Registrer stats

søndag 13. juli 2014

Bryllupsbileter - på lerret og i rammer

Då me gifta oss hadde me tidenes beste fotograf! Han heiter Anthony David Vaughan og er i frå Cardiff. Eg studerte med han eit år, då eg var på utveksling frå vidaregåande. Han er utdanna fotograf, og jobbar no profesjonelt som det i London. Her er heimesida hans om de vil kikka på den.

 
 Meg og Mr. Vaghan i bryllaupet :)
 
Me satt att etter bryllaupet med mange hundre flotte bilete! Vanlegvis når du går til fotograf sorterer jo dei bileta, og så kan du kjøpe så og så mange, for mykje pengar. Me fekk alle bileta - ferdig redigert. Det er jo kjempekjekt, men for eit arbeid å velge ut bere nokre få til takkekort, og ikkje minst til å henge opp på veggen!
Me endte til slutt opp med å bestille eit stort lerret av eit av favorittbileta. Det var fleire grunnar til at det var akkurat det som kom på veggen:
  1. Det er nydelig
  2. Det er mykje landskap rundt, så me vart ikkje gigantiske sjølv om lerrete er stort.
  3. Fargane og stemninga i bilete er veldig oppsummerande for heile dagen. Sumar og ingen bekymringar!
  4. Det representerer fleire av mine favorittminner frå dagen: Sjølve vigslinga gjekk jo føre seg på akkurat den brua. Akkurat der vart eg kona til Mr. O. Me satt der etterpå og snakka ilag, og oppsummerte dagen så langt, medan Ant gjekk rundt og snikfotograferte oss. Sidan han var langt nedi skogen og hadde zooma godt inn, visste me ikkje når han tok bilete. Det gjorde at alt blei meir avslappa og naturleg.
Her er bilete han tok:


Me valgte å bestille lerret frå Japan photo. Det kosta oss 890,- inkl. frakt, og måler 100x80 cm. Ikkje noko småtteri med andre ord.

 
 
Det var ikkje så lett å få eit godt bilete av bilete, men me er veldig fornøyd! Fargane stemmer veldig bra overens med orginalen og kvaliteten er god. Det var lett å bruke heimesida deira, og lerrete blei levert godt pakka, kort tid etter bestilling.

Lerrete er bestilt med tanke på vårt nye hus, som ikkje er påbegynt. Me veit kor det skal henge, og eg gledar meg til å få det på plass!

Som sagt hadde me veldig mange bileter frå dagen, så eg bestemte meg for å kjøpe nokre rammer å ha eit større utvalg i. 


Denne ramma kjøpte eg på Europris til rett over hundrelappen! Den består av 5 rammer som står på ei list. Du kan flytte på dei som du vil. Den er så enkel og fin! Eg brukte FUJI og framkalla 100 av bileta GRATIS! Du betalar frakt, og det er det. Bileta var god kvalitet på, og dei kom kjemperaskt i posten.Eg har kløpt ut bileta, så dei passar i rammene. Eg har kløpt ut fleire bileter, og lagt dei klar bak desse bileta. Tanken var at eg skulle rullere på dei. Det har eg endå ikkje gjort, men kanskje eg plutseleg får ånden over meg..

Eg har og ei ramme frå blomsterverkstaden hengande på veggen. Den er meir "mi personlege" ramme.

 
 
Eg har og framkalla 3 bilete i 20x20. Eit av mamma og pappa då dei gifta seg, eit av søstra mi og svogeren min då dei gifta seg, og eit av meg og Mr. O. Tanken er å samle dei i ei ramme, og få dei på veggen òg. Plutseleg ein dag så gjer eg det!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar