Registrer stats

torsdag 19. februar 2015

Heimelaga burger

 .. er alltid ein slagar, og her kjem oppskrifta på ein enkel variant. Eg har prøvd meg på fleire burgarar opp igjennom, men framleis ikkje funne ein som berre - wow! Godt er det no likevel då..

Hamburgerbrød har eg derimot funnet ein favorittoppskrift på! Oppskrifta er frå Trines matblogg, og kan verkeleg anbefalas!

Til 5 hamburgerbrød treng du:
  • 1,25 dl melk
  • 0,5 dl vatn
  • 0,5 ss sukker
  • 0,5 ts salt
  • 12 gram fersk gjær
  • ca 250 gram kveitemjøl
  • 25 gram smør, i terningar
  • vatn + sesamfrø
Bland alt til gjærdeigen i ein bolle, med unntak av smøret. Bland godt, og tilsett så ein og ein smørterning. Eg brukar kjøkkenmaskin, og blandar alt på lav hastighet i ca. 5 min. Deretter aukar eg farten i ca. 5 min til, slik at deigen har elta i omlag 10 min. Deigen skal vera ganske lett å arbeide med no, så om den ikkje er det, tilsett meir mjøl.

Hev deigen til dobbel størrelse, minst i 30 min! Del så deigen i 5 delar, ca 100 g per del. Rull emna til bollar, og trykk dei flate med handa. Etterhev i minimum 30 min! Pensl så brøda med vatn, og strø over sesamfrø. Dersom deigen har heva seg mykje, kan du trykke brøda litt flatare. Steik i 10-12 minuttt på 225 grader. Følg med dei, så dei vert gyllen, men ikkje brent.

 
  
Til sjølve burgerane treng du:
  • 400 g kjøttdeig
  • 1 egg
  • 1 sjalottløk
  • ein chilli
  • eit fedd kvitløk
  • salt og pepper 
Bland alle ingrediensene i ein bolle, og bland dei godt. Enten med stavmiksar eller kjøkkenmaskin. Steik ein liten prøve, og smak til deretter. Viktig å smake til med meir/mindre krydder og chilli undervegs.

Steik karbonadane i rikelig med smør/olje på middels varme, slik at dei vert gjennomsteikt, men ikkje svir seg.









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar