Han klarar seg lenge med kjøttkaker, poter, gulrot og brun saus, men eg må ha enten kålstuing eller ertepurè attåt. Denne gangen vart det ertepurè..

Du treng altså dette til 2 personar:


  • 400 g kjøttdeig
  • 2-3 skiver brød, gjerne loff
  • 1 ts ingefær
  • 1/2 ts muskat
  • 1 egg
  • salt og pepar
  • Eventuelt 1/2 gulløk


Legg skivene, utan skorpe, i blaut i vatn i nokre minutt. Bland resten av ingrediensane, ikkje bland for mykje slik at kjøttkakene blir seige. Vri vatnet utav skivene, og tilsett så brødet i farsen. Kjøttkakene er ferdige til å steike akkurat når de er enkle å forme. Det enkleste er å ha kaldt vatn på hendene, så trille dei til jevne boller. Bruk nok smør i panna når du steiker dei! Det set god smak på kjøttkakene. Begynn med middels høg varme. Når du har fine stekieskorper på begge sider kan du skru ned varmen til middels. Steik til kjøttkakene er gjennomstekt, ca 5-6 minutter.

Rask ertepurè:                                                                    Klassisk ertepurè:
150 g frosne grønne erter                                                         1,5 dl tørre grønne erter
1 fedd kvitløk, rensa og knus                                                   1 dl melk
1 sjalottløk, skrelt og finhakka.                                                1 ss kveitemjøl
1 ss smør                                                                                1 ss smør                             
1 ss olivenolje                                                                         1 ts salt

Framgangsmåte rask ertepurè:
Ha løk og kvitløk i ein kjele med 1 ss smør og surr det til løken er mjuk. Tilsett erter og olivenolje og ha det i ein blender. Kjør ertene til ein mjuk purè. Smak til med salt, pepar og evt lime.

Framgnagsmåte klassisk ertepurè:
La ertene ligge i vatn over natta. Kom de møre i nytt vatn, så mykje at det dekker ertene. Lag jevning av smør og mjøl, som til ein kvit saus. Rør inn jevninga og la stuingen koke i 5-6 minutt. Smal til med salt.



Saus:
Sausen er jo noko av det viktigste, og her får du definitivt best smak om du brukar steikekraft etter kjøttkakene dine. Steik ut panna med litt vatn etter at du har steikt kjøttkakene. Lag ein jevning av mjøl og smør, og tilsett steikekrafta. Spe på med vatn/mjølk/fløte etter eige ønske. For å sette prikken over i-en kan du gjerne tilsette ein dæsj rømme og nokre sneier brunost ;)




Her skulle ein jo ha toppa det heile med heimelaga tyttebærsyltetøy, men det utgjekk i dag, gitt. 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar