Registrer stats

fredag 18. juli 2014

Gravid veke 34

Denne veka føler eg nesten at eg har hatt ferie. Tanta og Onkelen min bur på Troldhaugen, og eg har lånt/passa huset deira medan dei er på ferie. Dei har bestilt husvask til søndag, så eg skulle ikkje vaske etter meg eller noko! Snakk om luksus :)


Eg har jo jobba litt innimellom, men ellers har eg berre hatt besøk, slappa av, nytt utsikten og senka skuldrene. Det er litt godt å komme vekk frå heimen, for når eg er her så finn eg liksom alltid noko eg skulle ha gjort. No hørtes det nesten ut som eg måtte leite etter noko å gjere, men slik er det på ingen måte! Det er så mykje som burde blitt gjort før knøttet kjem..!


Veka har i allefall flydd av gårde, og no er eg i gang med veke 34 av svangerskapet. Det er så sprøtt det! Babyverden skriv denne veka at knøttet har blitt 2300 g og 41 cm. Det fører til at han har så liten plass at han ikkje lenger flyt i livmora, men kviler. Dei skriv og at om han skulle bestemme seg for å komme no, så er det 98 % sjanse for overlevelse. Det hadde faktisk ikkje gjort meg noko om han kom no. Eg er ganske forsynt. Ryggen er vond, kroppen er sliten og no skal tropevarmen komme tilbake. Kan ikkje sei at det fristar så innmari, men. Eg skal egentlig ikkje klage overhode. Eg er i kjempeform, og fartar rundt alle vegar. Hadde eg holdt meg i ro og slappa av hadde eg ikkje hatt noko å klage over. Denne veka har ryggen nesten vore heilt bra, men så tok eg meg visst vatn over hovudet i dag. Eg har vore på storhandling. Litt til knøttet og mykje til båten vår. Veldig kjekt, men veldig slitsomt!

     
 
No burde eg ha brukt tida på ei dåpskake eg skal lage til søndag, men kroppen seier beint nei, så sofaen er inntatt og smågodtet på plass! Heldigvis kjem det ein ny dag i morgon :) 

God helg!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar