Registrer stats

fredag 25. juli 2014

Gravid veke 35

Denne veka har flydd avgårde. Eg prøver å roe ned og ta det rolig, men det er ikkje så lett. Eg føler det er så mykje som skulle vore gjort før Knøttet kjem, og ein veit jo aldri kortid han faktisk kjem! Sjølv om eg har putla på med ymse heile veka, føler eg at takka vere god hjelp, har eg greid å ikkje overdrive. Mamma har vore her og vaska veggar og tak, medan eg satt på ein stol og vaska inni skap og sorterte i smykker og lignande. I tillegg har pappa vore her og skrudd saman ting, hengt opp ting, smurt dører og styrt på, medan eg har plassert meg på ein krakk under vifta og sortert babyklær, vaska stellekommoden, laga eit system i alle tinga og så vidare. Det manglar ikkje på hjelparar, heldigvis! Takk <3

    

Mr. O har hjelpt til her heime nokre seine kveldar, men det meste av fritida si har han tilbrakt i båten vår, for å prøve å få den sjøklar medan det framleis er fint vêr. Eg hjelper med det eg kan, som er å lage båtputer, sy gardiner og sy ting til Knøttet. Det er ikkje så lett å bidra i så stor grad som ein vil, når det er så høg temperatur, og ein helst skal sitte i ro med beina høgt. Det blir ikkje riktig å ta seg heilt ut på heimebane, når ein er sjukemeldt frå arbeid, liksom.

    

Knøttet er egentlig ikkje eit knøtt lengre no, i følge babyverden. Han er 2500 gram og 42,5 cm!

"Om du kunne plassere fingeren din i fosterets håndflate, ville den lille hånden lukket seg"

Skriv dei og på babyverden. Det er ein koselig tanke. Tenk første gangen den vetle handa lukkar seg rundt fingeren min! #Frysningar!

Dei avsluttar med at det er no i dei siste vekene Knøttet skal legge mest på seg, over 200 gram i veka! Det betyr jo at eg skal bli ganske mykje større og.. Litt godt då, at tenperaturen ser ut til å synke ute! Beklager til alle som går på ferie no (les: Ane) at eg har heia så mykje på dårlegare vêr!
 

Alt i alt er eg veldig fornøyd med veke 34 i svangerskapet! Det var veka der det meste blei gjort! Me har fått unna mykje av forberedelsane, så no gjenstår eigentlig berre småplukk. Det er litt godt å vete!

God helg! :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar