Registrer stats

søndag 31. august 2014

Chilligryte med søtpotetquesadillas og guacamole

Denne oppskrifta er i utgangspunktet henta fra Tara Smak. Det var då tenkt til 10 personar, så eg har naturleg nok endra litt her og der.

Eg brukte dette (ca):

Chilligryte:
  • 400 g renskåret storfekjøtt fra høyrygg
  • 1/4 løk
  • 1 kvitløksfedd
  • 2 ss smør
  • salt og pepar
  • 1 ss kveitemjøl
  • 4 dl vatn
  • 1/2 dl oksefond
  • 1/2 flaske lyst øl 
  • 1/2 chipotle-chilli
  • 1/2 ancho-chilli
  • 1/4 rød chilli (auk opp dersom du er glad i sterk mat)
  • 1 tomat
  • 1 ts sukker
  • 10 g mørk sjokolade (min 75 % kakao)
  • 1 ts peanøttsmør
  • 2 dl kokte, blandede bønner fra boks
 Søtpotetquesadillas:
  • 3,4 dl kveitemjøl
  • 1/2 ts salt
  • 1/4 ts bakepulver
  • 12,5 g smør
  • 1,5 dl vatn
  • 1 søtpotet
  • 2 ss maisolje
  • 50 g revet, vellagra gulost

Guacamole:
    • 1 avokado
    • 1 tmat
    • 1/4 rødløk
    • Jalapeno
    • Koriander
    • Sitron
    • Salt og pepar 
      Framgangsmåte:

      1. Rens og skjær kjøttet i terningar. Skrell og finhakk løk og kvitløk. Brun kjøttet i 1 ss smør på alle sider i omganger. Krydre med salt og pepar og legg kjøttet over i ei gryte.
      2. Steik løken i 1 ss smør i same panne, ha i kvitløken mot slutten. Ha løken over i gryta. Kok ut panna i litt vatn og ha over i gryta. Ha i mjøl, vatn, fond og øl. La gryta koke opp. La det småkoke under lokk i 15 min. 
      3. Fjern stilken på chipotle- og ancho-chilien. Ha dei i ei panne og hell over vatn, slik at de blir dekt. La de koke i 10-15 min. til de er mjuke. Ta de opp, og la de renne av seg. Miks de glatt med ein stavmiksar. Fjern frøa og finhakk den raude chillibiten. Skjær tomat i små terningar. Ha chilli, tomat og sukker opp i gryta. La alt småkoke i omlag 1 time, til kjøttet er mørt. 
      4. Ta lokket av gryta og kok vidare i ytterligare 30 min. Ha i sjokolade og peanøttsmør og rør til det har smelta. Rør ned de kokte og godt avskylte bønnene til slutt.
      5. Quesadillas: Sett ovnen på 225 grader. Bland mjøl, salt og bakepulver. Skjær smør i terningar og ha det oppi mjølet. Varm opp vatn og ha det i mjølet. Arbeid deigen raskt saman til den er blitt glatt og smidig. La deigen kvila under eit kjøkkenhandklede i ca. 20 min. 
      6. Skrell og skjær søtpoteta i båter. Bland med olje og salt og legg utover eit steikebrett med bakepapir. Steik midt i ovnen i ca. 20 min. Mos med ein gaffel og ha i halvparten av osten.
      7. Legg deigen over på ei bakeflate dekka av mjøl. Del den i 4 bitar. Form kvar bit til ein rund bolle og kjevl ut til ca. 3 mm tjukke leiver. La brøda kvile i 5-10 min. Steik de i ei varm steikepanne på begge sider til de har fått litt farge. Legg over på ei fjøl, dekka med eit kjøkkenhandklede, slik at dei heldt seg mjuke.
      8. Guacamole: Ta ut "kjøtet" av avokadoen. Skvis det med ein gaffel. Det skal vere litt grov konsistens. Ta ut innmaten av tomaten. Finhakk tomat, rødløk og jalapen. Blad saman med avokadoen. Smak til med litt koriander, ein dæsj sitron, salt og pepar. 
      9. Legg halvparten av tortillabrødene på ei skjæreføl, brei over de moste søtpotetene og dryss resten av osten over. Legg over den andre halvdelen av tortillaen og trykk saman. Steik dei igjen i ei tørr steikepanne i ca 2 min. på kvar side, slik at dei får fin farge. skjær quesedillaen i 4 bitar kvar.

      Guacamolen er forresten ikkje henta fra bladet, men er min personlege favoritt. Server gjerne litt rømme eller crème frâiche attåt. Det kan hjelpe litt mot sterkheten også. Mr. O likar "ein anelse" mildare mat enn meg...

      Bildene er så som så, og sluttresultatet vart visst ikkje festa på film eingang. Det var litt travelt her, for me var seint ute til stand up-en. Det var forresten vanvittig bra! Vidar Hodnekvam heiter komikaren, og han fekk oss til å le så tårene trilla! Det var så kjekt!! :)

      fredag 29. august 2014

      Gravid veke 40

      Hei og hopp!

      Enda ei veke er over, og eg har termin på søndag! Steike meg som tida flyr!! I dag har eg vore på svangerskapskontroll, og alt ser bra ut. Eg har òg fått kynnare siste døgnet, så kanskje noko er litt på gang...? Jordmor meiner at Knøttet er komt ned i bekkenet, og symfysemålet var rett over grafen, dog godt innanfor normalen. Eg synes eg ser stor forskjell på magen i dag i forhold til i går. Den er lavare og spissare på ein måte. Kanskje endå eit tegn på at noko er på gang...? Overtidskontrollen er uansett bestilt, men me kryssar alle fingrar og bein for at eg slepp den, i alle fall at eg slepp igangsetting. Det har eg ikkje lyst til - men må man så må man!

      Eg tenkte å kjøre på med ein statusoppdatering (forhåpentligvis den siste!) i dag, så her kjem den.

      På vei: 40+1, 281 dagar har gått, og det er berre 2 (!!) dagar til termin
      Neste kontroll:  Jordmorkontroll 4. september
      Kjønn: Gutt
      Utålmodig: Overraskande nok ikkje!
      Navn: Har han og, men tenk om det ikkje stemmer når han kjem ut?!
      Innkjøp: Har me gjort til den store gullmedaljen!
      Vektøkning: 17 kg!
      Melk i brystene: Definitivt på gang i alle fall.
      Strekkmerker: Jada masa! fremdeles kun under navlen heldigvis! 
      Hevelser og vann i kroppen: Veldig opp og ned! Enkelte gangar får eg ikkje på meg skoa eg gjekk i ein plass når eg skal heim igjen! Veldig upraktisk!
      Hodet ned: Ja :)
      Aktivitet:  Framleis mykje aktivitet :)


       
       


      Tungt: Stadig tyngre, men det går veldig greit.
      Kynnere: Ja, endelig!
      Hodet festet: Nei.
      Barnerom: Da utgår som sagt, men plutselig skal eg legga ut bilde av kor fint me har fått det til likevel! :) Eg er veldig fornøyd med resultatet!
      Sulten: Som før svangerskapet
      Matkick: Bolle, bolle, bolle, kake, bolle...
      Plager: Nei, overhodet ikkje. Eg er i knallform, så kan ikkje klage.
      Humør: Stort sett godt humør, synes hvertfall jeg, da.
      Sykehusbag: Fix ferdig!
      Høygravid: Ja, med haug på!


      No er chilligryta på kok, og søtpotetene i ovnen, så det ser ut som me rekk kvelds i dag og! Me skal til Os på stand up - det vert kjekt! Eg gledar meg mykje! :)

      Ha ein fin kveld!






      torsdag 28. august 2014

      Heimelaga fiskepinner

      Til å lage fiskepinner brukte eg Lange fra Bøturen på mandag, men ein kan bruke det meste av kvit fisk. Etter å ha filetert den svære fisken, endte eg opp med ca. 1,5 kg rein fisk, så eg delte det i 2 og lagde fiskeboller av den eine halvparten og fiskepinner av den andre.


       Visst du vil prøve deg, treng du:
      • 700 g fisk
      • 2 piskede egg
      • 1 dl kveitemjøl
      • 2 dl raspa brød
      • Solsikkeolje til fritering
      • Maldonsalt
      Del fisken i like stykker. Mine blei ca. 2*6 cm. Gjer så klar vispa egg i ei skål, kveitemjøl i ei, og brødsmular i ei siste skål.



      Kok opp solsikkeolje til 170 grader. Dersom du ikkje har termometer, kan du stikke enden på ei tresleiv nedi olja. Dersom det boblar godt rundt skaftet er olja varm nok. 

      Vend fiskestykka først i mjøl, så i egg og sist i brødsmular. Legg dei i olja, og friter dei i ca 3 min. Ta dei ut fra olja og legg dei på tørkepapir slik at dei får renne av seg. Dryss umiddelbart maldonsalt over, slik at det festar seg i olja.



      Dei vart faktisk knallgode, så eg gledar meg allereie til neste gang!


      Nanbrød

      ... er så himla godt, det! Det passar kjempegodt til supper og salater, spesielt til indiske retter som Kyllingsuppe, Kylling tandoori og så videre.  Det er kjapt og lage sjølv, og du kan krydre det etter eige ønske. I denne varianten har eg berre brukt stor maldonsalt som krydder, men det er knall med korriander, oregano, soltørka tomater, karri og så videre. Det er berre fantasien som set grenser :)


      TRINN 1
      • 1 pakke tørrgjær
      • 4 ss lunken melk
      • 2 ss sukker




       TRINN 2
      • 450 g hvetemel
      • 1 ss bakepulver
      • 1/2 ts salt
      • 1 dl melk
      • 2 dl yoghurt naturell
      • 1 egg, sammenvispet
      • 2 ss smeltet smør

       TIL PENSLING
      • Olje
      • Havsalt

       Bland gjær, lunken melk og sukker i en liten bolle og la blandingen stå lunt noen minutter, til det begynner å boble.


      Ha det tørre i bakebollen, og tilsett gjærblandingen, melk, egg, smør og yoghurt. Kjør i ei kjøkkenmaskin med eltekrok i ca. 10 minutter, til du har ein blank og smidig deig. La deigen heve på ein lun stad i ca. ein time. Omtrent 30 minutter før du skal steike brøda set du ein pizzastein (eller steikebrett) i stekeovnen og set termostaten på maks.


      Del opp deigen i 8 like store emner som trilles til boller. Kjevle ut bollene til flate, avlange brød, ca. 3-5 mm tjukke. Pensle brødene med olje, strø havsalt over dei og legg dei på den varme pizzasteinen, og sett dei umiddelbart inn i ovnen. Du kan steike brøda på vanlig over- og undervarme (maksimal temperatur) eller på grillfunksjon. Eg steikte dei med grill, og svidde de første mine! Pass godt på, for det går fort!

      Avkjøl brøda på rist. Oppbevar dei under eit klede eller aluminiumsfolie fram til dei skal serverast.

      onsdag 27. august 2014

      Indisk kyllingsuppe med eple, ingefær og chilli

      Denne suppa var verkelig heilt knall!! Oppskrifta fant eg på Trines matblogg, her.

      Eg droppa koriander, og brukte kokosmelk, ikkje fløte, ellers har eg fulgt oppskrifta slavisk.


      Mr. O syntes den vart litt sterk, så eg kan jo anbefale å begynne med svært lite chilli, og så heller smake til med meir etterkvart. Det er utruleg vanskelig å vete kor sterk chillien faktisk er. Nokon gongar brukar eg 1/3 av ein chilli, medan andre gangar treng eg ein heil for å få same styrken i retten! Veldig slitsomt oppskriftmessig, men..


       

      Mmm..

      Eg serverte suppa med heimelaga nanbrød.



      tirsdag 26. august 2014

      Sursøt saus på 1-2-3

      .. denne gangen brukt som saus til svinekjøtt-wok. Oppskriften på sausen er funnet i grillkongen Craig si kokebok.

      Du treng:
      • 6 ss ketchup
      • 3 ss honning
      • 3 ss ananasjuice
      • 3 ss nøytral olje (gjerne solsikkeolje)
      • 1 ss soyasaus




      Bland ketchup og honning i ein bolle, tilsett så resten av ingrediensene og bland godt.

      Dette er ein kjemperask og god saus, som er god til så mange rettar! Spesielt godt er det om du frityrsteiker kylling og har attåt.. Mmm..


       I dag blei det ein sunn variant med tilgjengelege grønsaker og svinekjøtt. Nam, nam, nam..


      mandag 25. august 2014

      Laks med potet- og sellerirotmos

      Det blei plutselig heilt kortreist middag i dag, sidan me på veg heim frå fiskehandling ramla over ein sideveg med skilta "poteter" og "gulrøtter" i eit tre. Perfekt! Me handla difor nokre kilo av dette i tillegg, og det blei ein riktig så god middag av det heile!



      Eg kokte oppdelte poteter og sellerirot i ei panne. Når det var mørt blanda eg inn litt smør, fløte, salt og pepper og lade ein mos.



      Medan potetene kokte, krydra eg fisken med salt og pepar, før eg steikte den i ildfast form på 200 grader i ca. 12 minutter.



      Samtidig raspa eg gulrøtter, skar opp agurk (frå drivhuset til ei venninne), og lagde ein kvitløksdressing av rømme, kvitløk, grasløk, salt og pepar.


      Fiks ferdig middag på under 30 minutt! :)





      søndag 24. august 2014

      Vekesmeny 4

      Nok ei veke står for tur, og me skal prøve å holde fast på fersk-fisk-prosjektet. Det vil seie at me skal til Bø for å handle laks og torsk i morgon. Dersom dei har det då... Visst ikkje får eg endre vekesmenyen i morgon.. Per no ser den i alle fall slik ut:

      Mandag 
      Tirsdag
      Onsdag
      Torsdag
      Fredag
      Laurdag
      • Risengrysngraut
      Sundag
      • Kvit pizza med kylling


       

      Andebryst med risotto og appelsinsaus

      På menyen i dag stod det and. Eg kjøpte ei frossen and for nokre månadar sidan, og har hatt den i frysen. No i redebygginga har eg og rydda i frysen, og det resulterte i at anda dukka opp, og eg bestemte meg for å ha dte til søndasmiddag. Det gjekk overraskande greitt og filitere anda, mykje lettare det enn å filitere Brosme til dømes...


      Til 2 personar treng du:
      • 2 andebryst, reinskåret med rutet fett, ca 400
      • Salt og pepar
      • Smør til steiking
      •  
      • 2 dl risottoris
      • 1 løk
      • 2 gulrøtter
      • 1 ss smør + 1 ss olje til steiking
      • 4 dl kraft
      • 75 g parmesan
      • 1 ss smør

      • 5 sjalottløk
      • 1 ss smør til steiking
      • 2 dl ferskpressa-appelsinjuice (3 appelsiner)
      • raspa skal frå 1 applsin
      • frisk timian
      • steikekraft frå andebrysta

         Finhakk løk og gulrøtter og ha det i ei steikepanne med smør og olje. OBS at det ikkje vert svidd, berre blankt. Samtidig ristar du risottorisen i ein stor, tukkbunna kjele, i 5 minuttar på middels varme. Riskorna skal ikkje verte brune, berre varme. Ha så løk og gulrøtter over i rispanna. Tilsett litt og litt kraft (eg kokte kraft på delar av anda, men du kan lage kraft av buljong også), og la det heile koke inn før du tilsetter meir. Samtidig krydrer du andrebrysta med salt og pepar, og bruner dei i ei tørr panne. Legg brysta med fettsida ned i panna på middels temperatur. La fettet bli skikkelig sprøtt før du skrur opp temperaturen og bruner brysta på andre sida - ca. 10-15 minutt på skinnsida og 2 minutt på kjøttsida. Då skal brysta vera perfekt rosa. Dei skal så kvile medan du lagar sausen.
        Tilsett smør og hakka sjalottløk til steikepanna som framleis inneheldt steikekrafta. Når løken er blank, koker du ut panna med appelsinsaft. Tilsett 2 ss lønnesirup, appelsinskal og frisk timian og la det heile koke i 10-15 minutter. Sil sausen og gje den så eot raskt oppkok for å sørge for at den serveres varm. Samtidig tar du risottoen av panna, og lar den kvile eit minutt. Tilsett så smøret og parmesanen og rør det inn for å få ein "kremaktig finish".

        Tips: Ha andebrysta i ovnen på grillfunksjon i 1-2 minutt rett før servering. Då vert dei ekstra crispy, og får ein fin og lun temperatur. 

         

        lørdag 23. august 2014

        Klassisk pizza

        Pizzabunn:
        • 1 pk pizzagjær
        • 500 g mjøl
        • 3 dl vatn
        • 1/2 dl olje
        • 1/2 ts salt
        Bland alle ingrediensene og sett deigen til heving i minimum 30 minutter.




        Pizzafyll:
        • 200 g kjøttdeig
        • 400 g hakka tomater
        • 1 dl vatn
        • 1 ss tomatpurè
        • 1/2 løk, finhakka
        • Litt hakka oregano og basilikum
        • salt og pepar
         Bland alle ingrediensene og la det putre medan deigen hevar.

        Kvitløksdressing på 1-2-3:
        • 1 dl crème frâiche/rømme
        • 1-2 kvitløksfedd
        • salt og pepar
        • Litt lime/sitron 
        • Evt. litt frisk grasløk om du har!
        Bland alle ingrediensene og sett den i kjøleskapet medan fyllet putrar og deigen hevar, då får smakane satt seg litt.



        Topping:
        • 50 g bacon
        • 50 g salami
        • 50 g chèvre
        • 50 g parmesan
        • 200 g norvegia

        Skjær baconet i store bitar og rasp osten. Lag gjerne ein frisk salat også medan du ventar på at deigen hevar ferdig.

        Kjevl så ut deigen, og ha fyllet utover. Fordel så dei ulike ostane utover og avslutt med å spre bacon og salami på toppen. Dryss over havsalt og steik på 225 grader til deigen er gjennomsteik og osten er gyllen.





        Server umiddelbart :)


        fredag 22. august 2014

        Gravid veke 39



        Eg drøymte at eg fekk rier i natt. Eg våkna med rier, og tok det heile med knusande ro. Eg stod opp og traska rundt i huset medan eg naut å vere den einaste i heile verda som visste at NO skulle eg verte mamma. Det heile var svært idyllisk, og eg storkoste meg. Eg konkluderte med å la Mr. O få sove, for ein fødsel tar jo tid, og det var best om han var utkvilt. Eg tok meg ein lang og god dusj, og så steikte eg rundstykker og lagde speilegg og bacon. Eg gjekk inn på soverommet og vekte Mr. O på morgonen, med ein kommentar som "No er det speilegg, og du skal bli pappa". Er det mulig. Me åt frukost medan me snakka om kor kjekt det skulle verte å endelig få møte Knøttet. Eg sendte ei melding til søstra mi og skreiv "Eg kan ikkje vere med på tur i dag, for eg er opptatt ;)", så satte me oss i bilen og kjørte til sjukehuset. Ein kan jo alltids håpe at det heile skulle skje så rolig og fint.. Eg fortalte om det til søstra mi på tur i dag, og ho sa at det var kanskje ikkje sååå lurt å begynne med egg og greier - "Plutselig så ligg du der på kjøkkengulvet og skrik etter Mr. O (Han våknar jo ikkje akkurat lett) og berre: ØØØystein! Egga svir seg!!" Eg trur jo på ingen måte at min fødsel kjem til å gå like rekordfort, men ein veit jo aldri. Kanskje like greitt å vekke Mr. O med ein gang, ja...

        Som de skjønnar er det litt fokus på at fødselen nærmar seg, om ikkje heilt bevisst, så i alle fall i underbevisstheten. Etter legekontrollen har eg jo ingen tru på at fødselen egentlig nærmar seg. Eller, nærmar seg gjer den jo uansett, men eg vert oppriktig overraska om Knøttet kjem før termin, slik som ting ligg an no. Akkurat no kjenner eg at det går heilt fint, men det kan jo hende eg vert veeeldig utålmodig om eg faktisk bikkar termindatoen.. Det er fremdeles ting å ordne her heime, og eg putlar på med rydding og organisering. I tillegg har eg funnet igjen leselysten min, og det er så kjekt! Etter eg vart sjukemeldt har eg lest 6 bøker, og det har eg verkeleg savna! Det er så gøy og leve seg heilt inn i ein annan verden. Eg ler, grin og storkosar meg!

        Eg er no i gang med den siste fulle veka før termin. I teorien. Det er jo litt sprøtt. Babyverden skriv denne veka at Knøttet er 3400 g og 49 cm. Ellers står det ikkje så mykje fornuftig. Dei skriv at babyen er ferdig utvikla, og at fødselen kan skje når som helst. Dei anbefalar å lade opp og samle krefter til den store dagen, og det føler eg at eg gjer. Eg putlar jo på, men det er verkeleg begrensa kva eg faktisk får gjort på ein dag. Eg søv stort sett lenge, litt avhengig av kor godt eg har sove på natta. I det siste har det vore mykje krampar i leggar og greier på nattestid, så den samanhengande djupe søvnen har det skranta litt på. Difor søv eg desto lengre. Deilig med permisjon! Eg et så frukost, og forbereder litt blogginnlegg, og middagsgreier, så er det dusjing og den daglege turen som står på tapeten. Når me kjem heim frå tur er klokka mellom 13 og 13.30 og det er etterkvart tid for å ete igjen. Då er det lunjs og litt nettsurfing eller lesing som står på planen. Deretter brukar eg nokre timar på rydding og orging, før eg lagar middag til Mr. O er heime kl. 17. Når me har ete blir det som regel ein middagskvil på 30-60 minutt, før me putlar på med rydding og orging igjen begge to fram til kvelds og litt seriesjåing (for tida Johan Falk på Tv2-sumo. ANBEFALAST). Som regel går kvelden slik. I går var eit unntak, og etter middag endte me opp med smågodt (!) og 3 episodar med idol i staden for rydding. Det får vere lov, me veit jo tross alt ikkje kortid me får slappe skikkelig av igjen. Plutselig er det kolikk og månader med frustrasjon i staden...

        Alt er med andre ord fint, sjølv om eg byrjar å verte rimelig svær som de ser på bileta! No skal eg på klubb med jentegjengen, og det gledar eg meg til! Mr. O går på ferie i dag, så neste veke skal me få på plass alle dei siste detaljane, kvile og berre lade batteria til knøttet bestemmer seg for å komme :)

        God helg!!


        torsdag 21. august 2014

        Betasuppe

        Eg bruker litt ulike ingrediensar frå gang til gang når eg lagar betasuppe, alt ettersom kva som er i kjøleskapet, men grunnelementa er nokså like kvar gang.

        Ingredienser:
        Du treng buljong eller kjøttkraft til å koke suppa på. Så treng du ein form for kjøtt; salta svineknoke, vossakorv, middagspølse, spanske pølser... Også trenger du grønsaker; poteter, gulrot, sellerirot, vårlauk, squash, purre, lauk og kålrabi er nokre alternativ. Husk at det du har liggande som regel fungerer bra :)


        Framgangsmåte:
        Når eg lagar til to koker eg opp omlag 8 dl vatn med buljong. Eg varierer mellom grønsaks- og kjøttbuljong. Dersom eg brukar røykt svineknoke, kokar eg den kvelden før og lagar suppa av vatnet den er kokt i, då utan buljong.


        Del opp ingrediensene og ha dei i det kokande vatnet. Husk å begynne med det som skal koke lengst; gulrøtter, poteter og kålrabi. Resten kan tilsettes seinere i  koketida. Kor lenge du koker ingrediensene er opp til deg, det spørs kor mykje tyggemotstand du ønsker. Eg pleier å koke poteter, gulrøtter og kålrabi aleine i omlag 15 minutter før eg tilsetter resten av grønsakene og kjøttet. Så lar eg alt stå og småputre i omlag 20 minutter til.




        Smak til med salt og pepar før du serverer. Server gjerne med flatbrød eller foccacia.