Til to personar treng du dette:
- 2 porsjoner spagetti
- 1/4 dl olivenolje
- 1/2 kvitløk, delt i tynne skiver på langs
- 1/2 raudløk, delt i tynne båtar
- 5 soltørkede tomatar, i bitar
- 125 g spinat, rensa og vaska
- 0,5-0,75 dl av pastavatnet
- maldonsalt
- nykverna svart pepar
- 50 g fetaost (evt parmesan)
Kok spagettien etter anvinsning på pakken. Ta vare på litt pastavatn! Hell litt olivenolje over den nykokte spagettien.
Den rensa kvitløken delar du i fedd, førd du delar kvart fedd i 3 skiver på langs. Steik kvitløken i olivenolje i nokre minuttar, til dei er gyllen og sprø - kvitløkschips. OBS at olja ikkje vert for varm, og kvitløken svir seg. La kvitløken renne av seg på eit kjøkkenpapir.
Fres raudløk på middels varme til den er blank og mjuk. Tilsett soltørka tomat og spinat, og rør alt godt saman. Spinaten er ferdig når den begynner å "dette saman", det tar eit par minutt. Tilsett spagettien og varm alt saman forsiktig opp. Spe på med pastavatnet du har tatt vare på. Smak til med salt og pepar. Smuldre til slutt osten over den ferdige retten og server - gjerne med godt brød til. For eksempel foccacia :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar