Registrer stats

fredag 13. mars 2015

Halvtårskontroll og rutinesnakk

Denne veka har eg vore på litt forsinka kontroll med Baby`O. og alt stod bra til. Han har no vorte 68 cm og 9120 g. Sidan sist har han begynt å ete fast føde, og han elskar det! Han er så nysgjerrig og entusiastisk - strekker seg etter maten og gapar høgt. Han har alltid lyst å smake på alt me et, og vert til tider furten om han mister maten han har i handa si. Han ristar og spreller av glede når me legg mat framfor han på bordet og treff som oftast ikkje munnen i begynnelsen, fordi han er så gira :) Etterkvart går det betre, og han får i seg meir og meir for kvar dag. Det er så kjekt å ha han i stolen sin med bordet. Me kosar oss lenge med bordet til kvart måltid - heilt til vasken kjem. Det er fryktelig det. Då må Eirik grina litt på trass, men med ein gang kluten forsvinn er alt heilt topp igjen!


Ellers har me fått ein ny rutine, med to kvilar om dagen. Me står opp i 8-tida, så les me litt på senga, steller oss og et frukost. Etterpå leikar me på stuegulvet fram til han begynner å gni seg i augene og viser at han er trøtt. Då er klokka halv 11-11. Det er då duka for amming og kvil. Han søv til halv 12-12, og då er det bleieskift og meir lek på gulvet. Me les bøk, kryp i ring, rullar rundt og øver på å sitte. Eg prøver å trene litt styrke samstundes, men det er ikkje så ofte eg gidd :/
Halv 2 er det tid for lunsj, då ammar eg først, så er det som regel smoothie på menyen. Etterpå leikar me litt meir på gulvet før han igjen vert trøtt i halv 3-3-tida. Då er det ny lur i ein time-halvanna. Når han våknar er det bleieskift. Dersom me gjekk tur på første luren, søv han no i vogga medan eg gjer klart til middag. Dersom me ikkje gjekk tur på første kvilen går me tur no. Då lagar eg middag når han våknar medan han balar på kjøkkengulvet. Halv 5 ammar eg igjen, før eg fullfører middagen. Mr. O kjem som regel heim 5, og då et me middagen. Eirik får då smake på det me et - kokte grønsaker, litt nøytralt kjøtt, spagetthi osv.


Etterpå kosar Eirik og Pappen seg medan Mamma ryddar opp og styrer litt. Det går som regel ikkje lange tida før eg ender opp på gulvet saman med dei :) Når klokka nærmar seg halv 7 er det tid for kveldsmat, før han badar dei dagane han skal det, og så er det natt. Då er det amming igjen og Mr. O les eventyr før Mamma syng Trollmors vuggevise til han sovnar.

Enkelte dagar er me på vift òg, men me prøver å holde på sovetidene så godt det lar seg gjere. Det er tydelig at Eirik likar rutinene sine, og det er jo mykje lettere å huske ting og planlegge når ein har rutiner. Dei dagane det sklir ut kan eg plutselig komme på i 5-tida at eg har gløymt å skifte bleie på ei heil stund til dømes.. Så - HEIA RUTINER! =)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar