Registrer stats

onsdag 25. februar 2015

Er det ikkje rart

... at med ein gang det kjem til graviditet, fødsel, ungar og oppdragelse, så skal folk meine så mangt? Det er ikkje noko anna i livet mitt som høstar så mange spørsmål, gode (og dårlege) råd, nysgjerrighet og velmeinte - dog uheldig formulerte kommentarar! Kvifor er det slik, og det dumt?

Etter at eg gjekk gravid med, og fødte Eirik, har eg endra meg mykje, mellom anna har eg endra meining på kvar eg stiller meg til "overdeling". Dette er ikkje noko eg har gjort bevisst, men eg tar meg til stadighet i å vere alt for åpen om ting rundt gravidit, fødsel og amming til dømes. Eg har alltid sagt at eg ikkje skulle verte ei av dei som lirte utav meg detaljerte historiar på fest, både til gutar og jenter, men joda - der sitt eg og pratar i veg, om pressrier i bilen, såre brystvorter og bæsjerutiner. Er det mulig?!?

"Lar du han sove ute utan vetter?"

Sjølv om eg har endra meg her, prøver eg alt eg kan å ikkje vike på eit anna punkt. Eg har nemleg òg sagt at eg ikkje skal dømme andre sine måtar å oppdra ungane sine. Folk får gjere som dei vil, så skal eg gjere som eg vil. I stor grad klarar eg dette. Eg bryt dette, med god samvittighet, og kastar meg raskt ut i diskusjon når det kjem til vaksinemotstand, men utan om det skal det mykje til før eg dømmer andre sine valg - i alle fall høgt..

Dømer på valg eg har dømt stille (før eg no dømmer dei i offentleg rom - obs :/ ):

"Eg skal ikkje amme, eg". I Noreg er det eit ekstremt ammepress, og eg meiner på ingen måte at ein skal amme til ein kvar pris, men, når nokon velger før dei har født ein gang å avstå frå amming, då skjønner eg ingenting. Det vert til dømes anbefalt å amme til tross for at du røyker, og til tross for at du står på rimeleg sterke medisiner. Det seier litt om at det er svært viktig å amme - dersom du får det til!

"Som regel sovnar me ikkje før i 4-5-tida på natta. Me må leike med babyen for at den ikkje skal grine". Eg er i mot at ein baby skal grine seg i søvn, så det er ikkje det eg meiner burde skjedd. Eg tenkte berre at kanskje det hadde vore betre å legge seg med babyen i eit heilt mørkt rom og vere musestille. Kanskje hadde den sovna då? Eller kanskje ikkje? Kanskje hadde dei prøvd det mange gangar, og det funka ikkje? Det einaste som støgga gråten var kanskje at dei underhaldt - kva veit eg? Difor er det så viktig å ikkje dømme. Hadde eg kjent vedkommande betre, hadde eg nok spurt litt meir, på ein så fin måte som mogleg...

"Han er kald på armane sine, stakkars." Det er forresten ikkje farleg om babyar har kalde armar og føt. Ein kjenner i nakken om ein baby er for varm eller kald..
 Eg berre syns det er litt rart, at folk meinar dei har rett til å meine så mykje. Eller kanskje meiner dei ikkje å gjere det? Kanksje dei berre plompar ut med slike ting utan å tenke seg om? Det gjer ikkje meg noko egentlig, for eg er trygg nok på mine valg til at det ikkje bryr meg, men det er jo kanskje ikkje alle som er det..?

Det er mange ting folk skal meine noko om. Dømer er kor mykje klær Eirik går med, kor ofte han søv, kor tid han skal begynne med fast føde, og kor lenge eg skal amme...

Eg veit at Eirik er ein kjempevarm gut, så det preller av når folk kommenterer at han burde ha meir klær på, eg veit og at når han har vore vaken i to timar, så er han kjempetrøtt - sjølv om han kanskje skjuler det på grunn av godt selskap og mykje underholdning. Eg stoler på retningslinjene i Norge og hadde difor tenkt å vente til han var 6 mnd med å begynne med fast føde, men på grunn av hans raske utvikling og dermed høge aktivitetsnivå for alderen, har eg begynt før, rett og slett fordi at han var veldig sulten, og så er han veldig nysgjerrig og ønsker å smake på mat!( Eg trur forresten at uansett om han hadde begynt med graut når han var 3 mnd, 4 mnd eller 5 mnd, så hadde det gått heilt fint.) Dermed kan folk meine det dei vil om alt dette, for eg veit kva som er rett for oss.

"Får han graut allereie?!" eventuelt "Har han ikkje begynt med graut før no?"

Det høyres nesten ut som om at folk bestemmer på forhånd kor lenge dei skal amme. Er det slik? Eg hadde ikkje tenkt noko på dette før eg fekk spørsmålet første gang, og etter det har eg fått spørsmålet mange gangar, så no har eg tenkt på det. Svaret mitt er å ta det som det kjem. Eg tenker no at det er rart dersom Baby`O kan spørre om pupp, eller at han sjølv kler av meg og gjer alt klart liksom. Då er han for stor. Det tenker eg no, men dette kan jo endre seg. Bestemora til Mr. O seier alltid at eg ikkje må amme for lenge. "Eit par månader til", seier ho kvar gang eg ser ho. Kvifor ho meiner det, veit eg ikkje. Ei venninne av meg sa at det ville vere rart å amme dersom babyen liksom lekte med puppen,  kneip og sånn. Det gjer jo Eirik no, og har gjort ei stund. Han er ikkje eit halvt år eingang. Då eg fortalte ho det skjønte ho kanskje at det ikkje er så svart-kvitt, for eg trur på ingen måte ho meinte at det var på tide at eg slutta å amme. Eg kunne i allefall aldri berre ha slutta å amma no. Det er alt for tidlig for meg. Det er så koselig - ei stund i ro med Eirik. Det er ikkje ofte han har tid å ligge i ro i fanget mitt for tida, så eg klomheldt på desse øyeblikka. Eg tenker at det kjem til å gå seg til, og at plutselig så er det naturleg å slutte å amme. Dersom det skjer etter at "folk flest" meiner eg burde ha slutta, så håpar, og trur eg, at eg er så trygg på det valget at det ikkje bryr meg kva andre meiner.

"Har de lært han å break`a så tidlig!?"
 Ikkje veit eg kvifor folk har ein slags trang til å spørre om ganske private spørsmål når det kjem til desse emna, men det verkar som om det er allment akseptert. Overraskande mange har spurt meg om eg ammar, og om eg har nok melk til dømes. Det rare er at det gjer meg ingenting. Eg berre svarar. Det slår meg no at kanskje det hadde gjort meg noko dersom eg ikkje hadde nok melk, så kankje burde me likevel tenke oss om to gangar før me spurte "mannen på gata" om slike ting?

Vel, poenget med dette innlegget var egentlig å oppfordre til å ikkje dømme andre sine valg. Det er heilt lov å komme med velmeinte råd, og som regel så er det ingen som vert fornærma av eit direkte spørsmål eller to, men prøv å alltid ha eit åpent sinn! Husk at alle babyar er ulike, akkurat som alle me vaksne er ulike, så det som fungerer for andre kan vere heilt feil for deg - men feil for deg er jo ikkje det same som feil generelt! :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar