Registrer stats

torsdag 5. mars 2015

Eit heilt halvt år

... er tittelen på ei veldig god bok, som du kan kjøpe her til dømes.
I fare for å plagiere noko voldsomt velger eg å låne tittelen til mitt eige blogginnlegg. Det har nemleg gått eit heilt halvt år sidan eg vart Mamma.

Søstra mi skreiv:
"... snart kan du smykke deg med enda ein tittel, kanskje den gjevaste av dei alle - Mamma"
i kortet eg fekk til babyshoweren min.
 
Fyrste gongen du klemte fingeren min. Sukk.

Det rår ingen tvil om at det er den gjevaste tittelen eg kan få. Eg trivs godt som Gina, og liker å vere sukepleiar. Eg elskar å vere kone - Mrs. O, og det er så kjekt å vere Tante. Eg set òg uendelig stor pris på at eg har folk rundt meg som refererer til meg som "bestevenn". Alt dette kjem likevel til kort mot min nyaste tittel - Mamma.

Dette halve året har gått fort. Raskare enn eg trudde var mulig. Eg prøver å verdsette kvar dag, og å virkelig suge til meg minner og gode opplevelsar. Eg trur eg kan Eirik utenatt. Eg veit akkurat korleis virvelen i håret ser ut, korleis augene hans bryt i ulike blåfargar, korleis knokane lagar dei skjønnaste "smilehol", korleis han lukker augene og vrir seg vekk når eg prøver å fjerne graut frå nasa hans, korleis det raude skjæret kjem fram i augnebryna hans i sola, korleis han gnikkar seg i augene når han er trøtt, korleis han suttar meg på haka, og korleis han kosar med øyra sitt når han slappar av. Dette er berre ei kort liste av mange hundre detaljar eg desperat ønsker å huske. Eg veit at mange kjem til å forsvinne med tida, og det syns eg er trist, men sånn er det. 



Eg har stort sett alltid vore nøgd med livet mitt. Eg har hatt ei kjempeflott oppvekst, og eg har mange gode vener og ein heilt fantastisk familie. Likevel har eg fleire gangar stilt spørsmål ved valg eg har tatt. Burde eg ha reist på den og den turen? Skulle eg ha studert noko anna en sjukepleie? Burde me ha kjøpt det gamle huset usett? Vil eg angre på ditt og datt om 30 år? Dette gjer nok dei aller fleste.

Valga eg har tatt har ført meg dit eg er i dag. Det er ikkje eit veldig lukseriøst liv, kanskje. Me har heilt gjennomsnittlig inntekt, me er i passelig dårlig form, me er under snittet glad i å rydde og vaske- og det viser litt etter, og det regnar inn i ymse delar av huset. Alle valg eg har tatt, er eg likevel sjeleglad for at eg tok. Eg veit at sjølv dei minste valg kan påverke kva ein føler ein dag, kva ein seier, kven ein møter, og dermed kvar ein ender opp. No har eg det som plomma i egget med Mr. O, og svaret på spørsmålet "kjem eg til å angre på vala eg tok" vil for alltid vere nei, for dei gav meg Eirik.

Alle foreldre kjenner nok på det samme. Denne uendelige kjærleiken. Den kan ikkje forklarast, men for ein opplevelse. Det er heilt ubeskrivelig fint å vere Mamma.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar