Registrer stats

tirsdag 17. mars 2015

Gina-Gullhår

... er eit slags kallenamn eg har fått av mora til bestevenninna mi. Ho meiner eg har så mykje flaks, og at eg er veldig heldig. Til ein viss grad er eg jo einig. Ting har ein tendens til å ordne seg for meg, det er sant det, men samstundes så kjenner eg litt på følelsen av at eg ønsker å forsvare meg når ho seier det. Eg veit at ho ikkje meiner noko som helst negativt med det, men inni hovudet mitt er det ein liten stemme som ropar "eg har jobba for å komme her eg er i dag"! Eg trur ho veit det, og ho seier det med venligheit og humor, men det får ein jo til å fundere litt. Er det slik det verkar? Trur utanforståande at eg er så flaksen at eg har ramla over det livet eg har no?

Det er ingen hemmeligheit at eg får hjelp av mine foreldre når eg treng det, og ja, til tider når eg ikkje har trengt det. Det betyr ikkje at eg har brukt pengane mine på fyll og fanteri. Til dømes så fekk eg hjelp av dei med pengar til husleige då eg studerte i Bergen. Då sparte eg av stipendet mitt. På denne måten kunne eg kjøpe min første bil utan å ta opp lån, og eg hadde mykje eigenkapital då me skulle kjøpe hus. kvart år har eg hatt full BSU, og sjølv om eg reiser og shoppar ein del, så er det som oftast gjennomtenkt. Eg set vekk ein forholdsvis stor sum kvar einaste månad - det har eg alltid gjort. Så betaler eg alt som skal betalast, og dersom det då er noko att på kontoen, så kan eg bruke det som eg ønsker.

Dette er visst det einaste bilete eg har av min første bil. Går det an?
Sparekontoen min er of limit. Eg latar som eg ikkje har dei pengane. Spør nokon om eg vil vere med på noko, og eg ikkje har pengar på budsjettkontoen, eller på brukskontoen, så er svaret nei. Eg har ikkje lov å ta av høgrentekontoen til noko "gøy". Dersom vaksemaskina plutselig ryk derimot, då er det lov å ta derfra - visst eg MÅ. Sånn har det alltid vore. Eg treng å ha ein buffer tilfelle noko skjer. Eg hatar å ikkje ha det. Eg får heilt åndenød. Det har skjedd to gangar at eg har vore HEILT tom for penger. Det var då eg kjøpte min første bil, og då eg kjøpte mitt første hus.

Det er heller ingen hemmeligheit at eg har gjort det greit på skulen. Her har eg vore veldig heldig, ja. Eg har ein slags midlertidig klisterhjerne, og eg huskar det eg puggar. Men ja, eg må pugge det. Det er på ingen måte sånn at eg høyrer noko, eller les ting ein gang, og så kan det. Eg må lese det, skrive det i heile setninngar og så skrive det i stikkordform, så lese stikkorda, så pugge kva dei representerer, så kan eg skrive det ut, eller fortelje det i heile setningar igjen. Det tar lang tid. Eg har brukt utallige timar på å pugge, og eg har perm etter perm med håndskrevne notatar frå studietida mi.


Ellers har eg vunnet seks ting i heile mitt liv (som eg kan huske i alle fall. Om eg vant mykje som barn huskar eg ikkje), med unntak av eit par 20-kronere på flaxlodd:
  1. Ringenes brorskap, extended edition (!) på DVD i 2001 - dette var stort. DVD var nytt, og filmen var HEILT ny, og hadde ikkje komt for salg ein gang! Me hadde ikkje DVD-spelar, så eg gav den til min dåverande kjærast (angrar så klart på det i dag). Eg vant den etter å ha sendt inn eit sjølvdikta slagord til ein reklamekampanje for Pepsi Max. Slagordet huskar eg forøvrig ikkje...
  2. Ein novellekonkurranse i 9. klasse. Huskar ikkje heilt kva eg vant, men lurar på om det var nokre utgaver av bladet novella vart sendt inn til.. Det var ikkje eg som sendte den inn, så huskar ikkje heilt kva det gjekk ut på..
  3. Gratis bilvask på den lokale bensinstasjonen i 2013. Huskar ikkje heilt korleis det gjekk føre seg, men det var noko med å kommentere på ein status til riktig tid, eller med riktig svar...
  4.  Salatbolle på basar i 2014. Det var litt vittig, for det var på andre åresalg, og me hadde ikkje vunnet noko så langt, men det hadde ikkje vore noko eg ville vinne heller, så det gjorde ingenting. Då dei holdt opp salatbollen sa eg "Å, den vil eg vinne", så gjorde eg det!
  5. Lysestake med lys, i ikkje heilt min stil, på same basaren..
  6. To billettar til MML sin festkonsert som var no i helga, også vunnet på den lokale bensinstasjonen. Her skulle me kommentere under eit bilete at me ønska billettar og dermed vere med i trekninga. Det er tydelegvis YX manger som er ei av hovudkildene til min vinnarflaks (arrangøren av basaren var forresten ho som driv stasjonen - tilfeldig?).


 På konserten møtte eg den flotte mammaen som seier at eg har gullhår, og ho sa: "Ja, eg såg du vant - og eg tenkte selvfølgelig var det ho som vant, Gina-Gullhår". Vel, eg tippar det er mange som har vunnet meir enn det eg har gjort dei siste åra, så kanksje ikkje ein kjempeselvfølge, men... :) Konserten var som sagt heilt fantastisk, så til no trur eg det er dei billettane eg er mest nøgd med å ha vunnet!







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar