Registrer stats

søndag 27. juli 2014

Lappeteppe

Mitt siste fullførte syprosjekt er eit lappeteppe til knøttet. Det var det aller første eg handla inn stoff til, altså for mange måneder sidan, men det har liksom ikkje blitt til at eg har begynt på det. Forrige helg kom tanta mi på besøk, og ho hadde med seg ein skjærekniv og ei matte, som er veldig greit å ha til quilting, derunder lappeteppelaging! Det går fint an å kløppe ut ei og ei rute såklart, men det går nok litt kjappare med dette utstyret. Då var det berre å hyve seg i gang!

 
 
Alt stoff er forresten kjøpt på stoff og stil. Eg bestemte meg for å lage rutene 20x20cm store, og ha 5 i bredden og 7 i lengden. Eg hadde 5 ulike stoff, ergo trengte eg 7 ruter av kvart stoff.
      
 
Eg la så alle rutene mine utover gulvet, og flytta dei rundt omkring til eg var fornøyd med plasseringa. Som dykk ser har eg berre 6 ruter av uglestoffet. Det blei slik pga at stoffet var klippa skeivt, og eg dermed mangla ein cm på den siste ruta. Eg valgte då å ta ei ekstra rute av det lyse turkise stoffet, sette det i midten, og stryke på ei motivugle - også den fra stoff og stil. 
Tips: Ha alltid rettetanga i nærleiken når du syr! Det er mykje raskare, og enklare, å hyve den på og stryke sømmer/print/stoffdeler og lignande med den, enn med eit strykejern. 
 
 
Sidan eg no hadde litt uglestoff tilovers, valgte eg å klippe ut nokre ugler og sy dei på nokre av dei andre lapperutene mine. Eg brukte lila tråd og ein fancy søm på maskina når eg sydde dei på.
Deretter la eg alle lappane i bunkar, i riktig rekkefølge. Då hadde eg god oversikt over kva lappar som skulle syast saman til ei rad, og kva rader som så skulle syast saman nedover. 

 
 
Sy så saman lappane med rette mot rette. Sy dei 5 lappane saman til ei rad og legg dei klar. Sy så dei neste radene. Til slutt syr du sammen alle dei 7 radene, også her rette mot rette.
 
 
Når alle radene er sydd saman er det på tide å måle opp kantbånd. Du bestemmer sjølv kor bredt du vil ha det. Eg gjekk for å kløppe det 10 cm bredt, men då forsvinn jo ein del i søm. Så så kantbåndet på, rundt heile teppet.

 
 
Klipp så til vatt til innmat. Den bør vere litt mindre enn sjølve teppet. Når du syr den fast i teppet, prøv å treff sømmen som du sydde kantbåndet med. Då blir det så fint å sjå på. Eg var ikkje så god på det alltid, men teppet vart ikkje så værst likevel.
      
 
Mål så opp bakstykket, og fest dei to delane saman med nåler. Klipp vek overflødig stoff, slik at det er lettere å sy delane beint saman! Det gjorde ikkje eg... Også no syr du rette mot rette.
 
 
La det vere att ein liten opning i eit hjørnet, og vræng teppet, slik at retta kjem ut. Sy så siste delen saman for hånd.
      
 
Ovanfor er mitt resultat! Diverse lappar på framsida, og bilbane på baksida. På denne måten kan teppe forhåpentligvis brukas litt lengre. Kryssar fingrane for at knøttet likar det :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar