Registrer stats

onsdag 9. juli 2014

Heimesydd fleecedress

Eg var så godt i gang med å sy til knøttet, så kom finvêret. Det har verkeleg vore fint vêr i heile vår! Eg er sikker på at me kjem til å snakke om denne våren og sumaren i årevis: "Det året du var i magen til mamma var det SÅ fint vêr!".

Det er vel og bra det altså. Eg heiar på fint vêr. Det har berre ikkje blitt sydd så mykje.. I tillegg står symaskina mi borte hjå L. Det er av ein praktisk årsak - ho kan sy, det kan ikkje eg. Ho har lært seg alt no etter at niesa mi kom, noko som er imponerande. Ho er så tålmodig, nøye og flink! Eg er meir sånn, me tar det som det kjem, type. Eg likar ikkje å planlegge så mykje, og eg eig ikkje tålmodighet. Jo mindre eg må tenke, jo bedre er det egentlig. Det har resultert i at eg har gjort ein del blemmertar, som søstra mi synes er veldig vittige.

 
Stoff frå stoff og stil.
 
Til dømes når eg les ei oppskrift og det står noko slikt: nål saman dei to delane, før du syr langs nålene. Då nåler eg saman dei to delane då, inkludert opninga til armar, bein og hals. Eg er jo ikkje heitl idiot, så eg skjønnar jo egentlig at eg ikkje skal sy saman opninga til hovudet (heilt sant!), men eg berre koblar ut alt og nåler eg.. Så sitt Lisa der og ler seg ihjel.. Heldigvis rettar ho på meg, slik at eg slepp å rette opp igjen. Eller kanskje hadde eg ikkje sydd over? Kanskje hadde hjernen til slutt begynt å virke og sagt: HALLO! Ungen skal liksom inni denne dressen! Uansett, så står symaskina og alt sypøet mitt der, så det vert ikkje til at eg sett meg ned og syr litt på kveldane her heime. Plutselig skal eg ta alt rotet mitt heimatt, og då skal de berre sjå at det vert sydd ting! Eller kanskje ikkje..?
Med ein del hjelp frå Lisa, som har sydd sin eigen heildress, har eg altså sydd ein fleecedress til knøttet. Oppskrift og mønster er henta på denne bloggen. Den dressen er sydd med hette, det er ikkje min. Ellers er dei (i teorien) like.

 
 
Min endring er altså at eg har kløpt til robotstoff, til kant langs halsen, i staden for å sy hette. Stykket er ca. 2 cm bredt, og måler ca 2 cm lengre en halsopningen. Stoffet er så bretta dobbelt, festa og sydd på vranga av dressen. Kantstykket er så bretta inn og sydd fast på vranga, på begge sider. Skjønnar?

 
 
Eg er som alltid strålande fornøyd med eigen innsats! Berre håpar at dressen passar når kulden kjem...
Husk; kan eg, så kan i alle fall du!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar