Registrer stats

søndag 8. februar 2015

Sidan sist

... har de vore både jul, nyttår og Nina-storm med 2-døgns-straumbrot. Me har kome heilskinna gjennom alt, og det einaste negative med 2015 så langt, er at tida går alt-alt-alt-alt for fort!

Eit bildedryss frå juletida vår kjem her :)

Me hadde ein roleg og kjempeflott start på julaftaheime, så tilbragte me formiddagen med min familie, og avslutta julekvelden med svigers og alle søskena til Mr. O.


Veldig fasinerande med juletre!
 

Nyttårsafta var me på familielunsj med heile-halve-slekta, så gjekk me julebukk nett opp til mamma og pappa med verdas skjønnaste tigergut, før me feira inngangen til det nye året borte hjå LJJ.

Genseren er forresten laga av ein kvit body, utklipt snømann frå restestoff frå stoff&stil og viselin :)
Dressen på bileta under kjøpte mamma til min fetter for 20 år sidan. Enten var det i London, eller så var det i Paris. Veldig kjekt at Eirik no fekk bruke den!
 
Nedanfor ser du ein som var litt skeptisk til straumbrot. Etter eit mislykka spagetti-på-ovnen-forsøk, 7 grader på kjøkken- og soverom, og tilstrekkeleg med internettabstinensar var eg og Mr. O òg skeptisk, så me "rømte" til mommor og moffar!

Så gjenstår det berre å ønske - vel overstått - nyttår! Håpar det nye vert akkurat som du ønskar! :)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar