Registrer stats

tirsdag 29. juli 2014

Besøksheim

For litt over to år sidan bestemte me (Mr. O og eg) oss for å verte besøksheim. Dette er ein teneste som barnevernet tillbyr til familiar som av ulike årsaker har behov for det. Det kan vere alvorlege årsaker, eller "bagatellar". I "vårt tilfelle" vil eg seie det er ein bagatell. Mor har enkelt og greit behov for litt avlastning. Ho jobbar 100 %, har fleire ungar, og er heilt aleine. Det er klart det vert slitsomt!


Tanta og Onkelen min var besøksheim tidligere, og mor mi jobbar litt innanfor dette feltet, så eg har fått med meg litt i får den kanten også. Difor visste eg at det var noko det var behov for, og eg hadde lenge tenkt at eg ville melde meg opp som det når eg blei vaksen. Me fant alt me trengte av informasjon for å komme i gang på kommunen sine barnevernssider. Me valgte å melde oss i nabokommunen, for å unngå at det blei nokon me visste kven var. Det hadde gått greit for oss, men kanskje det ikkje hadde vore så gøy for dei på andre sida? Her kan du lese om korleis det er i Bergen Kommune.


Det er stor skilnad på besøksheim, fosterheim og beredskapsheim. Besøksheim, som me er, er den "mildaste formen". I korte trekk så har du eit møte med barnevernet, og leverer dei ein politiattest. Dei får litt informasjon om kva de likar å gjere på i helgene, kva hobbyar de har, korleis framtida ser ut for deke, og så vidare. Deretter velger dei ut ein, eller to, familiar dei meiner passar overens med deke. De møter så mor, og eventuelt far, slik at deå  får eit inntrykk av kvarandre. Begge partar får så tenke over om dei vil gå vidare med den kombinasjonen.


Me fekk valget om å treffe mor til ein gutt på 7 år, eller foreldra til eit søskenpar på 2 og 4 år. Sistnevnte blei litt overveldande for oss, så me bestemte oss for å prøve med gutten på 7 år. I det tilfelle syntes mora i utgangspunktet at eg var veldig ung, men etter at ho hadde møtt oss og fått eit betre inntrykk av oss som par, var det ikkje noko problem for ho. Me var forlova, hadde hus, og stilte med eit stabilt miljø, det var det viktigste. Etter å ha møtt mor, fekk me møte S. Først i nokre timar ein lørdag. medan mor var der. Så nokre timar aleine ein annan lørdag, og då ville han overnatte. Dette skulle han få bestemme heilt sjølv. Det var litt rart både for oss, han og mor hans, trur eg, men det heile har gått veldig fint heilt fra starten.


Me byrja å få besøk rundt påsken 2012, og har sidan då hatt han hjå oss ei helg i månaden. Det er veldig kjekt, men ikkje som eg hadde sett for meg. Me prøver å gjere på litt kjekke ting, og bildene i innlegget er ei slags oppsummering av kva me har funne på. Det er ikkje alltid like lett å finne på noko å gjere på, for S vil aller helst spele mindcraft med Mr. O.. Det blir som regel bra likevel, når me berre får komt oss ut :)


Eg skreiv at det er ikkje som eg hadde sett for meg. Eg tenkte at eg skulle få så god kontakt med ungen som kom, og at me liksom skulle "gjere ein forskjell". Litt sånn klisjeaktig-glansbilde-opplegg. Gutten som kom har det jo veldig fint heime. Han treng ingen til å gjere ein forskjell, han treng ein plass å få puste ut, og berre vere ung. Han er ikkje veldig snakkesalig, og han diggar Mr. O. Det er jo bra veldig bra, men eg er vant med at det er eg som går lettast overeins med ungar. Høres jo veldig ego ut, men eg trivs veldig godt med ungar,  og det verkar som dei trivs med meg. Eg herjar, lekar og storkosar meg. Så enkelt har det alltid vore. No vart det ikkje slik. Eg vart meir den "strenge mammafiguren". Eg var ikkje gøy og kul, og alle gøye spørsmål og det meste av oppmerksomheten er retta mot Mr. O. "Vil du spela med meg, Ø?", "Sjekk her då, Ø!", "Sjå kva eg fekk til då, Ø", "G, kan eg få lov til..?". Egoet mitt fekk seg rett og slett ein liten knekk. Det hadde det heilt sikkert godt av! Så er det jo veldig kjekt for Mr. O, at han står så høgt i kurs :) Misforstå meg rett, eg syns det er veldig kjekt å vere besøksheim, og eg går godt overeins med S, det er berre ikkje heilt som eg såg for meg. No vert det spanande å sjå korleis det blir med baby i hus. Tanken er at me skal halde fram med å vere besøksheim, men at me tar ein pause i starten. Me får ta ein dag av gangen og sjå etterkvart når Knøttet kjem.








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar