Registrer stats

søndag 31. august 2014

Chilligryte med søtpotetquesadillas og guacamole

Denne oppskrifta er i utgangspunktet henta fra Tara Smak. Det var då tenkt til 10 personar, så eg har naturleg nok endra litt her og der.

Eg brukte dette (ca):

Chilligryte:
  • 400 g renskåret storfekjøtt fra høyrygg
  • 1/4 løk
  • 1 kvitløksfedd
  • 2 ss smør
  • salt og pepar
  • 1 ss kveitemjøl
  • 4 dl vatn
  • 1/2 dl oksefond
  • 1/2 flaske lyst øl 
  • 1/2 chipotle-chilli
  • 1/2 ancho-chilli
  • 1/4 rød chilli (auk opp dersom du er glad i sterk mat)
  • 1 tomat
  • 1 ts sukker
  • 10 g mørk sjokolade (min 75 % kakao)
  • 1 ts peanøttsmør
  • 2 dl kokte, blandede bønner fra boks
 Søtpotetquesadillas:
  • 3,4 dl kveitemjøl
  • 1/2 ts salt
  • 1/4 ts bakepulver
  • 12,5 g smør
  • 1,5 dl vatn
  • 1 søtpotet
  • 2 ss maisolje
  • 50 g revet, vellagra gulost

Guacamole:
    • 1 avokado
    • 1 tmat
    • 1/4 rødløk
    • Jalapeno
    • Koriander
    • Sitron
    • Salt og pepar 
      Framgangsmåte:

      1. Rens og skjær kjøttet i terningar. Skrell og finhakk løk og kvitløk. Brun kjøttet i 1 ss smør på alle sider i omganger. Krydre med salt og pepar og legg kjøttet over i ei gryte.
      2. Steik løken i 1 ss smør i same panne, ha i kvitløken mot slutten. Ha løken over i gryta. Kok ut panna i litt vatn og ha over i gryta. Ha i mjøl, vatn, fond og øl. La gryta koke opp. La det småkoke under lokk i 15 min. 
      3. Fjern stilken på chipotle- og ancho-chilien. Ha dei i ei panne og hell over vatn, slik at de blir dekt. La de koke i 10-15 min. til de er mjuke. Ta de opp, og la de renne av seg. Miks de glatt med ein stavmiksar. Fjern frøa og finhakk den raude chillibiten. Skjær tomat i små terningar. Ha chilli, tomat og sukker opp i gryta. La alt småkoke i omlag 1 time, til kjøttet er mørt. 
      4. Ta lokket av gryta og kok vidare i ytterligare 30 min. Ha i sjokolade og peanøttsmør og rør til det har smelta. Rør ned de kokte og godt avskylte bønnene til slutt.
      5. Quesadillas: Sett ovnen på 225 grader. Bland mjøl, salt og bakepulver. Skjær smør i terningar og ha det oppi mjølet. Varm opp vatn og ha det i mjølet. Arbeid deigen raskt saman til den er blitt glatt og smidig. La deigen kvila under eit kjøkkenhandklede i ca. 20 min. 
      6. Skrell og skjær søtpoteta i båter. Bland med olje og salt og legg utover eit steikebrett med bakepapir. Steik midt i ovnen i ca. 20 min. Mos med ein gaffel og ha i halvparten av osten.
      7. Legg deigen over på ei bakeflate dekka av mjøl. Del den i 4 bitar. Form kvar bit til ein rund bolle og kjevl ut til ca. 3 mm tjukke leiver. La brøda kvile i 5-10 min. Steik de i ei varm steikepanne på begge sider til de har fått litt farge. Legg over på ei fjøl, dekka med eit kjøkkenhandklede, slik at dei heldt seg mjuke.
      8. Guacamole: Ta ut "kjøtet" av avokadoen. Skvis det med ein gaffel. Det skal vere litt grov konsistens. Ta ut innmaten av tomaten. Finhakk tomat, rødløk og jalapen. Blad saman med avokadoen. Smak til med litt koriander, ein dæsj sitron, salt og pepar. 
      9. Legg halvparten av tortillabrødene på ei skjæreføl, brei over de moste søtpotetene og dryss resten av osten over. Legg over den andre halvdelen av tortillaen og trykk saman. Steik dei igjen i ei tørr steikepanne i ca 2 min. på kvar side, slik at dei får fin farge. skjær quesedillaen i 4 bitar kvar.

      Guacamolen er forresten ikkje henta fra bladet, men er min personlege favoritt. Server gjerne litt rømme eller crème frâiche attåt. Det kan hjelpe litt mot sterkheten også. Mr. O likar "ein anelse" mildare mat enn meg...

      Bildene er så som så, og sluttresultatet vart visst ikkje festa på film eingang. Det var litt travelt her, for me var seint ute til stand up-en. Det var forresten vanvittig bra! Vidar Hodnekvam heiter komikaren, og han fekk oss til å le så tårene trilla! Det var så kjekt!! :)

      Ingen kommentarer:

      Legg inn en kommentar