Registrer stats

søndag 15. mars 2015

For ei veke

.. det har vore! Til tross for at veka har vore prega av Baby`O sine magesmerter, vil eg påstå at det har vore ei veke fylt av oppturar! Stakkars lille goingen vår balar med å fordøye så mykje fast føde, og våknar difor mykje. Eller, han våknar ikkje heller, men grin i søvne. Det er forferdelig for mamma- og pappahjarta å høyre, og me trøstar så godt me kan. Han får òg svisker og laktulose, så no begynnar det heldigvis å komme seg! :)


Vel, tilbake til oppturane. På besøk hjå Oldisane vart me servert deilige lappar med friske bær, fredag var me på nydelig middag hjå Mommor, me har vore på lang trilletur i solsteiken, i kjempegodt selskap, og me har vore på babysvømming - dukka under mange gangar, sprella og storkost oss! 


Me har òg fått veldig gode nyheiter i forbindelse med planeringsarbeidet på tomten vår- HURRA! Våren er i full anmarsj, og krokusane sprett fram overalt i hagen! Eirik har dissa og leika på leikeplassen for første gang, og Mr. O har fått seg ny (gammal) bil - ei stasjonsvogn, type Audi A6! Så no har me ein bil som kan køyrast lengre enn 2 timar - HURRA, HURRA!


Sist men ikkje minst har eg og Mr. O fått lufta oss på festaften! MML arrangerte ein heilaften med fantastisk storbandmusikk. Dei hadde med seg vokalsolistar og stilte med open bar. Me snakkar storslått musikk! Her var det noko for alle. Frank Sinatra, Rihanna og Beyoncè i 1920-talls stil, jazzete utgave av Grieg, Frøken Svift sin shake it off, og Månemannen er eksempel på låtar me fekk høyre. Eg er nok ein bandgeek, og eg er stolt over det, men dette hadde nok dei aller, aller, fleste likt! Eg elska det i alle fall. Eg fekk gåsehud og frysningar opp til fleire gangar, og kjente at det bobla på innsida. Det er så kjekt med live musikk, det er påfyll til sjelen. Eg ladar opp når eg er på kosert, sjølv om det vert mindre søvn og ein kanskje burde verte meir sliten enn vanlig? Det er i alle fall ikkje tilfelle med meg. Det er rein energipåfyll! Det vàr altså så kjekt! Eg håpar dei arrangerer festaften neste år òg - eg er klar! :)

Håpar fleire har nytt veka, og starten på våren! Eg gledar meg til veka som kjem, og skal prøve å halde fast på denne gode, positive følelsen! #våryr



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar