Registrer stats

fredag 11. juli 2014

Gravid veke 33

Då har eg lagt bak meg enda ei veke i svangerskapet. TIDA GÅR SÅ FORT! Veketalet i appen viser no 33, og gradestokken ute viser jaggu meg det same! Det er heilt sprøtt kor varmt det er. For min gravide kropp er det visst for varmt. Eg svettar ihjel, og søv enda dårligare enn før. MEN, skal sei det er litt deilig likevel!


Babyverden skriv denne veka at knøttet er 2100 g og 39 cm lang. Det står og at knøttet no begynner å få så liten plass i livmora at det minkar på bevegelsane, men at eg framleis skal kjenne dagleg liv! Dei skriv òg at knøttet draumer. Så rart. Eg tenker jo litt at då må man ha sett og høyrt meir, men det er tydelegvis målt at foster har REM søvn i magen, noko som vanlegvis indikerer ein draumefase.

I går på jobb var det og varmt. Veldig varmt. Me har ein del smittepasientar, noko som betyr at utanpå den tjukke bomulssuniformen skal det enda ein tjukk, tett smittefrakk, så skal du ha hanskar og ikkje minst - munnbind! Alle som har prøvd å gå med eit munnbind over lengre tid, veit at det er grusomt. Det blir så tett og varmt, og ein får på ein måte ikkje nok ny luft, eller, det kjennes i alle fall ikkje slik ut. I tillegg var det litt stress i forbindelse med HLR-øvelsen eg skulle arrangere i dag. Alt måtte klargjerast, så tida gjekk liksom så alt for fort avgårde. Plutselig var eg difor forsinka til ein fryktelig avtale. Voksing. Nedentill. Magen er no så plagsomt i vegen, at eg har gitt heilt opp å ta asnvar for det på eigenhånd. Eg var som sagt for seint ute til timen, og småsprang i varmen fra Bystasjonen til Xibition. Stressa. Varmt. Dehydrert. Dårlig idè.


Eg kom fram til behandlingslokalet gjennomsvett og kjempetørst. Det stod ein karaffel med vatn på disken, og eg drakk like godt opp alt. Så var eg liksom klar for voksing, og blei tatt med inn på eit lite, og selvfølgelig varmt rom. Benken eg skulle ligge på var heilt flat, og kunne ikkje justeres opp i ryggen i det heile tatt.. Behandlaren gjekk i gang, og eg blei meir og meir uvel. Etter ei stund måtte eg be ho stoppe. Ho såg på meg og blei heilt forskrekka - "The baby is coming?!" ropte ho. Eg fekk til slutt formidla at neida, det trudde eg verkeleg  ikkje, men at eg følte meg ikkje bra.. Eg kjente eg var kaldsvett, kvalm og svimmel. Ho gjekk ut og fant vatn, banan og daimsjokolade til meg. Det hjalp, og eg følte meg mykje bedre. Me gjekk difor i gang med behandlingen igjen. Så våkna eg då, men kalde omslag over meg. Eg hadde besvimt. Ikkje bra. Eg MÅ drikke meir, og roe ned turboen min litt, no når det er så varmt.

 Behandlaren konkluderte med at eg ikkje var i form til å halde fram med voksinga. Ho sa eg var "very pail" og at eg heller kunne få ein lett ansiktsmasasje. Eg fekk ikkje lov å gå heller, før det var gått rimelig lang tid og dei var sikker på at eg var heilt tilbake til normalen. Dette er jo egentlig veldig hyggelig og trygt, men der og då gjorde det meg meir stressa, for då var eg plutselig forsinka til båtførarprøven og! STRESS.

Uansett, så endte det med at eg gjekk der i fra meget forsinka, 650 kroner fattigare, etter ein uønska ansiktsmasasje og omtrent 1/3 voksa. PERFEKT...


Silver lining er at eg nådde båtførarprøven med eit nødskrik, og bestod med 49/50 rette svar. WOOP!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar