Registrer stats

mandag 11. august 2014

Jambalaya

No har jo dette tydeligvis blitt ein rein matblogg, men det er berre midlertidig. Forøvrig så er matlaging og baking ein av mine favoritthobbyar, så det er jo ikkje så rart at det pregar bloggen. Eg kjem til å fortsette å bombe verden med middagar ei stund til, fordi det vil gjere livet mitt veldig mykje lettare seinere. Då kan eg berre slå opp her for oppskrifter, vekesmenyar og inspirasjon når det er travele dagar med baby og stress. I tillegg kan jo Mr. O finne oppskriftene her, så slepp han verte oppgitt om eg ber han lage middag... No er eg snart à jour etter forrige veke, og det er litt godt.

Her er det du treng for å lage Jambalaya til 2 personar (igjen, store porsjoner ute å går...):


 Fres baconet i ei steikepanne i nokre minuttar og tilsett deretter pølsebitane. La det surre til pølsene tar litt farge. Legg til sides. Fres kyllingen, til den er gyllen, og legg til side.
Ha løken i ei vid gryte og la den surre i litt smør/olje til den er blank og mjuk. Tilsett kvitløk og chilli og la det surre med, tilsett deretter paprika, vårløk, ris, paprikapulver og chillipulver. La det surre i nokre minuttar og tilsett hermetiske tomatar, tomatpurè og kyllingkraft. La det heile koke opp, før du har oppi baconet, pølse- og kyllingbitane. Sett på lokk og la det trekke på lav temperatur til risen er ferdig. Det tar ca 25-30 minutter. Obs at det ikkje kokar!Smak til med salt, pepar og sitronsaft. Eventuelt med meir chillipulver også. Fordel rekene over retten, og server umiddelbart med godt brød som tilbehør. For eksmepel foccacia.

 
 
Ikkje akkurat lekre bilder denne gangen, men sånn går det når ein er ihjelsulten og berre må ete med ein gang! Godt var det vertfall. Eg har aldri ete Jambalaya før, men kan no trygt anbefale det! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar