Registrer stats

onsdag 20. august 2014

Kjøttboller i tomatsaus

... eller Polpette al sugo, om du vil. Det høres så mykje fancyare ut på italiensk! Oppskriften eg har tatt utgangspunkt i er henta frå Tara Smak. Eg har endra litt på mengde av ingredienser, samt tilsatt litt. Mr. O etterlyste til dømes "carbs", så makaronien for eksempel, er det eg som har lagt til.. Uansett, så brukte eg dette til to personar:

Kjøttboller:

  • 3 loffskiver utan skorpe
  • 0,75 dl melk
  • 300 g kjøttdeig
  • 1 egg
  • 1 kvitløksfedd
  • 25 g parmasan
  • frisk bladpersille
  • salt og pepar
  • 0,5 dl griljermjøl, eller tørre brødsmular
  • Olivenolje til steiking


 Tomatsaus:
  • 1 sjalottløk
  • 1,5 ss olivenolje
  • 400 g hermetiske tomatar
  • 0,5 ts tomatpurè
  • 150 g makaroni
  • 0,5 ts sukker
  • frisk oregano
  • salt og pepar
Framgangsmåte:

Legg loffen i blaut i melka i ca. 15 min. I mellomtida lagar du tomatsausen ved å finhakke løk og steike den i olivenolje i ei panne. Når løken er blank, heller du over tomater og tomatpurè. Ha i sukker, smak til med salt og pepar. La det heile småkoke på svak varme medan du lagar kjøttbollane. Tilsett makaronien slik at den får koketid som anbefalt på pakken.

Ha kjøttdeigen i ein bolle. Klem ut melka fra loffen, skjær den i små bitar, og ha det over i bollen. Tilsett egg og bland alt godt saman. Finhakk kvitløk og bladpersille, og bland dette inn i kjøttblandinga saman med revet parmasan, litt salt og pepar.


Form kjøttbollene, så jevne i størrelse som mulig, for å få jevn steiking. Bruk kaldt vatn og to spiseskjeer. Dypp kvar bolle i griljermjølet. Hell godt med olje i ei steikepanne og steik kjøttbollane på middelsvarme til de er gylne, og gjennomsteikte. Ha de så over i tomatsausen, tilsett finhakka bladpersille og server med godt brød til. Eg anbefalar enten foccacia, eller dette deilige kvitløksbrødet.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar